Potuar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nyctibiidae)
Potuar
Dvergpotu, Nyctibius bracteatus
Dvergpotu, Nyctibius bracteatus
Utbreiing
Utbreiinga av Potuar
Utbreiinga av Potuar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Potuar Nyctibiiformes
Familie: Potufamilien Nyctibiidae
Slekt: Potuar Nyctibius
Vieillot, 1816

Dei sju fugleartane i den biologiske slekta Nyctibius utgjer òg heile familien potuar, Nyctibiidae. Familien er neotropisk, det vil seie han er endemisk for tropisk del av Amerika. Til forskjell frå ekte natteramnar som dei har nært slektskap til, så manglar potuar fjørbustar rundt nebbet. Potuar er nattfuglar og insektetarar. Om dagen sit dei på ein trestubb kamuflert som ein del av stumpen. Dei legg eitt flekka egg på toppen av ein slik trestump.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Nordpotu, Nyctibius jamaicensis
Foto: dominic sherony
Fløytepotu, Nyctibius griseus
Foto: Chiswick Chap

Potuar er særs lite framståande i utsjånad, alle artane i familien liknar òg kvarandre. Skildringar i ornitologisk litteratur kommenterer den uvanlege utsjånaden deira.[1]

Potuartane varierer mellom 21 og 58 cm i kroppslengd. Dei liknar oppreiste natteramnar, samt froskemunnar, fuglar med kraftigare kroppsbygging og større nebb i Australasia. Potuar har store hovud for kroppsstorleiken og lange venger og halar. Det store hovudet er dominert av eit massivt breitt nebb og enorme auge. I handsaminga av familien i Handbook of the Birds of the World, skildrar Cohn-Haft potuar som knapt nok meir enn ein flygande munn med auge.[1] Om nebbet er stort og breitt, er det òg kort, og det er uvanleg med ei unik «tann» i framkant av den øvre kjeven som kan brukast ved beiting. I motsetnad til dei nært nærskylde natteramnane, manglar potuar fjørbust rundt nebbet. Bein og føter er svake og vert berre for brukt til å sitje stille.

Auga er store, endå større enn hos natteramnar. Nett som andre nattaktive fuglar, reflekterer auga lys frå lyskjelder.[2] Auga, som kan vere synlege for potensielle åtakarar på dagtid, har uvanlege spaltar i augeloka[3] som tillèt potuar å føle rørsler sjølv når augeloka er lukka. Fjørdrakta deira er kamuflerande, det hjelper dei å gli i eit med trestammen dei sit på.

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Leveområdet for potuar spenner frå Mexico i nord til Argentina i sør, med størst mangfald i Amazonasbassenget der ein finn fem artar. Dei finst i alle sentral- og søramerikanske land bortsett frå Chile. Dei finst òg på tre karibiske øyar: Jamaica, Hispaniola og Tobago. Potuar er generelt særs stillesitjande. Alle artar finst i fuktige skogar, sjølv om nokre få òg lever i tørrare skogar.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Potuar er aktive nattdyr og til vanleg tar dei ikkje til vengene på dagtid. Då held dei til på greiner med auga halvt lukka. Den kamuflerande fjørdrakta gjer at dei ser ut som trestubbar, og om dei oppdagar potensielle farar, frys dei posisjonen sin enda meir slik at dei liknar ei brekt grein eller trestamme.[4] Overgangen mellom normal sitjeposisjon og fryseposisjon skjer gradvis og er knapt påviseleg for observatøren.

Potuar søkjer føde skumringa og om natta.[1] Ein typisk teknikk er å sitje stille på ei grein og tidvis flyge ut slik ein flugesnappar gjer for å snappe eit insekt på veg forbi. I somme fall kan potuen flyge til vegetasjon for å plukke eit insekt frå eit blad eller vekst før han returnerer til sitjeplassen, men han tar ikkje byttedyr direkte opp frå bakken. Biller gjer ut for ein stor del av kosthaldet, men dei tek òg møll, grashopper og termittar. Ein gang vart det funne ein nordpotu med ein liten fugl i magen òg. Etter å ha fanga eit insekt, vil potuen svelgje det heilt utan å slå eller knuse det først.

Potuar er monogame hekkefuglar og begge foreldra deler ansvaret for ruging og begge suter for ungen. Familien har ikkje konstruere eit reir av noko slag, i staden legg ho eitt egg i ei naturleg grop i ein grein, eller på toppen av ein ròten stubbe. Egget er kvitt med lillabrune flekker. Ein av foreldra, ofte hannen, rugar egget i løpet av dagen, men så deler dei på byrden gjennom natta. Rugeskiftet og mating av ungane er sjeldne, for å redusere merksemda ved hekkeplassen, ettersom potuar er heilt avhengig av kamuflasje for å verne seg sjølv og hekkeplassen frå predatorar. Det tar ca. ein månad før egget blir klekt, deretter to månader til ungen er sjølvstendig, ei betydeleg lengre tid enn vanleg for landfuglar. Potuungar har kvit fjørdrakta, og når dei er for store til å skjule seg under ein av foreldra sine, tar dei til med same fryseposisjon som vaksne fuglar - og liknar soppklumpar.

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Potuar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[6]

Slekt Nyctibius

  • Storpotu, Nyctibius grandis, Great Potoo, LC, Gmelin, 1789
  • Langhalepotu, Nyctibius aethereus, Long-tailed Potoo, LC, Wied, 1820
  • Fløytepotu, Nyctibius griseus, Common Potoo, LC, Gmelin, 1789
  • Nordpotu, Nyctibius jamaicensis, Northern Potoo, LC, Gmelin, 1789
  • Andespotu, Nyctibius maculosus, Andean Potoo, LC, Ridgway, 1912
  • Kvitvengpotu, Nyctibius leucopterus, White-winged Potoo, LC, Wied, 1821
  • Dvergpotu, Nyctibius bracteatus, Rufous Potoo, LC, Gould, 1846

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Cohn-Haft, M (1999). «Family Nyctibiidae (Potoos)». I del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D. Barn-Owls to Hummingbirds. Handbook of the Birds of the World. Band 5. Barcelona: Lynx edicions. s. 288–297. ISBN 84-87334-25-3. 
  2. Van Rossem, A (1927). «Eye Shine in Birds, with Notes on the Feeding Habits of Some Goatsuckers» (PDF). The Condor 29 (1): 25–28. doi:10.2307/1363006. 
  3. Borrero, J (1974). «Notes on the Structure of the Upper Eyelid of Potoos (Nyctibius (PDF). The Condor 76 (2): 210–211. doi:10.2307/1366732. 
  4. Perry, D (1979). «The Great Potoo in Costa Rica» (PDF). The Condor 81 (3): 320–321. doi:10.2307/1367649. 
  5. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
  6. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]