Norske folkeskrifter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Norske folkeskrifter var ein populærvitskapleg serie av småhefte som byrja å kome i 1902. Han vart oppstarta av Studentmållaget i Oslo og Noregs Ungdomslag som eit motstykke på landsmål til Johan Sørensens sin store serie Bibliothek for de tusen hjem frå 1887. Seinare tok Noregs Boklag over som utgivar.

Dei fleste hefta var på 30-40 sider, og kosta i starten 10-30 øre. Humanistiske emne dominerte, men serien spreidde og folkeopplysning om praktiske emne og utvikla og spreidde nynorsk fagterminologi på mange område. I første hefte skriv Idar Handagard om Krægda (morbilli). Og i nr 2 skriv Arne Garborg om Ivar Aasen.

Mange andre kjende nynorskbrukarar er mellom forfattarane:

Norske folkeskrifter etter nummer[endre | endre wikiteksten]

  1. Idar Handagard: Krægda (morbilli) (ukjend år)
  2. Arne Garborg: Ivar Aasen (1902, 2. oppl. 1903, 4. oppl. 1923)
  3. Eugéne Hanssen: Livskaar og arbeidskaar for bondeungdomen (1902)
  4. Halvdan Koht: Gamalnorske eventyr um Oden og Tor (1902)
  5. Tore Gjære: Naar det vert lite høy (1902, 2. oppl. 1904, 3. oppl. 1909)
  6. Moltke Moe: Sophus Bugge og mytegranskingarne hans (1903)
  7. N. Ødegaard: Mjølk og smør (1903, 2. oppl. 1904)
  8. Hulda Garborg: Norske folkevisor, I (1903, 2. oppl. 1903, 3. oppl. 1904, 4. oppl. 1905, 6. oppl. 1910, 7. oppl. 1912, 8. oppl. 1917)
  9. Bjarni Jónsson: Bokavlen paa Island i vaare dagar (1903)
  10. Ellen Key: Gjer heimen din fager! (1903, 2. oppl. 1904, 3. utgåva 1923)
  11. Grunnlov og riksakt 1903 (1903, 2. oppl. 1905)
  12. Frimann Koren: Alkoholen og helsa (1903)
  13. Hulda Garborg: Norsk klædebunad (1903, 2. oppl. 1905)
  14. J. O. Ashamar: Bærtre og bærdyrking (2. oppl. 1906)
  15. Oddmund Vik: Ole Bull (1904)
  16. Lars Kinsarvik & Halvdan Koht: Gamal norsk prydkunst (1904, 2. oppl. 1907)
  17. Ivar Nesheim: Um gjødsel (1904, 2. oppl. 1905)
  18. Ungdomen og skogen (1904, 2 upplag)
  19. Norske folkevisor, II (1904, 2. oppl. 1908, 3. oppl. 1912, 4. oppl. 1917)
  20. Hagbard Emanuel Berner: Livskaari i Norig (1904)
  21. Lars Eskeland: Norsk salmesong. Elias Blix. (1904; 2. oppl. 1905)
  22. Marius Hægstad: Norsk maalsoga for skule og heim (1904; 3. oppl. 1916, 4. oppl. 1924)
  23. Ola Svinndal: Hønestell (ukjend år, 3 upplag)
  24. Anders Hovden: Per Sivle (ukjend år, 4. oppl. 1939, 5. oppl. 1944)
  25. Kristofer Janson etter Max Müller: Ein øysterlendsk religionslærar i vaare dagar (1905)
  26. Ingebr. Five: Um mjølking (ukjend år)
  27. Erik Givskov: Eit 4000-aars rike (1905)
  28. Vetle Vislie: Aasmund Vinje (ukjend år)
  29. Andreas Aubert: Farge og norsk folkekunst (1906)
  30. Fredrik Voss: Trygding mot arbeidsløysa (ukjend år)
  31.  Ikkje utgjeven
  32. Sven Moren: Kunst i arbeid og i heimen (1906)
  33.  Kongeriket Norigs grunnlov og Lov um manntal og Stortingsval (1906)
  34. N. Gjeldsvik: Fred og forsvar (1906. 3 opplag)
  35. Hulda Garborg: Matstell paa Landsbygdi (1907)
  36. Mikkjel Lønning: Mynsterjordbruk i Danmark (ukjend år)
  37. Laurits Haug: Pass på tennene dine (ukjend år)
  38. Nikolaus M. Gjelsvik: Det fredlyste grensebelte (1907)
