Husan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°42′35.81″N 35°08′01.90″E
Husan
حوسان, Hussan, Housan
kommune
Husan from Sde Boaz.jpg
Husan
Namneopphav: Venleik
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Betlehem guvernement
Koordinatar 31°42′35.81″N 35°08′01.90″E
Areal 7,1 km²
Folketal 5 511 (2007)
Folketettleik 776 / km²
Borgarmeister Jamal Sabatin
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Husan

Husan (arabisk حوسان) er ein palestinsk by nord for Gush Etzion regionale kommune, ni kilometer vest for Betlehem i Betlehem guvernement. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Husan hadde eit folketal på 5 511 i 2007.[1]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

På arabisk, tyder husan «venleik». Namnet kan òg kome frå Hassan kloster, som seinare vart Husan.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste funna i landsbyen er datert attende til jernalderen. Andre funn er gjort frå tida etter den babylonske eksiltida og frå mellomalderen.[3] Dei opphavlege innbyggjarane kom frå Den arabiske halvøya og Jemen på 200-talet.[2] Ein har òg funne keramikk frå bysantinsk tid.[4]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

Husan, vart som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i skattelister frå 1596, stod landsbyen oppført som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han berre muslimske innbyggjarar med 12 hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, vindruer og frukttre, grønsaker og frukthagar, tilfeldige inntekter, geiter og/eller bikubar.[5]

Då den franske oppdagaren Victor Guérin vitja Husan i juni 1863, skreiv han at han låg på eit fjell.[6] Seinare i august same året, skreiv at han staden berre var busett av eit fåtal innbyggjarar, og at husa låg kring eit tårn.[7]

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Hausan som ein liten steinlandsby på ein flat rygg, med ein bratt dal i nord og ein brunn i sør.[8]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Husan ein muslimsk folkesetnad på 396 innbyggjarar.[9] Dette auka i folketeljinga i 1931 til 540, framleis alle muslimar, i 122 hus.[10]

I 1945 var folketalet 770, alle arabarar, som eigde 7 252 dekar land i følgje ei offisiell landmåling.[11] Av dette var 1 972 dekar for korn,[12] medan 37 dekar vart utbygd (urbant) land.[13]

Etter 1948[endre | endre wikiteksten]

Etter den den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949, var Husan under jordansk styre.

Den 27. oktober 1996 vart ein 10 år gammal palestinsk gutt slegen i hel av ein isarelsk busetjar, medan guten var på veg heim frå skulen. Han døydde av skadane dagen etter.[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.117.
  2. 2,0 2,1 Husan profile
  3. Hussan Old Core The Centre for Cultural Heritage Preservation
  4. Dauphin, 1998, s. 913
  5. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 115
  6. Guérin, 1869, pt. 2, s. 385
  7. Guérin, 1869, pt. 3, s. 383
  8. Conder og Kitchener, 1883, s. 25
  9. Barron, 1923, Table VII, Subdistrict of Betlehem, s. 18
  10. Mills, 1932, s. 36
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 57
  12. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 102
  13. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 152
  14. UN

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]