Micky Waller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mick Waller)
Hopp til navigering Hopp til søk
Micky Waller
Fødd6. september 1941(1941-09-06)
FødestadHammersmith, London, England
Død29. april 2008 (66 år)
DødsstadLondon, England
FødenamnMichael Waller[1]
OpphavStorbritannia
Aktiv1960–2008
Sjangerblues
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarJeff Beck Group
The Steampacket
The Flee-Rekkers
Cyril Davies
Brian Auger and The Trinity
Rod Stewart
Verka sommusikar

Michael Waller (6. september 194129. april 2008)[1][2] var ein engelsk trommeslagar, som spelte med mange kjende britiske rocke- og bluesartistar etter han vart profesjonell musikar i 1960.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Waller vart fødd i Hammersmith i London.[1] Det første bandet hans, The Flee-Rekkers, fekk ein hit med «Green Jeans» i 1960 då denne nådde 23. plassen på UK Singles Chart.[3] Han slutta kort tid etter og vart medlem av Joe Brown and the Bruvvers.[1]

I juli 1963 vart han med i Cyril Davies R&B All Stars med Cyril Davis og Long John Baldry. Waller slutta då Davies døydde i januar 1964 og Baldry tok over og bandet vart Hoochie Coochie Men. Waller byrja så å spele med Marty Wilde som medlem av The Wildecats.[1] Waller spelte òg på to konsertturnear med Little Richard i Storbritannia.[4]

Etter ein kort periode med Georgie Fame and The Blue Flames, vart han med Brian Auger i The Trinity,[1] og kort tid etter byrja Long John Baldry. I april 1965 vart gruppa utvida med Rod Stewart og Julie Driscoll og utvikla seg til å bli The Steampacket.[1] I 1967 spelte Waller eit par konsertar med John Mayall's Bluesbreakers[1] men vart kort tid seinare erstatta av Keef Hartley.

I august 1967 byrja Waller å spele med Jeff Beck Group, i lag med den tidlegare bandkollegaen Rod Stewart.[4] I 1969 drog Waller til Venice Beach i Los Angeles for å skipe bandet Silver Metre med gitaristen Leigh Stephens frå Blue Cheer, Pete Sears på bass og klaverinstrument og Jack Reynolds som songar. Dei spelte inn eitt album.[5] I 1969 spelte Waller òg på debutalbumet til Rod Stewart, An Old Raincoat Won't Ever Let You Down, [6] og spelte òg på seinare album av Stewart, inkludert hitsingelen «Maggie May».[1]

I 1971 byrja Waller å spele med bluesbandet til Long John Baldry. Tidleg i 1980-åra var Waller medlem av Terry Smith Blues Band. Waller har òg spelt med The Walker Brothers, Cat Stevens, Eric Clapton, Bo Diddley, Dusty Springfield og Paul McCartney.[4]

Waller døydde av leversvikt[4][2] i London den 29. april 2008, 66 år gammal.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 1,9 «The Dead Rock Stars Club». Thedeadrockstarsclub.com. Henta 15. januar 2011. Some sources give his date of death as 29. april 2008. Other sources, including an obituary in The Guardian, listed his stage name spelling as Mickey Waller 
  2. 2,0 2,1 Mason, Peter (28. mai 2008). «Obituary: Mickey Waller». The Guardian. Henta 30. mai 2018. 
  3. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 205. ISBN 1-904994-10-5. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Mickey Waller: Drummer with the Jeff Beck Group who was a familiar face on the 1960-åra music scene». The Guardian. 28. mai 2008. Henta 16. januar 2011. 
  5. Eyries, Patrice, David Edwards and Mike Callahan. (21. oktober 2005). National General Album Discography. Both Sides Now Publications. Henta 30. mai 2018.
  6. «The Rod Stewart Album by Rod Stewart». Barnesandnoble.com. 31. mars 1998. Henta 30. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]