Mitzpe Ramon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mitzpe Ramon
מִצְפֵּה רָמוֹן
lokal kommune
Nabolag oppom Ramonkrateret
Land  Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Høgd 839 moh.
Koordinatar 30°36′29″N 34°48′11″E / 30.608°N 34.803°E / 30.608; 34.803
Areal 62,875 km²
Folketal 4 922  (2012)
Folketettleik 78 / km²
Grunnlagd 1951
Borgarmeister Flora Shoshan
Kart
Mitzpe Ramon
30°36′46″N 34°48′06″E / 30.612777777778°N 34.801666666667°E / 30.612777777778; 34.801666666667
Wikimedia Commons: Mitzpe Ramon
Nettstad: http://www.mitzpe-ramon.muni.il/

Mitzpe Ramon (hebraisk skrift מִצְפֵּה רָמוֹן, tyder Ramonutsikta) er ein by i Negevørkenen i Det sørlege distriktet i Israel. Namnet Ramon kjem frå det arabisk «Ruman» som tyder romarar.[1] Han ligg langs nordkanten av ei høgd på 860 meter over havet, ovanom eit stor dalbotn kalla Ramonkrateret. I 2009 hadde Mitzpe Ramon eit folketal på 4 789.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mitzpe Ramon vart grunnlagd i 1951 som ein arbeidarleir for arbeidarane som bygde vegen til Eilat. Dei første permanente innbyggjarane var immigrantar frå Nord-Afrika og Romania, som slo seg ned der i 1960-åra, og han vart den sørlegaste utviklingsbyen i Negev.

Geologi og klima[endre | endre wikiteksten]

Ramonkrateret, kjend som ein makhtesh, er 38 km langt, 6 km breitt og 450 meter djupt.[3] Mitzpe Ramon har varme, tørre somrar og kalde vintrar. Det er moderat til kraftig vind året rundt på grunn av plasseringa på kraterkatanten, noko som gjer at Mitzpe Ramon kjennes svalare ut enn han er. Det kan kome snø med nokre få års mellomrom.

Vêrdata for Mitzpe Ramon (1916-2007)
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 24,4 26,4 30,4 35,6 37,2 37,6 39,7 38,2 37,8 36,2 29,6 28,2 39,2
Gjennomsnittleg maks °C 12,7 13,7 16,9 23 26,8 29,3 30,7 30,6 28,6 24,9 19,3 14,8 22,6
Gjennomsnittleg min °C 5,9 5,9 7,7 11,8 14,7 16,8 18,4 18,5 17,2 15,2 11,4 7,8 12,6
Lågast målte °C −2,4 −2,2 −0,4 −0,8 6 10,8 13,4 14 11,9 9,4 2,6 1 −2,4
Gjennomsnittleg nedbør mm 18,9 14,7 12 4,9 1,3 0 0 0 0,1 4,6 6,5 13,7 76,7
Gns. dagar med regn 6 4,9 4,1 1,7 0,5 0 0 0 0,1 0,9 2,3 4,6 25,1
Kjelde: Israelsk meteorologiske institutt,[4][5]
Panorama of Mitzpe Ramon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for Mitzpe Ramon frå Wikivoyage