Tony Newman
Utsjånad
| Tony Newman | |||
| Fødd | 17. mars 1943 (82 år) | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Southampton | ||
| Opphav | Storbritannia | ||
| Sjanger | rock | ||
| Instrument | Trommer | ||
| Verka som | musikar | ||
Richard Anthony «Tony» Newman (fødd 17. mars 1943 i Southampton i Hampshire) er ein engelsk trommeslagar. Han har spelt i banda Sounds Incorporated, May Blitz, Three Man Army og T. Rex, Boxer og har i tillegg arbeidd med Jeff Beck, David Bowie,[1] Donovan, Mick Ronson, Gene Vincent, Crystal Gayle og Smashers.
Han spelte på Donovan sin «Barabajagal» (1968),[2] samt Jeff Beck-albumet Beck-Ola (1969). For David Bowie spelte han på albumet Diamond Dogs i 1974 og den påfølgjande nordamerikanske turneen hans, inkludert ei innspeling i Tower Philadelphia gjeven ut som David Live.[1] Newman var ein av trommeslagarane som spelte på filmmusikken til The Who-filmen Tommy.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tony Newman (drummer)» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: