The Ragpicker's Dream

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Ragpicker's Dream
Studioalbum av Mark Knopfler
Språk engelsk
Utgjeve 30. september 2002
Innspelt Ocean Way Studios, Nashville, London, januar-juni 2002
Sjanger Rootsrock, folkrock, blues
Lengd 55:34
Selskap Mercury, Warner Bros. (USA)
Produsent Mark Knopfler, Chuck Ainlay
Mark Knopfler-kronologi 
A Shot at Glory
(2002)
The Ragpicker's Dream Shangri-La
(2004)


The Ragpicker's Dream er det tredje soloalbumet av den britiske musikaren Mark Knopfler, gjeve ut den 30. september 2002 av Mercury Records internasjonalt, og av Warner Bros. Records i USA.[1] Albumet fekk generelt god kritikk då det kom ut.[2]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Albumet er ei samling av songar skriven frå synspunktet til ein fattig, men verdig omvandrande mann, som kjempar seg gjennom livet med stadige små gleder. Knopfler har gjeve albumet eit folkemusikkpreg, utan at han brukar den akustiske gitaren i for stor grad. Den første songen, «Why Aye Man», vart nytta som kjenningsmelodi for den tredje serien av Auf Wiedersehen, Pet som først gjekk på lufta i 2002. Albumet inneheld mange andre referansar til Nordaust-England, som landsbyen Tow Law på «Hill Farmer's Blues».[1]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget syner eit svartkvittbilete av ein mann og ei kvinne som dansar på kjøkenet. Bilete vart teken av Elliott Erwitt og heiter «Spain, Valencia, 1952, Robert and Mary Frank».[3] Biletet er òg nytta som omslaget på to romanar: The Marriage Artist av Andrew Winer (2010, Henry Holt & Company) og Ancient Light av John Banville (2012, Viking).[4]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic62/100 [2]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars [1]
Rolling Stone3/5 stars [5]

I meldinga si for AllMusic gav Hal Horowitz albumet tre av fem stjerner og kalla albumet «eit behageleg, fint og ofte inspirert album som med sin liketil sjarm er best etter fleire gjennomlyttingar».[1] Horowitz skreiv vidare:

« Dei mest minneverdige riffa som dreiv dei mest radiovenlege songane til Dire Straits er byta ut med ein meir landleg stil, og gjer dette til eit perfekt album på ein regnfull sundagsmorgon. Som med sideprosjektet Notting Hillbillies er det ikkje heilt akustisk, men det er likevel lagt vekt på akustisk akkompagnement til dei hovudsakleg balladeprega songane. I staden for dei tradisjonelle soloane, vever Knopfler inn dei slangeliknande gitartonane mellom tekstlinjene. Dette skapar ein spent, skarp kvalitet i sjølv dei mest idylliske songane.[1] »

Horowitz erkjenner breidda og allsidigheita i musikken til Knopfler på albumet: atmosfæren på «Hill Farmer's Blues» og «Fare Thee Well Northumberland», den uakkompagnerte folk/bluesen på «Marbletown», den «svingande rytmen» på den skumle «You Don't Know You're Born», den halvraske «Coyote», den autentiske honky tonk-svingen på «Daddy's Gone to Knoxville», og den Roger Miller-aktige «Quality Shoe». Horowitz blinkar seg ut tittelsporet, som han skildrar som «ei hyllest til amerikansk roots-musikk som han alltid har beundra».[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mark Knopfler[1].

Nr.TittelLengd
1.«Why Aye Man»6:14
2.«Devil Baby»4:05
3.«Hill Farmer's Blues»3:45
4.«A Place Where We Used to Live»4:34
5.«Quality Shoe»3:56
6.«Fare Thee Well Northumberland»6:29
7.«Marbletown»3:33
8.«You Don't Know You're Born»5:20
9.«Coyote»5:56
10.«The Ragpicker's Dream»4:20
11.«Daddy's Gone to Knoxville»2:48
12.«Old Pigweed»4:34
Total lengd:55:34
Bonusplate (var berre tilgjengeleg i Storbritannia og Canada)
Nr.TittelLengd
1.«Why Aye Man» (Konsertopptak frå Shepherds Bush Empire, London, 23. juli 2002)6:48
2.«Quality Shoe» (Konsertopptak frå Shepherds Bush Empire, London, 23. juli 2002)4:01
3.«Sailing to Philadelphia» (Konsertopptak frå Massey Hall, Toronto, 3. mai 2001)7:18
4.«Brothers in Arms» (Konsertopptak frå Massey Hall, Toronto, 3. mai 2001)9:03
5.«Why Aye Man» (videospor)6:48
Total lengd:33:58

