Niels Norman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Niels Norman
Niels Norman.JPG
Fødd 27. desember 1770
Død

3. april 1836

Niels Norman (også skrive Nils Normann) (27. desember 17703. april 1836) var ein norsk prest og stortingsmann, fødd i Trondheim.

Norman var son til ein handelsmann i Trondheim. Sjølv studerte han teologi i København og vart cand.theol. i 1796. Frå 1797 til 1803 var han lærar ved den høgre skulen i fødebyen, deretter var han sokneprest i Tranøy i 15 år. Sidan var han sokneprest i Leikanger i Sogn, før ferda gjekk vidare til Asker prestegjeld i 1822.

Norman kom til Leikanger i 1816. Der fekk han i gang skulestellet og oppretta eit folkebibliotek. Frå 1819 fekk han på plass grendemennene, eit nettverk med moralens tilsynsmenn - ein i kvar grend. Deretter oppretta han ein arbeidsanstalt der fattige fekk ull til å arbeide med, for slik å innskrenke tigginga. Biskop Claus Pavels tok fram dei store lovorda då han vitja Leikanger i 1819. Han skreiv at han fann dei moralske tilhøva i prestegjeldet uavlastelege. Regjeringa innstilte Norman som Pavels sin etterfylgjar i bispestolen, men kongen utnemnde Jacob Neumann til ny biskop. Norman vart i staden utnemnd til den nye biskopen sin etterfylgjar som sokneprest i Asker.

Norman var 2. representant for Finmarkens amtStortinget 1815-16. På tinget var han medlem av ei 15-16 komitear. Mellom anna var han med i kyrkjekomiteen, og i komiteane som drøfta sal av embetsgardar, om kongetiend i Østerdalen, og allmugen sin rett til å kjøpe soknekyrkjer.

I 1824 var Norman fyrste varamann til Stortinget frå Akershus amt. Han døydde som sokneprest i Asker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]