Mas-ha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°06′28″N 35°03′06″E
Mas-ha
مسحة, Mas-ha
kommune
Mas'ha.jpg
Mas'ha, frå den ulovlege israelske busetjinga Elkana
Namneopphav: Grushaldig jord[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Salfit guvernement
Koordinatar 32°06′28″N 35°03′06″E
Folketal 2 003 (2007)
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Mas-ha

Mas-ha (arabisk مسحة) er ein palestinsk landsby i Salfit guvernement nord på Vestbreidda, 37 kilometer sørvest for Nablus. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde han eit folketal på 2 003 i 2007.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Masha stod oppført på osmanske skattelister i 1596 som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 5 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, tilfeldige inntekter, geiter og bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[3] Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1870, og estimerte at han hadde 300-350 innbyggjarar, og fikentre langs landsbygrensa.[4] I 1882vart Mes-ha av «Survey of Western Palestina» skildra som «ein ganske stor landsby med eit høgt, sentralt hus, men delvis i ruinar. Han får vassforsyning frå cisterner og husa er av stein.»[5]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Mas-ha (kalla Masha) eit folketal på 80, alle muslimar,[6] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 20 busette hus og eit folketal på 87, igjen alle muslimar.[7] I 1945 var folketalet 110, medan det samla landarealet var 8 263 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[8] Av dette var 1 612 for plantasjar og irrigert land, 2 482 for korn,[9] medan 18 mål var klassifisert som utbygde område.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 239
  2. 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s. 112.
  3. Hütteroth and Kamal Abdulfattah, 1977, s. 131.
  4. Guérin, 1875, s. 145 ff
  5. Conder og Kitchener, 1882, s. 286
  6. Barron, 1923, Table IX, UnderNablus sanjak, s. 26
  7. 1931 Det britiske mandatet Census s. 63.
  8. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 60
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 107
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 157

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]