Satellite of Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Satellite of Love
Singel av Lou Reed
frå albumet Transformer
B-side «Vicious»
Utgjeve februar 1973
Sjanger Rock
Lengd 3:42
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) Lou Reed
Produsent David Bowie og Mick Ronson
Lou Reed-kronologi
«Walk on the Wild Side»
(1972)
Satellite of Love «Vicious»
(1973)


«Satellite of Love» er ein av dei mest kjende songane til Lou Reed frå solokarrieren hans. Det er den andre singelen frå albumet hans Transformer frå 1972. Singelen vart ikkje særleg suksessrik då han kom ut, men har seinare vorte ein slager på konsertane og samlealbuma hans.

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Songen er om ein mann som observerer ein satellittoppskyting på fjernsynet og tenkjer over det Reed skildrar som den «verste forma for sjalusi» om den utru kjæraste hans. Refrenget er:

I watched it for a little while
I love to watch things on tv
Satellite of love
Satellite of love

David Bowie, som produserte albumet, syng korvokal på songen.

Sjølv om det ofte vert rekna som ein solosong av Reed, vart han opphavleg spelt inn av The Velvet Underground. Bandet spelte songen på konsertar og spelte han inn i 1970 under innspelinga av Loaded, men som mange av songane spelt inn på denne tida, kom han ikkje med på albumet. Velvet Underground-versjonen var i stor grad ukjend eller gløymd fram til han kom ut på plateboksen Peel Slowly and See i 1995. Han finst òg på dobbelplateutgåva av Loaded frå 1997.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]