Never Can Say Goodbye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Never Can Say Goodbye
Singel av Jackson 5
frå albumet Maybe Tomorrow
B-side

«She's Good»

Språk engelsk
Utgjeve 16. mars 1971
Innspelt Juni 1970
Hitsville West, Los Angeles
Sjanger Soul
Lengd 2:58
Selskap Motown
Låtskrivar(ar) Clifton Davis
Produsent Hal Davis
Jackson 5-kronologi 
«Mama's Pearl»

(1970)

Never Can Say Goodbye «Maybe Tomorrow»

(1971)


«Never Can Say Goodbye» er ein song skriven av Clifton Davis og opphavleg spelt inn av The Jackson 5. Songen vart opphavleg skriven med tanke på The Supremes, men Motown meinte at songen høvde betre for Jackson 5. Han vart gjeven ut på singel i 1971 og vart ein av dei mest suksessrike songane til bandet. Songen har blitt spelt inn mange gonger, mellom anna i 1974 av discodivaen Gloria Gaynor og i 1987 av den britiske popgruppa The Communards.

The Jackson 5[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga består av ein 12 år gammal Michael Jackson som syng ein seriøs song om kjærleik, akkompagnert av brørne sine. Sjølv om ei slik innspeling var uvanleg for ei tenåringsgruppe, låg «Never Can Say Goodbye» tre veker på andreplassen på Billboard Pop Singles-lista, bak Three Dog Night sin «Joy to the World» (8.-22. mai 1971). Songen gjekk til topps på Billboard Black Singles-lista i USA.[1] I Storbritannia nådde singelen 33. plassen på UK Singles Chart. Ein alternativ versjon (live-opptak frå Flip Wilson Show frå 1971 med eit ekstra parti) vart gjeven ut på Jackson 5-plata I Want You Back! Unreleased Masters i 2009. Songen vart framført på Flip Wilson Show (4. november 1971), The Jackson 5 Show (5. november 1972), TUPI (1974), One More Time (10. januar 1974), Johnny Carson Show (4. april 1974), Cher Show (16. mars 1975) og The Jacksons TV Series (7. juli 1976).

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
US Billboard Hot 100 2
US Cash Box Top 100 1
Canada[2] 14
UK 33

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
US Billboard Hot 100[3] 40
US Cash Box[4] 11

Gloria Gaynor-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Never Can Say Goodbye
Singel av Gloria Gaynor
frå albumet Never Can Say Goodbye
B-side

«We Just Can't Make It»

Språk engelsk
Utgjeve 27. oktober 1974
Innspelt 1974
Sjanger
Lengd 6:19
Selskap MGM
Låtskrivar(ar) Clifton Davis
Produsent
Gloria Gaynor-kronologi 
«Honey Bee»

(1974)

Never Can Say Goodbye Reach Out, I'll Be There (1975)


Ein annan suksessrik versjon vart spelt inn som ein discolåt av Gloria Gaynor i 1974. Denne versjonen nådde niandeplassen på den amerikanske poplista og 34. plassen på Soul Singles-lista.[5] Gloria Gaynor-versjonen vart ei av dei definerande innspelingane i disco-perioden. Versjonen hennar nådde andreplassen på singellista i Storbritannia og tredjeplassen i Canada, og gjorde det betre enn Jackson 5-versjonen i dei landa.

Gaynor-versjonen vart gjeven ut på MGM og var produsert av Disco Corporation of America, eit produksjonsselskap som vart skipa av Meco Monardo og Tony Bongiovi. Med på produksjonen var òg Jay Ellis og Harold Wheeler.[6]

Gaynor er kanskje mest kjend for hitten «I Will Survive» men Gaynor-versjonen av «Never Can Say Goodbye» var songen som låg på toppen på den aller første Dance/Disco-lista som vart trykt i Billboard. Never Can Say Goodbye var òg tittelen på debutalbumet til Gaynor, der singelen vart henta frå.