  39. Joannes Patursson: Frå Færøyane (ukjend år, 2. auka utgåve 1925)
  40. B. Th. Anker: Den norske folkekyrkja (1907)
  41. Torgeir Bjørnaraa: Soga om ljoskrafti (1908)
  42. N. Gjeldsvik: Nationalt sjølvstende og millomfolkelegt samarbeid (ukjend år)
  43. Karen Grude Koht: Kvinnearbeid (ukjend år)
  44. H. Norby Olsen: Um engdyrking (1908)
  45. Kongeriket Noregs grunnlov (ukjend år)
  46. Gerhard Gran: Joh. Seb. Welhaven (1909, 2. utgåva 1922)
  47. G. Armauer Hansen: Utviklingslæra eller Darwinismen (ukjend år)
  48. Torgeir Bjørnaraa: Soga um Darwin (1909)
  49. Nikolaus M. Gjelsvik: 1814 og 1905, særleg fraa ein folkerettsleg synsstad (1909, 2. umarbeidde utgåva 1923)
  50. Chr. L. Lange: Rett og fred millom folki (ukjend år)
  51. Ivar Nesheim: Heimeavla fôr (1910)
  52. Severin Eskeland: Rasmus Løland (1910)
  53. Hulda Garborg: Rousseau (1910)
  54. Erik Eggen: Edvard Grieg (ukjend år, 2. auka utgåva 1925)
  55. Sigurd Enebo: Stjernegransking i gamal og ny tid (1911)
  56. Arne Garborg: Leo Tolstoi (1911, 2. upplaget 1924)
  57. Lov um folkeskulen på landet (ukjend år)
  58. Reidar Sveen: Peter Dass og diktingi hans (ukjend år)
  59. Joh.L. Lofthus: Svinet (1912)
  60. Halvdan Koht: Arbeidsrørsla av 1848 i Noreg (ukjend år)
  61. Rasmus Stauri: Grundtvig (ukjend år, 2. upplaget 1925)
  62. Knut Liestøl: Norsk folkedikting (1914; 2. utg. 1922; 3. utgåva 1937)
  63. Oluf Kolsrud: Olavskyrkja i Trondheim (1914)
  64. Knut Vik: Korndyrking (ukjend år)
  65. Jakob Sverdrup: Maal og maalskyldskap (1916)
  66. B.Th. Anker: Martin Luther (1917)
  67. Oddmund Vik: Elektrisitet i bygdene (1920)
  68. Norske folkeviser III (ukjend år)
  69. Erik Eggen: Norsk musikksoge (1923)
  70. Anton Fridrichsen: Kyrkjestriden og folkekyrkja (1925)
  71. Kr. Østberg: Dugnad (ukjend år)
  72. Sigurd Bjørgsvik: Sansane våre (ukjend år)
  73. C.H. Herford: Shakespeare (1926)
  74. Gunnar Skavlan: Jarnvegsoga (1926)
  75. Eiliv Skard: Sokrates (1927)
  76. Eiliv Skard: Fascismen. Marsen mot Rom. (1927)
  77. Sigurd Eskeland: Rettleiding i amatørfotografering (1930)
  78. Knut Vik: Potetdyrking (1930)
  79. Inge Krokann: Olav Aukrust (2. utg. 1944)
  80. J.H. Kåsa: Stell godt med skogen! (1934)
  81. Arne Bergsgård: Demokrati og diktatur (1934; ny utg. 1938; 3. oppl. 1940, 4. oppl. 1946)
  82. Arne Bergsgård: Styringa i bygder og byar før formannskapslovene (1937)
  83. Håkon Leira og Sigmund Moren: Ungdomen og helsa (1939)
  84. Johs. A. Dale: Finland (1940)
  85. Rolf Thesen: Arne Garborg og det norske folket (1940, 2. utgåva 1944)
  86. Eirik Øverås: Snorre Sturlason (1941)
  87. B.S. Tranøy: Industrireisinga i Noreg (1943)
  88. Rolv Thesen: Olav Duun (1946)
  89. Kristoffer Sælid: Frilyndt ungdomsarbeid i 75 år (1946)
  90. B.S. Tranøy: Torskefisket og ymse andre sjøfiske
  91. Olav Dalgard: Det Norske Teatret 1913-1953 (1953)
  92. B.S. Tranøy: Sildefisket (1953)
  93. Olav Midttun: Norske folkeviser i leik og dans (1958; 2. utg. 1969, 2. oppl. 1974)
  94. Ingvar Seland: Bibel og kristendom (1959)
  95. Knut Liestøl: Ivar Aasen (1963)
  96.  

Serien vart avslutta i 1964 med skrift nr. 96.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]