Hopp til innhald

Leikanger prestegjeld

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Prestar i Leikanger)
Leikanger kyrkje og prestegard fotografert av Anders Beer Wilse i 1941.
Leikanger, fotografert av Per Olav Bøyum i 2006.
Erik Nordal, sokneprest 1618-1658, måla av Elias Fiigenschoug i 1641.
Jens Bugge, sokneprest 1658-1684, og kona Christine Dorothea Skjelderup måla av Elias Fiigenschoug i 1661.
Baldersteinen med Leikanger kyrkje i bakgrunnen, måla av Hans Leganger Reusch tidleg på 1800-talet.
Fresvik kyrkje fotografert av Anders Beer Wilse i 1941.
Feios kyrkje fotografert av Jan-Magne Rinde i 2008.
Tjugum kyrkje (1610-1862) måla av Thomas Fearnley i 1839.
Fjærland kyrkje fotografert av Tore Sætre i 2012.

Leikanger prestegjeld var eit stort prestegjeld i Sogn som omfatta Leikanger hovudsokn (i noverande Leikanger kommune) og annekssoknene Feios, Fresvik og Vangsnes (i noverande Vik kommune), Tjugum (i noverande Balestrand kommune) og Fjærland (i noverande Sogndal kommune). Prestegjeldet høyrde til Indre Sogn prosti. Leikanger har hatt 29 prestar etter reformasjonen. To av dei vart nesten biskopar, og ein vart statsråd. Den lengstsitjande er Jens Engelsøn (42 år) og den med kortast tid i kallet er Hans Arctander (1 år).

Prestar i Leikanger før 1536

[endre | endre wikiteksten]

Jon Røg var den siste katolske og fyrste lutherske presten i Leikanger. Ein kjenner ikkje andre prestar i katolsk tid, forutan ein Hr. Otto.

Prestar i Leikanger 1537-1848

[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare stod det fire kyrkjer i noverande Leikanger sokn, og alle hadde sin eigen prest. Ved reformasjonen tok Leikangerpresten over dei tre kyrkjene på Hamre, Henja og Njøs, som så vart nedlagde i tida mellom 1544 og 1686. Det var på 1500- og 1600-talet prestegjeldet voks og etter kvart femnde om storparten av Midtre Sogn.

ÅrNamn
1522-1552Jon Røg (d. 1569)
1550-1565Erik Loss (d. 1589)
1565-1607Jens Engelsøn
1607-1617Hans Kruse (d. 1625)
1617-1618Hans Nielsen Arctander (d. 1618)
1618-1658Erik Nordal (1591-1658)
1658-1684Jens Bugge (1631-1684)
1685-1718Samuel Bugge (1663-1718)
1719-1750Iver Iversen Leganger (1680-1750)
1750-1764Gerhard Geelmuyden (1704-1764)
1764-1782Ole Bernhoft Friis (1727-1782)
1783-1789Niels Frantzsøn Wolff (1741-1789)
1789-1816Anders Daae (1758-1816)
1816-1822Niels Norman (1770-1836)
1823-1839Peter Johan Norman (1779-1839)
1840-1848Søren Wilhelm Thorne (1804-1878)

Prestar i Leikanger 1849-1999

[endre | endre wikiteksten]

Leikanger prestegjeld vart delt i 1849, slik at soknene Vangsnes, Tjugum og Fjærland vart skilde ut som Balestrand prestegjeld. Dette skjedde på skiftet etter Søren Wilhelm Thorne, slik at den nye presten vart sokneprest i Leikanger, medan kapellan Harald Ulrik Sverdrup vart sokneprest i Balestrand.

ÅrNamn
1849-1869Johan David Haslund (1812-1849)
1870-1878Iver Olaus Widerøe (1824-1916)
1878-1884Jakob Sverdrup (1845-1899)
1884-1896Jakob Walnum (1851-1925)
1897-1923Fredrik Vilhelm Bull-Hansen (1852-1923)
1923-1960[a]Sverre Daae (1890-1968)
1960-1965Einar Bjorvand (1916-1984)
1965-1975Oddmund Hjermann (f. 1921)
1975-1985Bjarne Imenes (f. 1948)
1986-1988Einar Hansen (f. 1948)
1989-1990Tore Wigen (f. 1940)
1990-2007Kjell Sæter (f. 1951)
  1. Daae var permittert frå 1945 til 1952. I mellomtida gjorde Nils Ruset vikarteneste som sokneprest.

Prestar i Leikanger etter 1999

[endre | endre wikiteksten]

1. august 1999 vart soknene Feios og Fresvik overførte frå Leikanger til Vik prestegjeld, i tråd med dei nye kommunegrensene frå 1992. Etter dette var Leikanger prestegjeld identisk med Leikanger sokn, fram til ordninga med prestegjeld vart avskaffa i 2004. Etter dette er prestane tilsette i prostia. Kjell Sæter heldt fram som sokneprest i Leikanger, og i tillegg fekk han Norum sokn i Sogndal kommune som ein del av sitt tenesteområde. Då han gjekk over i stillinga som prostiprest i Indre Sogn prosti i 2008, vart han etterfylgd av Egon Askvik som sokneprest i Leikanger og Norum.

ÅrNamn
2008-2016Egon Askvik (1958-2016)
2017 - Vegard Bondevik Lie

Kapellanar i Leikanger

[endre | endre wikiteksten]

Sokneprestane i det store prestegjeldet har halde seg med kapellanar sidan Erik Nordal si tid. Til å byrja med var det snakk om personelle kapellanar, som dei løna sjølve. Mellom kapellanane er namna Bugge, Leganger og Daae gjengangarar. Nokre av desse vart seinare sokneprestar i Leikanger eller granneprestegjelda. Ein av desse var Ludvig Daae, som seinare vart prest og kyrkjeeigar i Lindås. Ein annan var Jørgen Johan Ibsen (1724-1801), personellkapellan 1754-1761 og bror til Henrik Ibsen sin tippoldefar.

Leikanger Residerende Kapellani

[endre | endre wikiteksten]

Leikanger Residerende Kapellani vart oppretta i 1742. Stillinga som residerande kapellan vart teken bort då prestegjeldet vart delt i 1849.

ÅrNamn
1764-1775Jakob Jersin
1776-1785Magnus Wigeboe
1785-1789Anders Daae
1789-1793Casper Junghans
1793-1796Johan Peter Cappelen
1796-1797Leonard Irgens
1797-1805Hans Rasmus Astrup
1805-1814Niels Andreas Boserup
1814-1823Ludvig Daae
1823-1829Ledig grunna mangel på søkjarar
1829-1835Fredrik Geelmuyden
1835-1839Truls K. Koch
1839-1844Jacob Andreas Lindeman
1845-1849Harald Ulrik Sverdrup