Chicago X

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chicago X
Studioalbum av Chicago
Språk engelsk
Utgjeve 14. juni 1976
Innspelt September 1975, mars - april 1976 i Caribou Ranch i Nederland, CO
Sjanger Rock
Lengd 38:12
Selskap Columbia
Produsent James William Guercio
Chicago-kronologi 
Chicago IX – Chicago's Greatest Hits
(1975)
Chicago X Chicago XI
(1977)
Singlar frå Chicago X
  1. «Another Rainy Day in New York City»
    Utgjeve: Juni 1976
  2. «If You Leave Me Now»
    Utgjeve: Juli 1976
  3. «You Are on My Mind»
    Utgjeve: Mars 1977
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]

Chicago X er det åttande studioalbumet og det tiande totalt av det amerikanske bandet Chicago, gjeve ut 14. juni 1976. Albumet er meir prega av soul enn dei tidlegare albuma og enda opp som eit vendepunkt i karrieren til bandet, på grunn av ein enkel song.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter innspelinga av Chicago VIII medan dei var utmatta, gjekk ikkje Chicago attende i studio før våren 1976, då dei var utkvilte etter ein lengre pause. Medan dei spelte inn Chicago X, følte bandet at dei laga eit solid album, men likevel følte dei, og særleg produsenten James William Guercio, at det mangla hittar. Robert Lamm sin «Another Rainy Day in New York City», Terry Kath sin «Once or Twice» og James Pankow sin «You Are on My Mind» var sterke nok til å bli singlar, men Guercio ønskte å ha med den nye songen til Peter Cetera, «If You Leave Me Now», på Chicago X. Sjølv om dei andre likte songen godt, meinte dei at han ikkje passa inn stilmessig, sidan han var ein romantisk ballade med strykarar (noko fleire musikkjournalistar var samde i) og derfor ikkje burde vere med på albumet. Songen var ein av dei aller siste som var ferdig, og vart nesten ikkje teken med på det endelege albumet. Bandmedlemmet Walter Parazaider skal ha sagt at då han først høyrte songen på radio medan han reinsa bassenget sitt, så tenkte han først at «det høyrtes ut som McCartney», og forstod ikkje at det var bandet hans sin song.

Guercio overstyrte bandet og tok songen med, og då han vart den første singelen til bandet som nådde toppen av singellista i både USA og Storbritannia, endra det fullstendig ålmenta si oppfatning av Chicago, og Columbia Records kravde fleire Cetera-balladar. Særleg Lamm og Kath var ukomfortabel med denne nye vendinga, og det førte til auka misnøye med kontrollen Guercio hadde over bandet. Dette gjorde at Guercio fekk sparken i 1977.

Chicago X vart gjeven ut 14. juni 1976 til eit lydhøyrt publikum, særleg etter «If You Leave Me Now» hadde blitt ein stor internasjonal hit. Det var det første Chicago-albumet på fleire år som gjekk inn på albumlista i Storbritannia (21. plass), men gjekk berre til tredjeplassen i USA, etter ei rekkje album på toppen av lista tidlegare. Det var første gongen trombonisten James Pankow song solovokal på ein song av Chicago. Dei andre songarane i bandet prøvde seg på «You Are On My Mind», men Pankow følte dei ikkje fekk det til slik han ønskte det, så produsenten Guercio sa, «Syng han du,» og opptaket hans kom med på den endelege versjonen av albumet. Trompetisten Lee Loughnane song òg solovokal på songen hans «Together Again», og både Pankow og Loughnane song solovokal for oppfølgjaren Chicago XI. «You Get It Up» vart sungen av heile bandet i lag, og dermed stod både Seraphine, Parazaider & de Oliveira oppført med «vokal».

Tidleg i 1977 fekk bandet tre Grammy-prisar for Chicago X. To av dei var for «If You Leave Me Now» og ein for plateomslaget, som var eit varemerke for John Berg, som denne gangen likna ein Hershey-sjokolade. Dei var òg nominert til årets album, men tapte for Stevie Wonder sitt Songs in the Key of Life.

I 2002 vart Chicago X remastra og gjeve ut på ny av Rhino Records emd tidlege utgåver av «I'd Rather Be Rich» av Lamm frå Chicago XIV og Kath sin «Your Love's An Attitude» — begge spelte inn i 1975 — som bonusspor.

For sommareturneen i 2007 spelte bandet igjen «You Are on My Mind» med Pankow på vokal, for første gongen sidan 1976-1977.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)vokalLengd
1.«Once or Twice»KathKath3:01
2.«You Are on My Mind»PankowPankow3:24
3.«Skin Tight»PankowCetera3:20
4.«If You Leave Me Now»CeteraCetera3:58
5.«Together Again»LoughnaneLoughnane3:53
6.«Another Rainy Day in New York City»LammCetera3:03
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)vokalLengd
7.«Mama Mama»CeteraCetera3:31
8.«Scrapbook»LammLamm3:28
9.«Gently I'll Wake You»LammLamm3:36
10.«You Get It Up»LammCetera/Kath/Lamm/Loughnane/de Oliveira/Pankow/Parazaider/Seraphine3:34
11.«Hope for Love»KathKath3:04

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Chicago
Andre medverkande

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsert av James William Guercio
  • Lydteknikar: Wayne Tarnowski
  • Asstierande teknikar – Tom Likes
  • Strykarar spelt inn av Armin Steiner ved Sound Labs (Hollywood, CA)
  • Mastra av Doug Sax
  • Plateomslag – John Berg
  • Logodesign – Nick Fasciano
  • Foto – Columbia Records Photo Studio
  • Insidefotografi – Reid Miles

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1976 Pop Album 3

Singlar - Billboard (Nord-Amerika)

År Singel Liste Plassering
1976 Another Rainy Day in New York City Pop Singles 32
1976 Another Rainy Day in New York City Adult Contemporary 2
1976 If You Leave Me Now Pop Singles 1
1976 If You Leave Me Now Adult Contemporary 1
1977 You Are on My Mind Pop Singles 49

Kjelder[endre | endre wikiteksten]