Kvinnheradsdialekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvinnheradsdialekt
Tala på: Vestlandet
Kommune: Kvinnherad
Klassifisering: Vestlandske målføre


Husnes er dialekten påverka av dei mange innflyttarane i samband med industriutbygginga.

Kvinnheradsdialekt, eller kvinnhersmål, er ei grein av sunnhordlandsdialekten, som høyrer inn under sørvestlandsk, og som igjen høyrer til vestlansk. Sørvestlandsk strekkjer seg frå Indre Sogn til Lindesnes. Dialekten i Kvinnherad er eit utprega a-mål med a-endingar både i infinitiv (å bera) og i ei rekkje andre former. Eit like karakteristisk drag er endinga -o i hokjønn, bunden form eintal (solo, viso). Den er typisk for det meste av Sunnhordland, men avgrensar mot Rogaland (solå, viså) og mot Hardanger (sole, viso). Talemålet til dei unge er i dag prega av regionalisering, dvs. at bygdemåla blir meir like på talemålet i dei næraste byområda.[1] Men nokre trekk ved bygdemåla er likevel svært robuste.

Vanlege kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

A-endingar[endre | endre wikiteksten]

  • Infinitiv på –a: å bera, å kasta.
  • Svake hokjønnsord endar på –a i ubunden form eintal: ei jenta, ei fela, ei gata, ei diskobula.
  • Den svake adjektivbøyinga har –a i hokjønn og inkjekjønn: den gamle bil'n, den gamla kåno, da gamla huse, dei gamle huso. Denne bøyinga gjeld også rekkjetal: den fjere bil'n, den fjera kåno, da fjera huse.
  • Ei rekkje mykje brukte ordformer endar på a der e-mål har e (nynorsk-formene i parentes har også e). Pronomen/determinativ: da (det), detta (dette), denna (denne) samma (same). Adverb: ofta (ofte), lika (like), jedna (gjerne), heima (heime). Preposisjon: onda (under). Talord: fira (fire), åtta (åtte), hondra (hundre).
  • A er bindevokal i mange samansetjingar der e-mål har e: noralåfte (nordeloftet), Søra-Valo, svinasteik (svinesteik), heimalagt (heimelaga), badnadåp (barnedåp), Bjødnabøle (Bjørnebøle), Ulvanåso (Ulvenåso), Englafjedl (Englefjell).

O-endingar[endre | endre wikiteksten]

  • Hokjønnsord har o-ending i bunden form eintal: solo, viso. Når endingane her er like, kallar vi det udelt hokjønn, eit trekk som er felles med dialektane i Ryfylke og på Jæren, men her heiter det solå og viså. Hardanger har delt hokjønn: sole, viso.
  • O-ending er det også i inkjekjønn, bunden form fleirtal: skipo, eplo og i avvikande bøyingsformer som: skono (skorne), teno (tærne), kleno (kleda).
  • Nokre ordformer følgjer same mønsteret: mjydlo (mellom), jøno (gjennom), i måro (i morgon), stondo (stundom).

Andre trekk[endre | endre wikiteksten]

