Jonas Pedersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jonas Pedersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. september 1871
Stavanger kommune
Død

21. september 1953 (82 år)

Yrke politikar, jurist
Språk norsk
Politisk parti Venstre

Jonas Pedersen (20. september 18711953) var ein norsk jurist som var amtmann i Nordland frå 1913, eit embete han hadde til han i 1921 vart fylkesmann i Aust-Agder.

Jonas Pedersen var son til Bernt Pedersen i Stavanger, ein kar som i si levetid tid var både bakarmeister, kemner, bankstyrar med meir. Sjølv vart han student i 1889 og offiser frå krigsskulen i 1890. I 1893 vart han cand.jur. og byrja året etter som sakførar før han 1895-98 var sorenskrivarfullmektig i Søre Helgeland. Deretter var han fut i Lofoten og Vesterålen frå 1898 til 1910. I 1910 vart han utnemnd til politimeister i Lofoten og Vesterålen og året etter oppsynssjef ved Lofotfisket. Han var ordførar i representantskapet i Vågan Sparebank frå 1900 til 1913.

År 1913 vart Pedersen amtmann i Nordland, flytta då til Bodø. Også i Bodø tok Pedersen på seg ei rekke verv. Han var medlem av kontrollkommisjonen for Rønvik sinnsjukeasyl frå 1917 til 1922, medlem 1918-22 av styret for Noregs Bank si avdeling i byen og styremedlem for Glomfjord kraftanlegg frå 1920.

Frå 1921 var Pedersen fylkesmann i Aust-Agder. I 1925 vart han formann i Aust-Agder kraftverks styre og i 1928 formann i forstandarskapet for Nedenes Sparebank. Frå 1934 var han formann i tilsynskommisjonen for Sørlandsbanen. Han gjekk av i 1942 etter 21 år som fylkesmann i Aust-Agder. Omtrent samstundes sa han frå seg alle verv han hadde teke på seg.

Pedersen var medlem av heradsstyret i Vågan frå 1902 til 1907, ordførar i Vågan perioden 1911-13. Både 1910-12 og 1913-15 var han varamann til Stortinget for Venstre i Lofoten krins, han møtte i 1914-sesjonen i staden for Edvard Joakimsen. Perioden 1928-30 var han 3. representant frå valkrinsen som omfatta dei åtte bykrinsane i Telemark og Aust-Agder. I 1914 var han medlem av næringskomite nr 2, 1928-30 av finanskomiteen. Pedersen var elles formann i den departementalt oppnemnde Lofotkomiteen av 1909-11.

I 1936 vart Pedersen tildelt St. Olavs Orden. Året etter fekk han Aust-Agder Landbruksselskaps medalje for sitt arbeid for bondenæringa i fylket.

Han døydde i 1953.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914