Michael Gambon (fødd 19. oktober1940) er ein irsk skodespelar.
Michael Gambon er kjend for å spele Albus Humlesnurr i dei seks siste Harry Potter-filmane. Han overtok denne rolla frå Richard Harris, som gjekk bort etter innspelinga av den andre filmen. Elles har Gambon mellom anna spelt Philip Marlow i BBC-serien The Singing Detective og Jules Maigret i ITV-serien Maigret frå 1990-talet.