Norske mellomalderbyar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Norske mellomalderbyar er byar i Noreg som kan føra historia si attende til mellomalderen. Basert på grav- og skattefunn har det vore teoriar om at ein kaupang frå vikingtida kan ha vore lokalisert i Vikkilen i Grimstad i Aust-Agder. Fleire norske byar som voks fram i mellomalderen har i høve nyare arkeologiske undersøkingar vorte grunnlagd kring år 1000, og kanskje noko tidlegare. Det gjeld Trondheim, truleg òg Oslo, medan Bergen truleg er ein yngre by enn desse. Arkeologar har prøvd å påvisa busetnad frå tidleg 1000-tal i Tønsberg, medan Stavanger og Borg (Sarpsborg) ikkje er undersøkt. Bispebyane Hamar og Stavanger vart først omtala som byar på 1100-talet. Konghelle, Marstrand og Uddevalla ligg i dag i Bohuslen Sverige. Vágar i Hålogaland, Kaupanger i Sogn, Borgund på Sunnmøre, Veøy i Romsdal og Steinkjer i Nord-Trøndelag var høvesvis små, og vart meir eller mindre folketome i seinmellomalderen.

Bylivet[endre | endre wikiteksten]

Dei breiaste gatene blei i Noreg kalla allmenningar eller strete. Dei smale gatene som gjekk mellom husa blei i Noreg kalla smug eller veite.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]