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikk
Production
  • Mark Knopfler – produsent
  • Chuck Ainlay – produsent, lydteknikar, miksing
  • John Saylor – lydteknikar
  • Jon Bailey – lydteknikar
  • Jake Jackson – lydteknikar
  • Tony Cousins – mastering
  • Stephen Walker – fotoregi
  • Neil Kellerhouse – fotoregi, design
  • Elliot Erwitt – fotografi (framside)
  • Ken Sharp – fotografi
  • North Bank Fred – fotografi (tog)[6]

Lister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Liste (2002) Plassering
Australia 45
Austerrike 9
Belgia 4
Canada 18
Tsjekkia 66
Danmark 7
Nederland 2
Finland 7
Frankrike 4
Tyskland 4
Ungarn 41
Island 5
Italia 5
New Zealand 8
Noreg 1
Polen 14
Portugal 8
Slovenia 12
Spania 2
Sverige 5
Sveits 5
UK Album Chart 7
US Billboard 200 38

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Organisasjon Nivå Dato
BPI – UK Sølv 11. oktober 2002
IFPI – Sveits Gull 2002
SNEP – Frankrike Gull 11. juni 2003

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Why Aye Man[endre | endre wikiteksten]

Why Aye Man
av Mark Knopfler
Språk engelsk
Utgjeve 16. september 2002
Sjanger rock
Selskap Mercury Records, Warner Records

«Why Aye Man» var den første singelen frå albumet, gjeven ut i september 2002 av Mercury Records i fire CD-versjonar: promosingelen med to versjonar av spor 1, som var ein 3:56 lang radioversjon (Mercury WHYCJ1), ein singel med spor 1 og 2 (Mercury 0639072), ei singel med por 1–3 (Mercury 063913-2), og ein Maxi-singelversjon med spor 1–4 (Mercury 0639082).[7]

Why Aye Man vart nytta som kjenningsmelodi for den tredje sesongen av Auf Wiedersehen, Pet i 2002, og teksten er basert på det same grunnlaget som den opphavlege serien var basert på - ein Geordie-handelsmann under Thatcher-pra, som reiste utanlands for å få seg arbeid i Tyskland.[8]

Innhald
Nr.TittelLengd
1.«Why Aye Man»6:11
2.«Small Potatoes»3:11
3.«So Far Away» (Konsertalbum i Shepherds Bush Empire i London, 23. juli 2002)4:40
4.«Speedway at Nazareth» (Konsertalbum ved Massey Hall i Toronto, 3. mai 2001)7:54
Total lengd:21:56


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Horowitz, Hal. «The Ragpicker's Dream». AllMusic. Henta 20. januar 2015. 
  2. 2,0 2,1 «The Ragpicker's Dream». Metacritic. Henta 20. januar 2015. 
  3. «Elliot Erwin 1952». Magnum Photos. Henta 20. januar 2015. 
  4. «Different Book, Same Cover: Andrew Winer’s The Marriage Artist». OpinionLess. Arkivert frå originalen 20. januar 2015. Henta 20. januar 2015. 
  5. «The Ragpicker's Dream». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 20. februar 2009. Henta 20. januar 2015. 
  6. The Ragpicker's Dream (booklet). Mark Knopfler. Burbank, California: Warner Bros. Records. 2002. s. 7. 948318-2. 
  7. «Why Aye Man». Discogs. Henta 20. januar 2015. 
  8. «Lyrics Why Aye Man, Single: Mark Knopfler». Henta 24. januar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Føregangar
Sea Change
Beck
Toppen av VG-lista
Mark Knopfler

2 veker, veke 41–42, 2002
Etterfylgjar
Kelner!
Odd Børretzen/Lars Martin Myhre