  • ”Tjukke” lydar som dn og dl er også eit markert trekk. Former som bådn (born) og kådn (korn) er eit resultat av differensiasjon, medan formene fjedl (fjell) og fidna (finna) kjem av såkalla segmentasjon.
  • Æ-lyden har i mange ord blitt til ein tydeleg e: lerar (lærar), blåber (blåbær), pera (pære), serlig (særleg). Nokre ord får dermed samanfallande uttale: ei veska kan tyda både ei væske og ei veske.
  • Det er innskotsvokal (e) i presens av sterke verb og verb av telja-klassen: fidne (finn), kjeme (kjem), skrive (skriv), tele (tel). Like eins i hankjønn og hokjønn i den sterke adjektivbøyinga: ein fine bil (ein fin bil), ei goe kaka.
  • Konsonantsambandet ld blir uttalt med ein tydeleg d i slutten av ord som kveld, land, sekund.
  • Skarre-r dominerer mellom dei som er fødde etter 1950. Dei som er eldre har for det meste rulle-r. Skarre-r-en har ein noko mjukare uttale enn i Bergens-området.
  • Mjuk k og g i innlyd: bakkje (bakke), bokjo (boka), stakkjen (stakken), heljo (helga). Dette er ei form for palatalisering. Sør i kommunen har dei også tradisjonelt mjuk g i ord som hajen (hagen), skojen (skogen).[2]
  • Stavingsberande konsonantar er vanlege: vat'n, jent'n'e (jentene), bil'n (bilen), stei'dn (steinen), e'n (enden), ho'n (hunden), mo'n (munnen), ma'n (mannen), sko'dn (skoen), put'l (småarbeid).[3]
  • Opphavleg a blir ofte uttala å føre ng: månge (mange), långe (lange), ei tång (ei tang).
  • Stutt u blir ofte uttala o: Sonde (Sunde), onda (under), Ondareim (Undarheim), rond (rund), tong (tung), fon'dn (funnen), torr (turr), homla (humle), knorr (knurr).[4]
  • Spørjeord: ka (kva), kin/kim (kven), koss (korleis), koffår (kvifor), kass (kva slags), kor (kvar), ka ti (kva tid).

Indre skilnader[endre | endre wikiteksten]

Dei indre dialektskilnadene følgjer delvis dei gamle kommunegrensene. Nokre er knytte til inndelinga i kyrkjesokner. Eit yngre tilskot til dialektvariasjonen utgjer tettstaden Husnes, som fekk stor tilflytting frå ulike delar av landet då Sør-Norge Aluminium AS vart etablert på 1960-talet. Men grensene er ikkje skarpe, og talemålet på Husnes ser ut til å tilpassa seg resten av kommunen.

Ei av dei mest markerte dialektgrensene går mellom den såkalla «vi-øya» i Rosendalsområdet og resten av kommunen, der folk seier me. «Vi seie vi, vi», hermer me-folka. Vi-området strekkjer seg frå og med Løfallstrand til og med Uskedalen, og tilsvarar den gamle kyrkjesokna. Kan den vesle «vi-øya» midt i «me-havet» vera eit resultat av «naturleg vokster» frå norrøn tid? Ragnvald Guddal fortel at dette spørsmålet vart drøfta på eit møte på Seimsfoss i 1960. Professor Per Tylden, som har forska på overgangen frå vi til me, var med på møtet. Han svara at «det trudde han ikkje». Guddal konkluderte med at kvinnheringane må leva med vi-forma, «men me-folket bør halda god grensevakt, at ikkje vi-formi spreider seg».[5]

Den nordlege delen av kommunen var også tidleg ute med å innføra hard g etter lang vokal. Her heitte det hagen og skogen, ikkje hajen og skojen. I eit område sør i kommunen som omfattar Åkra, Matre, Utåker, Sandvoll, Valen, Fjelberg og delar av Halsnøy har dei halde lenger på mjuk g i slike ord, slik dei også har gjort både sør og nord for Kvinnherad.[6]

I den sørlegaste delen av kommunen har dei også hatt tjukke endingar i fleirtalsformer som gutadne og jentedne, eit drag dei har til felles med kommunane lenger sør.[7]

Ein del av det såkalla r-beltet strekkjer seg inn i Kvinnherad. Dette gjeld dei delane som høyrde til gamle Skånevik kommune, nemleg Åkra, Baugstranda, Utåker og Sandvoll. Her kan ein høyra fleirtalsformene gutar og jenter. I det meste av Kvinnherad elles seier ein guta og jente.

Halsnøy-målet er påverka av målet på Stord på fleire måtar. Her seier mange og med ein tydeleg o (for adverbet òg), medan ein elles i Kvinnherad seier åg. Dei seier også stein, der uttalen elles i Kvinnherad er nærmast stæin. På Varaldsøy har dei tradisjonelt hatt den Hardanger-påverka forma stain.

Fjelberg skil seg ut med forma de (det), som dei har felles med områda lenger sør. Dette er eit markert trekk i forhold til resten av kommunen, der forma da står sterkt både mellom eldre og yngre. De e de de e, blir det herma etter fjelbergbuen (Det er det det er).

