Metroland av Mark Knopfler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Metroland
Filmmusikkalbum av Mark Knopfler
Utgjeve 23. mars 1999
Innspelt Sarm West Studios, London, 1998–1999
Sjanger Filmmusikk, jazz, rock
Lengd 44:37
Selskap Vertigo, Warner Bros. (USA)
Produsent Mark Knopfler, Chuck Ainlay
Mark Knopfler-kronologi 
Wag the Dog
(1998)
Metroland Sailing to Philadelphia
(2000)


Metroland er eit filmmusikkalbum av den britiske songaren og gitaristen Mark Knopfler, gjeve ut 23. mars 1999 av Vertigo Records internasjonalt og Warner Bros. Records i USA. Albumet består av musikk skriven for filmen Metroland i 1997, regissert av Philip Saville.[1]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Instrumentalspora, som var skriven og spelt inn for filmen av Knopfler, var me då setje stemninga og utheve dei forskjellige personlegdomane til hovudrollene,[2] og filmmusikken endrar atmosfæren medan filmen går fram og attende mellom Paris tidleg i 1960-åra og forstadane i London i 1977.[3] I Paris-scenane vert det nytta musikk av Françoise Hardy, Django Reinhardt og Quintette du Hot Club de France, med somme seine 70-talsklassikarar frå The Stranglers, Dire Straits, Hot Chocolate og Elvis Costello som høver for denne perioden.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars [1]

Albumet fekk generelt god kritikk. I meldinga si for AllMusic gav Chuck Donkers albumet tre av fem stjerner, og skreiv at musikken til Knopfler «fint bringer fram den vemodige og nostalgiske atmosfæren i filmen».[1] I meldinga si for Los Angeles Times skreiv Kevin Thomas at Knopfler hadde laga «stemningsskapande musikk».[4] I meldinga si for The New York Times skreiv Janet Maslin at ein av dei sterkaste sidene ved filmen var «den fine, uttrykksfulle musikken» til Knopfler.[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All musikk vart skriven og framført av Mark Knopfler, utanom der andre er nemnde.[1][6]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Metroland Theme (Instrumental)» 2:27
2.«Annick» 3:01
3.«Tous les Garçons et les Filles» (Françoise Hardy)Françoise Hardy, Roger Samyn3:06
4.«Brats» 2:39
5.«Blues Clair» (Django Reinhardt)Django Reinhardt3:01
6.«Down Day» 1:51
7.«A Walk in Paris» 1:36
8.«She's Gone» 1:28
9.«Minor Swing» (Quintette du Hot Club de France)Django Reinhardt, Stéphane Grappelli3:13
10.«Peaches» (The Stranglers)The Strangers4:05
11.«Sultans of Swing» (Dire Straits) 5:45
12.«So You Win Again» (Hot Chocolate)Russ Ballard4:22
13.«Alison» (Elvis Costello)Elvis Costello3:22
14.«Metroland» 4:41
Total lengd:44:37

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikk
Produksjon
  • Mark Knopfler – produsent
  • Chuck Ainlay – produsent
  • Andrew Gallimore – assistant produsent
  • Denny Purcell – mastering på Georgetown Masters i Nashville
  • Jonathan Russell – mastering assistent
  • Don Cobb – digital redigering
  • Rick Lecoat – design
  • Mark Leialoha – fotografi (Mark Knopfler)
  • Peter Mountain – fotografi (filmbilete)[1][6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Donkers, Chuck. «Metroland». AllMusic. Henta 19. januar 2015. 
  2. Metroland movie review review by Harvey Karten
  3. "The film flips back and forth between the Beatlemania-era of the early '60s and their suburban period of the '70s"
  4. Los Angeles Times, Movie Review; Metroland
  5. Maslin, Janet (9. april 1999). «Delusions Of a Failed Bohemian». The New York Times. Henta 24. november 2012. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Metroland (booklet). Mark Knopfler. Burbank, California: Warner Bros. Records. 1999. s. 13. 947006-2. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]