Gaynor-versjonen av songen er nytta i videospelet Just Dance 2015.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974–75) Plassering
Canada 3
UK 2
AUS 1
U.S. Billboard Hot 100 9
U.S. Billboard Adult Contemporary[7] 11
U.S. Billboard Dance/Disco 1
U.S. Cash Box Top 100 8

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
Canada[8] 50
U.S. Billboard Hot 100[9] 71
U.S. Cash Box[10] 79
UK[11] 38

The Communards-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Never Can Say Goodbye
Singel av The Communards
frå albumet Red
B-side

«'77, The Great Escape» (7")

«Tomorrow» [Remix] (U.S. 12")
Språk engelsk
Utgjeve 1987
Sjanger Hi-NRG[12]
Lengd 4:30 (7" 45 RPM)

4:53 (album) 7:50 (12") 7:50 og 5:35 (CD Maxi)

Selskap London (UK) / MCA Records (U.S.) / Metronome (Germany)
Låtskrivar(ar) Clifton Davis
Produsent Stephen Hague

Remiks og ytterlegare produksjon av Shep Pettibone

The Communards-kronologi 
«Tomorrow»

(1987)

Never Can Say Goodbye «For a Friend»

(1988)


I 1987 hadde det britiske bandet The Communards ein hit med ein Hi-NRG-versjon av songen, frå det andre albumet deira Red.

Versjonen deira nådde fjerdeplassen på UK Singles Chart, 51. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100, og andreplassen på Billboard Hot Dance/Disco-lista i USA. Gruppa hadde nådd toppen av desse listene i 1986 med ein versjon av ein annan 70-talsklassikar, «Don't Leave Me This Way».

The Communards-versjonen vart nytta i episoden «Father's Day» av Doctor Who, som var sett til 1987. Han vart òg nytta i den siste episoden av Whites, med eit dansenummer[13] av Stephen Wight og i nyare tid som kjenningsmelodi til den britiske komiserien Vicious.

Musikkvideoen for songen vart regissert av Andy Morahan.[14]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen er blitt spelt av mange andre artistar, som Isaac Hayes, Grant Green, Andy Williams, Junior Walker, The Supremes (i 1971),[15] Smokey Robinson (i 1973),[16] Cal Tjader, David T. Walker, The Sandpipers, Rahsaan Roland Kirk, Johnny «Hammond» Smith, Herbie Mann, Yazz, Sheena Easton, Gerald Albright, Sonny & Cher, David Benoit, Westlife, The Impact of Brass og Matchstik «The Mj Tribute».

Isaac Hayes spelte først inn songen i 1971 for albumet Black Moses. Han gav songen ut på singel og versjonen hans nådde femteplassen på Billboard R&B-lista, 19. plassen på Easy Listening-lista og 22. plassen på Hot 100. Hayes spelte inn at songen for filmmusikken til Soul Men i 2008, der han spelar i lag med Samuel L. Jackson og Bernie Mac. Filmprodusentane dediserte 2008-versjonen til både Mac og Hayes, sidan begge døydde før prosjektet var ferdig.

Vanessa Williams spelte songen i 2005 for albumet Everlasting Love. George Benson spelar på versjonen hans.

I 2008 spelte pianist David Benoit ein versjon for albumet Heroes[17][18] og saksofonisten Gerald Albright på albumet Sax for Stax.[19][20]

Dianna Agron spelte songen i 2012 i TV-serien Glee.[21]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Jackson 5[endre | endre wikiteksten]

Gloria Gaynor[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 287. 
  2. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». collectionscanada.gc.ca. 
  3. «Top 100 Hits of 1971/Top 100 Songs of 1971». 
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 26. juni 2015, henta 17. august 2016 
  5. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 226. 
  6. «Meco Monardo». DiscoMusic.com. 
  7. http://www.billboard.com/charts/adult-contemporary/1975-01-04
  8. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». collectionscanada.gc.ca. 
  9. «Top 100 Hits of 1975/Top 100 Songs of 1975». Musicoutfitters.com. Henta 3. juli 2014. 
  10. http://50.6.195.142/archives/70s_files/1977YESP.html
  11. «Top 100 1975». top-source.info. 
  12. Betts, Graham (2014). Motown Encyclopedia. «Never Can Say Goodbye – The Jackson 5 [Single]»: AC Publishing. ISBN 978-1-31144-154-6. 
  13. arkivkopi, arkivert frå originalen 30. mai 2012, henta 17. august 2016 
  14. Garcia, Alex S. «mvdbase.com - the Communards - «Never can say goodbye»». Music Video DataBase. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 17. august 2016. 
  15. «Whosampled». 
  16. «Allmusic». 
  17. «Heroes overview». Allmusic.com. 
  18. «Heroes : David Benoit : Concord Music Group». Concord Music Group. 
  19. «Sax for Stax overview». Allmusic.com. 
  20. «Gerald Albright - Sax for Stax». Smooth-jazz.de. 
  21. Chaney, Jen (31. januar 2012). «'Glee' by the musical numbers: Maxing out on Michael Jackson». The Washington Post (Katharine Weymouth). Henta 17. august 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]