Klemet Erland Hætta
Utsjånad
Klemet Erland Hætta | |||
| |||
Fødd | 2. februar 1973 | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Norske Samers Riksforbund | ||
Yrke | politikar | ||
Verv | Ordførar i Kautokeino 2003-2015 | ||
Føregangar | Jan Ole Buljo | ||
Etterfylgjar | Johan Vasara | ||
Alle verv |
Klemet Erland Hætta (fødd 2. februar 1973) er tidlegare ordførar i Kautokeino kommune for Samefolkets parti. I perioden 2005-2009 var han sametingsrepresentant for Norske Samers Riksforbund, og i dei to føregåande periodane var han vararepresentant. Han var innvald frå Kautokeino valkrins. I 2017 kom han inn på Sametinget att, som fast møtande representant for Aili Keskitalo, som er sametingspresident. Der er han medlem i plan- og finanskomitéen.
Hætta er busett i Masi[1] og jobbar som direktør ved Studentsamskipnaden i indre Finnmark.[2]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Klemet Erland Hætta» på nettstaden til NRK Sameradioen
- ↑ «Ansatte - Sis-Finnmárkku studeanttaid ovttastus», www.siif.no, arkivert frå originalen 16. mai 2016, henta 8. juli 2019