Nahalin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nahalin
نحالين, Nahaleen
kommune
Namneopphav: Honningsamlarar
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Betlehem guvernement
Koordinatar 31°41′05″N 35°06′57″E / 31.68472°N 35.11583°E / 31.68472; 35.11583
Areal 16,1 km²
Folketal 6 827  (2007)[1]
Folketettleik 424 / km²
Kart
Nahalin
31°41′05″N 35°06′57″E / 31.684722222222°N 35.115833333333°E / 31.684722222222; 35.115833333333
Wikimedia Commons: Nahalin

Nahalin, òg skrive Nahhalin, Nahhaleen eller Nahaleen, (arabisk نحالين) er ein palestinsk landsby i Betlehem guvernement, sørvest for BetlehemVestbreidda. Ordet nahaleen er arabisk for dei som samlar honning frå bier. Landsbyen var kjend for biehald og det finst framleis mange bikubar i Nahalin i dag. Landsbyen er òg lokalt kjend for mandlane sine og oliventre, vindruer, persille og grønsaker, hovudsakleg lauk og bønner.

Landsbyen ligg innafor ein enklave i busetjingsblokka Gush Etzion, omgjeve av dei israelske busetjingane Gvaot, Rosh Tzurim, Neve Daniel og Betar Illit.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein har funne bysantinsk keramikk ved landsbyen.[3]

Dagens Nahalin vart bygd i ruinane av ein mellomalderlandsby.[4] I 1596 stod Nahalin oppført i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 40 muslimske hushaldningar og 16 kristne hushaldningar. Han betalte skattar av kveite, bygg, druesirup eller melasse, og geiter eller bikubar.[5]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1860-åra, og han skildra han som «eit virvar av små hus», med tobakksplantasjar kring.[6] I 1883 skildra Palestine Exploration Fund landsbyen i Survey of Western Palestine som «ein mellomstor landsby, på ein slags naturleg terrasse nedanfor ein rygg, med ein stor dal i nord. I nord ligg det ei kjelde i dalen. Det ligg òg ei kjelde i sør. I aust ligg ein Mukam, med to store eiketre, heilag for Haj 'Aleiyan.»[7]

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Nahhalin eit folketal på 316, fire kristne og 312 muslimar.[8] I folketeljinga i 1931 var folketalet i Nahhalin 440, (tre kristne og resten muslimar), i 98 busette hus.[9]

I 1945 var folketalet i Nahhalin 620, alle arabarar, som eigde 16 144 dekar land i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 1 068 dekar var plantasjar og irrigert land, 4 659 for korn,[11] medan 63 dekar vart utbygd (urbant) land.[12]

Etter 1948[endre | endre wikiteksten]

Den 28. mars 1954 utførte israelarar eit raid mot ein base for den arabiske legionen 4 kilometer utafor Nahalin. Dei israelske styrkane bommba på basen og plasserte sprengladningar og øydela sju hus i landsbyen, mellom anna moskeen[13][14] medan fem personar i nasjonalgarden, tre i legionen og ei kvinne vart drepen, medan 18 sivile, inkludert kvinner og barn, vart skadde.[15][13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.117.
  2. «The Vestbreidda Barrier - Profile: Nahalin Village». UNRWA. February 2006. Henta 13. oktober 2014. 
  3. Dauphin, 1998, s. 919
  4. Nahaline Old Core. The Centre for Cultural Heritage Preservation.
  5. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 118.
  6. Guérin, 1869, s. 119-120
  7. Conder og Kitchener, 1883, s. 26
  8. J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table VII, Subdistrict of Betlehem. 
  9. E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine. s. 36. 
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 57
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 103
  12. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 153
  13. 13,0 13,1 S/3251, arkivert frå originalen 14. juli 2014, henta 1. oktober 2015 
  14. David Tal, Israel's road to the 1956 war, International Journal of Midtausten Studies, Vol. 28, No. 1. (Feb., 1996), s. 59-81.
  15. Cablegram Dated 30. mars 1954 Arkivert 2014-07-14 ved Wayback Machine. Frå Minister for Foreign Affairs of the Hashemite Kindom the Jordan Addressed to the Secretary-General

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]