Eldre trekk[endre | endre wikiteksten]

Framleis kan ein mellom eldre høyra den særprega vokalen open o (ȯ), særleg i dei nordlegaste bygdene på begge sider av fjorden. Denne vokalen ligg mellom å og ø, og liknar mykje på vokalen i det engelske ordet «hurt». Døme på ord med open o er stȯva, fȯlk og stȯrm. Lyden skilde mellom fleire ordpar som i dag har fått lik uttale t.d. måse (ein fugl) og mȯse (ei plante). På 1970-talet brukte framleis mange av dei som budde frå Bringsdalsbygda og nordetter open o. Lenger sør var han erstatta av ein å-lyd (skriven o). Avisa Hørdafylket fekk i si tid denne namneforma fordi ein ville prøva å ta vare på den opne o-en.[8]

Rundt år 1900 var det rulle-r i det meste av Sunnhordland ifølgje legen og dialektgranskaren Christian Vidsteen på Stord. «...kun i en del af Kvindherred findes gutturalt r, hvilket vist (ligesom det der alm. brugte «vi» istf. «me») er opstaaet ved Smitte fra de Danske paa Rosendals Baroni». Men skarre-r var også på veg inn på Leirvik. «Ved Smitte fra de om Sommeren Talrige Byfolk har formodentlig ogsaa den hele opvoksende Ungdom paa Strandstedet Lervig paa Stord nu faaet det samme skurrende r, - ofte til Forældrenes store Misnøye».[9] Sidan har skarre-r eller "kråkemålet", som det noko nedsetjande vart kalla, gått sin sigersgang over heile kommunen som i resten av Sunnhordland. Den nye r-en spreidde seg truleg frå Bergen og Stavanger. Men uttalen vart noko mjukare her enn i Bergensområdet. Rulle-r blir i dag i hovudsak brukt av dei som er fødde før 1950.

For nokre ti-år sidan var det vanleg å høyra «tjukke» former som jymber, kamb og lamb.[10] Både mellom unge og vaksne heiter det no for det meste jymmer, kam, lam.

Det minkar også på skikken med å bruka personnamn i bunden form. Det kunne vera førenamn eller etternamn, og det følgde ofte med ei opplysning om kvar personen budde. Dette var ei form som uttrykte at ein hadde eit bygdenært forhold til personen. Døme: Halvar'n i Vikjo, Olaven i Hauen - eller berre Anno, Nils'n, Per'n, Tys'n, Kaldestad'n. Personnamn i bunden form er også kjent frå bergensk.

Nyare trekk[endre | endre wikiteksten]

Talemålet mellom dei unge syner mange nye trekk. Innverknaden kjem helst frå nærliggjande bynære område. Trekk ved målet på Haugalandet synest å «driva med vinden» nordover. Bergensområdet har kanskje også ein viss innverknad. Dei fleste endringane fører til at dialektskilnadene i forhold til dei sentrale områda blir slipte bort. Slik sett er det snakk om ei regionalisering. Likevel held mange karakteristiske trekk ved kvinnheradsdialekten seg godt, som t.d. a- og o-endingane.

Dei tjukke lydane dl og dn er i ferd med å bli borte. Dei unge seier fjell, korn, finna, ikkje fjedl, kådn, fidna.

Mjuk k og g er på veg ut. Dei unge seier boko, bakke, helgo, ikkje bokjo, bakkje, heljo. I same gata er vel overgangen frå j til g i ord som selga, velga, der ein før sa selja, velja.

Sjølv om kj-lyden i stor grad har falle saman med sj-lyden i Bergensområdet, ser den førebels ut til å halda seg mellom dei unge kvinnheringane. Mange synest samanfallet er «teit». Det heiter framleis kjyssa, kjøra, kjyr (ikkje sjyssa, sjøra, sjyr). Men nokre vaklar mellom kj og sj.

