Beit Fajjar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°37′29.03″N 35°09′20.19″E
Beit Fajjar
بيت فجّار, Bayt Fajjar, Beit Fujar
kommune
Namneopphav: The house of the debauchees[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Betlehem guvernement
Koordinatar 31°37′29.03″N 35°09′20.19″E
Areal 7,9 km²
Folketal 11 004 (2007)
Folketettleik 1 393 / km²
Borgarmeister Umar Abdel Aziz Taqatqa
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg

Beit Fajjar (arabisk بيت فجّار) er ein palestinsk by som ligg åtte kilometer sør for Betlehem i Betlehem guvernement, sentralt på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på over 11 000 i 2007.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein trur Beit Fajjar var ein leirstad for den islamske kalifen Umar ibn al-Khattab.[3]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

Beit Fajjar var hovudsakleg jordbruksområde fram til 1800-talet, då han gradvis fekk eit meir urbant preg.[3]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1863, og skildra han som ein landsby på toppen av ein ås, med kring 400 innbyggjarar. Landsbybuarane gravla framleis sine døde i gravholer i berget, nedanfor landsbyen.[4] I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i «Survey of Western Palestina» Beit Fejjar som ein «liten steinlandsby på ein høg rygg. Han vert forsynt av norke fine kjelder og kjeldebrunnen Wady el Arrub».[5]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga i 1922 hadde Bait Fajjar 766 innbyggjarar, all muslimar.[6] I folketeljinga i 1931 var folketalet i Beit Fajjar tald saman med Umm Salamuna, Marah Ma'alla og Marah Rabah. Det samla folketalet var 1043, framleis alle muslimar, i 258 hus.[7]

I 1945 var folketalet i Beit Fajjar 1 480 arabarar, som eigde 17 292 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[8] 2 572 mål var plantasjar og irrigert land, 2 633 for korn,[9] medan 87 mål var utbygd (urbant) land.[10]

Etter 1948[endre | endre wikiteksten]

Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949, kom Beit Fajjar under Jordan sitt styre, før han i 1967 vart okkupert av Israel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 388
  2. 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.118.
  3. 3,0 3,1 Jerusalem and its environs: quarters, neighborhoods, landsbyar, 1800-1948, Ruth Kark, Michal Oren-Nordheim
  4. Guérin, 1869, s. 301
  5. Conder og Kitchener, 1883, vol. 3, s. 303
  6. Barron, 1923, Table VII, Subdistrict of Betlehem, s. 18
  7. Mills, 1932, s. 35
  8. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 56
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 101
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 151

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]