Shangri-La av Mark Knopfler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Shangri-La
Studioalbum av Mark Knopfler
Utgjeve 28. september 2004
Innspelt Shangri-La Studios, Malibu, februar 2004
Sjanger Rootsrock, countryfolk, blues
Lengd 66:14
Selskap Mercury, Warner Bros. (USA)
Produsent Mark Knopfler, Chuck Ainlay
Mark Knopfler-kronologi
The Ragpicker's Dream
(2002)
Shangri-La The Trawlerman's Song
(2005)


Shangri-La er det fjerde soloalbumet til den britiske musikaren Mark Knopfler, gjeve ut 28. september 2004 av Mercury Records internasjonalt og Warner Bros. Records i USA.[1] Shangri-La fekk generelt god kritikk.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I mars 2003 var Knopfler ute for ei motorsykkelulukke i Grosvenor Road i Belgravia, og braut kragebeinet, skulderbladet og sju ribbein.[3] Den planlagde Ragpicker's Dream-turneen vart då kansellert. Knopfler var sju månader borte frå gitaren i fysioterapi,[1] men vart til slutt frisk att og kunne gå i studio og på scenen att i 2004 for det fjerde soloalbumet sitt og turneen som følgde.

Innspelinga[endre | endre wikiteksten]

Shangri-La vart spelt inn i februar 2004 i Shangri-La Studios i Malibu i California.[4]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Songane på albumet følgjer den historieforteljande stilen som Knopfler var kjend for. Den førset singelen frå albumet, «Boom, Like That», var inspirert av sjølvbiografien til Ray Kroc, Grinding It Out, og starten på McDonald's, og nytta mange av uttrykka til Kroc. «Song for Sonny Liston» er ein song om den kjende boksaren Sonny Liston. «Donegan's Gone» handlar om den skotske musikaren og songaren Lonnie Donegan. «5.15 AM» fortel soga om den «einarma bandittmordaren» frå 1967. «Back to Tupelo» handlar om livet til Elvis Presley og skodespelarkarrieren hans. Albumet vart gjeve ut på LP, HDCD og i 5.1 kringlyd på Super Audio CD (SACD) og DVD-Audio.

Turné[endre | endre wikiteksten]

Knopfler la ut på turné etter Shangri-La kom ut. Turneen bestod av tre delar: Sør-Afrika, Asia, Australia og New Zealand; Europa og Nord-Amerika. Turneen starta 28. februar 2005 i Johannesburg i Sør-Afrika og omfatta 104 konsertar i 95 byar, og enda 31. juli 2005 i Vancouver i Canada. Turneen omfatta fem konsertar i Royal Albert Hall i London.[5] Besetninga på turneen var Mark Knopfler (gitar, vokal), Guy Fletcher (klaverinstrument), Richard Bennett (gitar), Matt Rollings (piano), Glenn Worf (bass) og Chad Cromwell (trommer).[5]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic65/100 [2]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg [1]
The Music Box4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg [6]
MusicTap4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg [7]
Rolling Stone3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg [8]

Shangri-La fekk generelt god kritikk.[2] I meldinga si for AllMusic gav James Christopher Monger albumet tre og ei halv av fem stjerner, og skreiv at på dette albumet gjekk Knopfler bort frå britisk folk og keltisk-aktig pop, som prega dei tidlege soloalbuma hans, og valde i staden «storslagne, men rolege og varsame countryfolk-balladar og bluesaktig, mellomraske sørgesongar som gassar seg i den ukarakteristiske sparsamheita si».[1] I staden for å skrive om kampen med dødelegheita si, utanom den ironiske «Don't Crash the Ambulance», brukar Knopfler «den varm barytonen sin og uanstrengte gitaren» til å utforske alt frå situasjonen til den moderne fiskaren (på den vakre og rustikke «Trawlerman's Song»), til entrepenørdugleiken til McDonalds-grunnleggjaren Ray Kroc (på «Boom, Like That»).[1] Monger skriv til slutt:

« Knopfler var sju månader borte frå gitaren i fysioterapi, men den melankolske, langsame tonen er så torvrøykt som han aldri har vore, og hangen til å pakke inn americana-gotisk folk kring tema som er unikt engelske—kolgruvearbeidar, cockney-folk, den einarma banditt-mannen som møter skaparen sin i den atmosfæriske opningslåten «5:15 A.M».—skin gjennom heile vegen. Dynamisk sett går lufta litt ut av Shangri-La etter tre fjerdedelar...men Knopfler-fansen og fans av Chet Atkins, Gordon Lightfoot og J.J. Cale, i tillegg til nattlege pokerspelarar og morgonfuglar med eit syrleg hint, vil finne mykje å like her.[1] »

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mark Knopfler[1]

# Tittel Lengd
1. «5.15 A.M.»   5:54
2. «Boom, Like That»   5:49
3. «Sucker Row»   4:56
4. «The Trawlerman's Song»   5:02
5. «Back to Tupelo»   4:31
6. «Our Shangri-La»   5:41
7. «Everybody Pays»   5:24
8. «Song for Sonny Liston»   5:06
9. «Whoop De Doo»   3:53
10. «Postcards from Paraguay»   4:07
11. «All That Matters»   3:08
12. «Stand Up Guy»   4:32
13. «Donegan's Gone»   3:05
14. «Don't Crash the Ambulance»   5:06
66:14

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikk
Produksjon
  • Mark Knopfler – produsent
  • Chuck Ainlay – produsent, lydteknikar
  • Guy Fletcher – lydteknikar
  • Rupert Coulson – assisterande lydteknikar
  • Bob Ludwig – mastering[9]

Lister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Liste (2004) Plassering
Austerrike[10] 14
Belgia[10] 9
Danmark[10] 4
Nederland[10] 4
Finland[10] 10
Frankrike[10] 5
Tyskland[10] 3
Italia[10] 95
Irish Album Chart[10] 66
Noreg[10] 1
Polen[10] 15
Portugal[10] 21
Spania[10] 6
Sverige[10] 3
Sveits[10] 7
UK Album Chart[10] 11
US Billboard 200[10] 66

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Organisasjon Nivå Dato
BPI – UK Sølv September 27, 2004
IFPI – Sveits Gull 2004
BVMI – Tyskland Gull 2005

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Monger, James Christopher. «Shangri-La». Allusic. Henta 20. januar 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Shangri-La». Metacritic. Henta 21. januar 2015. 
  3. Davies, H. «Rock star hurt in motorcycle crash", The Telegraph, 19. mars 2003
  4. Fletcher, Guy. «Making Shangri La». Henta 21. januar 2015. 
  5. 5,0 5,1 «Shangri-La Tour». Mark Knopfler Info. Henta 20. desember 2012. 
  6. Metzger, John (December 2004). «Mark Knopfler: Shangri-La». The Music Box. Henta 21. januar 2015. 
  7. Bennett, George (11. oktober 2004). «Mark Knopfler: Shangri-La». MusicTap. Henta 21. januar 2015. 
  8. Rolling Stone, 28. oktober 2004.
  9. «Album Notes». Shangri-La (CD insert). Mark Knopfler. Warner Bros. Records. 2004. s. 14. 
  10. 10,00 10,01 10,02 10,03 10,04 10,05 10,06 10,07 10,08 10,09 10,10 10,11 10,12 10,13 10,14 10,15 10,16 «Shangri-La». aCharts. Henta 21. januar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]