Lørenskog kommune
Lørenskog kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Akershus | ||
Adm.senter | Kjenn | ||
Areal | 70,55 km² | ||
• land | 67,29 km² | ||
• vatn | 3,26 km² | ||
Folketal | 48 188 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Amine Mabel Andresen (H) | ||
Kommunenr. | 3222 | ||
Lørenskog 59°53′56″N 10°57′51″E / 59.898888888889°N 10.964166666667°E | |||
Kart som viser Lørenskog kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Lørenskog | |||
Nettstad: www.lorenskog.kommune.no |
Lørenskog er ein kommune i Akershus fylke. Kommunen grensar i nord mot Lillestrøm kommune, i aust til Rælingen, i sør til Enebakk og i vest til Oslo. Motivet i kommunevåpenet er eit vasshjul.[1]
Kommunen blei skild ut frå Skedsmo som eigen kommune i 1908.[2] På den tida var Lørenskog mest kjent for ei stor del romanifolk (taterfolk) som budde der[3] og som hytteområde for Oslo-folket. Kommunen hadde 40 000 innbyggere i 1. kvartal 2019.[4]
Kommunen har eit areal er på 71 km². Store delar av kommunen i sør omfattar lørenskogdelen av den utbyggingsvera Østmarka. Dei aller fleste innbyggjarane bur derfor nord i kommunen. Gardsbruk tek opp plassen imellom. Kommunen har gått frå å vera ein jordbrukskommune til å bli ein urban forstad til Oslo. Tendensen skaut fart på 1980-talet, då kommunen fekk bygga både dagens Lørenskog Storsenter (Triaden) og Metro-senteret som trekk til seg kundar frå heile Oslo og Romerike-distriktet.
Kjende personar frå Lørenskog
[endre | endre wikiteksten]- Elisabeth Granneman (1930-1992), revyartist
- Rolf Løvland (f. 1955), komponist
- Henning Berg (f. 1969), fotballspelar
- Thomas Alsgaard (f. 1972), skiløpar
- John Carew (f. 1979), fotballspelar
- Marte Huke (f. 1974), lyrikar
- Marit Larsen (f. 1983), popartist
- Marion Ravn (f. 1984), popartist
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Lørenskog kommune - Kommunevåpen, arkivert frå originalen 31. august 2014, henta 12. september 2020
- ↑ Lørenskog kommune - Korte fakta om Lørenskog kommune, arkivert frå originalen 28. juli 2012, henta 12. september 2020
- ↑ Thor Gotaas (2000). «Taterne : livskampen og eventyret». Andresen & Butenschøn. s. 320.
- ↑ «Kommunefakta Lørenskog». ssb.no (på norsk bokmål). Henta 22. august 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Lørenskog kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 12. september 2020.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Lørenskog kommune (Offisiell nettstad)