Kashmir av Led Zeppelin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kashmir
Song av Led Zeppelin
frå albumet Physical Graffiti
Utgjeve 24. februar 1975
Innspelt 1974
Sjanger Hardrock
Lengd 8:29
Selskap Swan Song
Komponist Jimmy Page
Tekstforfattar Robert Plant
Låtskrivar(ar) Page, Plant, Bonham
Produsent Jimmy Page

«Kashmir» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Physical Graffiti, frå 1975. Han vart skriven av Jimmy Page og Robert Plant (med bidrag frå John Bonham) over ein periode på tre år. Teksten vart skrive i 1973.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Songen er bygd opp kring ein akkordprogressjon, som først dukka opp på heimeopptaka til Page.[1] Då bassisten John Paul Jones kom for seint til innspelinga, byrja Page å arbeide på riffet med trommeslagar John Bonham. Dei laga ein demo av songen seint i 1973.[2] Plant la seinare til den midtre delen og tidleg i 1974 la Jones på alle strykarane.[1][2]

Trommene til Bonham har ein phasing-effekt, som gjev basstromma ein tung, drønnande lyd. Plant har sagt at det er tromminga til Bonham som er nøkkelen til songen: «Det var det han ikkje gjorde som gjorde at det fungerte.».[1]

Songen inneheld fleire særeigne musikalske møsnter frå klassisk marokkans, indisk og arabisk musikk. Page forklarte at «eg hadde ein sitar ei stund og var interessert i modale stemmingar og arabiske ting. Det starta med eit riff og så vart det lagt austlege tonar under.»[3]

Blåsarar og strkarar strykarar med elektrisk gitar og mellotron vert òg nytta på songen. Dette er ein av få Led Zeppelin-songar der dei nytta andre musikarar. Studiomusikarar vart henta for å spele strykarane og blåsarane.[2]

Teksten til songen, som opphavleg vart kalla «Driving to Kashmir», vart skriven av Plant i 1973, like etter den nordamerikanske turneen til bandet i eit område kalla «audemarka» sør i Marokko, medan dei køyrte frå Goulimine til Tantan i Sahara.[1][2] Dette trass i at namnet på songen, Kashmir, er ein region nordvest i Himalaya.[4]

Songen er 8:32 lang[5], ei lengd som gjer at radiostasjonar normalt ikkje ville spelt songen. Men etter «Stairway to Heaven», som var nesten like lang, vart songen ofte likevel spela.

Konsertar[endre | endre wikiteksten]

«Kashmir» vart spela på nesten alle konsertane til Led Zeppelin sidan 1975. Ein versjon frå Knebworth i 1979 finst på Led Zeppelin DVD. Dei gjenverande medlemmane spela songen på Atlantic Records 40th Anniversary-konserten i 1988. Han vart igjen spela på gjenforeiningskonserten til Led Zeppelin i The O2, London den 10. desember 2007.

Page and Plant spela inn konsertversjon av «Kashmir» i 1994, som kom ut på albumet deira No Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded. Her hadde dei med seg eit orkester og egyptiske musikarar.

Lovord[endre | endre wikiteksten]

Alle fire medlemmane i Led Zeppelin har omtalt «Kashmir» som ein av dei beste songane deira.[6] John Paul Jones meinte at han inneheldt alle elementa som utgjorde Led Zeppelin.[1] Plant har omtalt «Kashmir» som den definitive Led Zeppelin-songen,[7] og at han var ein av mine favoritt Zeppelin-songar fordi «han inneheld all den latente energien og krafta som ikkje var heavy metal. Det var noko anna. Det var stoltheita til Led Zeppelin.»[3] Page har indikert at han syns songen er ein av dei beste til bandet.[8]

Led Zeppelin-ekspert Dave Lewis skildra «Kashmir» som:

« Utan tvil den mest imponerande songen på Physical Graffiti, og utan tvil den mest progressive og originale Led Zeppelin nokon gong spelte inn. 'Kashmir' gjekk langt i å opprette truverda deira hos elles skeptiske rockekritikarar. Mange reknar songen som det beste dømet på den reine majesteten i den spesielle kjemien Zeppelin hadde.[2] »
Publikasjon Land Lovord År Rangering
Classic Rock USA The Top Fifty Classic Rock Songs of All Time[9] 1995 20
Classic Rock Storbritannia Ten of the Best Songs Ever!!.. (Bubbling under)[10] 1999 23
VH1 USA The 100 Greatest Rock Songs of All Time[11] 2000 62
Rolling Stone USA The 500 Greatest Songs of All Time[12] 2003 140
Blender USA Standout Tracks from the 500 CDs You Must Own[13] 2003 *
Q Storbritannia 1010 Songs You Must Own![14] 2004 *
Q Storbritannia Ultimate Music Collection - Rock[15] 2005 *
Q Storbritannia 100 Greatest Songs of All Time[16] 2006 74
VH1 USA VH1 Greatest Hard Rock Songs[17] 2009 21
JJJ Australia Hottest 100 of All Time[18] 2009 98

(*) uordna lister.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre som har spela songen er London Philharmonic Orchestra under Peter Scholes, Tim Reynolds, Bond, Anathema, William Joseph, Ofra Haza, Lucia Micarelli med Jethro Tull, Maya Beisir, Angra, Kevin Gilbert, Alice in Chains, Alter Bridge, Escala i lag med Slash, Lez Zeppelin og David Garrett.

Samplingar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart sampla med løyve av Sean «Puffy» Combs på songen «Come With Me» for filmmusikken til filmen Godzilla (1998). Jimmy Page, som gav likte versjonen til Combs, spelar i videoen og på framføringa hans på Saturday Night Live.

Opningsriffet på songen «Wake Up» av Rage Against the Machine er tilpassa frå «Kashimir».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Liner notes by Cameron Crowe for The Complete Studio Recordings.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  3. 3,0 3,1 Chris Welch (1994) Led Zeppelin, London: Orion Books. ISBN 0-85797-930-3, s. 76.
  4. Gilmore, Mikal (10 August 2006). «The Long Shadow of Led Zeppelin». Rolling Stone (1006). Arkivert frå originalen 12. desember 2007. Henta 26. mars 2011. 
  5. 'Physical Graffiti' (Led Zeppelin 1975)
  6. Led Zeppelin: The Definitive Biography by Ritchie Yorke
  7. Led-Zeppelin.org. «Led Zeppelin Assorted Info». Arkivert frå originalen 14. mai 2012. Henta 26. mars 2011. 
  8. Dave Schulps, Interview with Jimmy Page Arkivert 2011-08-20 ved Wayback Machine., Trouser Press, oktober 1977.
  9. ROCK SONGS «The Top Fifty Classic Rock Songs of All Time - 1995» Check |url= value (hjelp). Jacobs Media. Henta 26. mars 2011. 
  10. «Ten of the Best Songs Ever!.. (Bubbling under) - September 1999». Classic Rock. Henta 26. mars 2011. 
  11. «The 100 Greatest Rock Songs of All Time - July 2000». VH1. Arkivert frå originalen 12. april 2012. Henta 26. mars 2011. 
  12. «The 500 Greatest Songs of All Time - November 2003». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 1. januar 2005. Henta 26. mars 2011. 
  13. «Standout Tracks from the 500 CDs You Must Own - 2003». Blender. Arkivert frå originalen 15. februar 2012. Henta 26. mars 2011. 
  14. «1010 Songs You Must Own! Q50 – #2: Air Guitar - September 2004». Q. Henta 226. mars 2011. 
  15. «Ultimate Music Collection: Rock - April 2005». Q. Henta 26. mars 2011. 
  16. greatest songs «100 Greatest Songs of All Time - October 2006» Check |url= value (hjelp). Q. Henta 26. mars 2011. 
  17. «VH1 Greatest Hard Rock Songs - January 2009». VH1. Arkivert frå originalen 12. april 2012. Henta 26. mars 2011. 
  18. «Hottest 100 - Of All Time». Australian Broadcasting Corporation. Henta 26. mars 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]