Presens av a-verb og verb med blanda bøying[11] har fått e-ending mellom dei unge. Det heiter eg kaste, betale, meine (eldre seier: eg kasta, betala, meina). Sidan ein stor del av verba høyrer til desse gruppene, blir det eit svært markert trekk ved talemålet. Det er kjent frå Haugalandet, og truleg breier det seg derifrå og nordover i Sunnhordland. E-endinga er elles kjend frå Odda-dialekten og medverkar til å skilja mellom presens og preteritum av a-verb.[12]

Det er i det heile mykje endring og vakling når det gjeld verb-bøyinga. Mange unge brukar desse formene av verbet å koma: å kåmma - kåmme - kåm - har kåmt (eldre: å kåmma - kjeme - kåm - har kåmme). Mange unge seier: Å væra - e - va - har vært (eldre: å vera/vara - e - va - har våre). Når dei går seier dei snakkes, ikkje snakkast.

Adjektiv og adverb på -lig har mist g-en. Det heiter no særli, hyggeli, ærli.

Æ-lyden synest å koma i staden for e-lyden i ord som å væra, lærar, bær mot før vera, lerar, ber. Vokalen æ er med andre ord på veg inn att i mange ord. Dette må anten vera påverknad frå Bergen eller frå den austnorske dialekten som dominerer i media.

Ei typisk austnorsk form har slått gjennom over alt, nemleg furu for eldre fora.

Kvinnheradsdialekten, norrønt og islandsk[endre | endre wikiteksten]

Kvinnheradsdialekten, som sørvestlandsk i det heile, har mange drag til felles med norrønt. Det mest tydelege er kanskje a-infinitiven, som går direkte attende til nørrønt. Dei andre norske dialektane har ulike former for reduksjon av endevokalen i inifinitiv. Det vil seia at den er omforma til ein slapp e eller er heilt borte. I austlandske dialektar har a-en halde seg i jamvektsord, t.d. å væra, men er blitt til e i overvektsord, t.d. å kaste. Også på Færøyane og Island har dei halde på a-endigane i infinitiv.

Dei «tjukke» lydane, som i orda kådn og fidna, har kome til etter norrøn tid. Det merkelege er at ein finn same utviklinga på Færøyane og Island. Islendingane synest å halda på dei tjukke lydane, i motsetning til kva vi gjer. Eit døme er vulkanen Eyafjallajökull, som var mykje i norske media i samband med utbrotet i april 2010. Den islandske uttalen, som også austlandske nyheitsopplesarar prøvde seg på, er Eiafjadlajøkudl.

Særprega ord og uttrykk[endre | endre wikiteksten]

  • an´døva - å ro slik at båten ligg i ro i vind og straum
  • barkakjyle - strupehovud (kjent frå Mauranger)
  • gudla´badne («Å gudla´badne!») - gullbarnet, om eit kjært barn
  • gå heim å vågg for en... - kraftuttrykk
  • feien - glad
  • furast på - lura på, undrast på
  • rotbløyta (ei) - kraftig fyllekule (eigentleg ei skikkeleg regnskur)
  • snåpen - vakker, godt laga
  • sorten («Da vart no sorten») - seiemåte når ein har fått lite fisk
  • sullna - bli svimmel
  • tuttlite - gløymsken, dement
  • tvituttla (ei) - tvekjønna person
  • badl - slitsamt, ork
  • tråskådle - dørkarm
  • vadlasletta - sludd, slaps
  • rutlete - gløymskjen, vasete

Særprega namn[endre | endre wikiteksten]

  • Gygrastolen - fjell nord om Rosendal
  • Tviløypo - todelt øy sør om Vetla-Lauvøyo
  • Ulvanåso - fjell i Uskedalen

Lenkjer til andre sider[endre | endre wikiteksten]

Facebook-side med ord og uttrykk frå Kvinnherad

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sandøy 1990, s. 85. Sjå også Skjekkeland 1997, s. 22.
  2. Guddal 1975, s. 34.
  3. Guddal 1975, s. 22.
  4. Guddal 1975, s. 18.
  5. Guddal (hefte, utan år), s. 15.
  6. Guddal 1975, s. 34.
  7. Guddal 1975, s. 56.
  8. Guddal 1975, s. 14 og s. 25-27.
  9. Vidsteen 1900, s. XVI.
  10. Guddal 1975, s. 42.
  11. Sandøy 1993, s. 103.
  12. Sandøy 1993, s. 103