Hound Dog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hound Dog
Singel av Big Mama Thornton
B-side «Night Mare»[1][2]
Utgjeve Mars 1953
Innspelt 13. august 1952, Radio Recorders Annex i Los Angeles
Sjanger Blues
Lengd 2:52
Selskap Peacock Records
Låtskrivar(ar) Jerry Leiber og Mike Stoller
Produsent Johnny Otis
Big Mama Thornton-kronologi
«Everytime I Think Of You»

(1952)

Hound Dog «Cotton Pickin' Blues»

(1953)

«Hound Dog»
Singel av Elvis Presley
A-side «Don't Be Cruel»
Utgjeve 13. juli 1956
Innspelt 2. juli 1956 i New York
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:15
Selskap RCA Records
Låtskrivar(ar) Jerry Leiber og Mike Stoller
Produsent Steve Sholes (Elvis Presley)
Elvis Presley-kronologi
«I Want You, I Need You, I Love You»
(1955)
«Hound Dog» «Blue Suede Shoes»
(1956)

«Hound Dog» er ein 12-taktsblues skrive av Jerry Leiber og Mike Stoller og opphavleg spelt inn av Willie Mae «Big Mama» Thornton i 1952. Andre tidlege utgåver songen vart spelt inn som blues, country og rock and roll i midten av 50-åra. I 1956 spelte Elvis Presley inn den mest kjende utgåva av songen. Denne versjonen vart plassert på 19. plass av musikkmagasinet Rolling Stone på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.[3] «Hound Dog» vart spelt inn av fem country-artistar i 1953 og over 26 gonger fram til 1964. [4]. Frå 1970-åra og framover har songen vore med i mange filmar, som American Graffiti, Grease, Forrest Gump, Lilo og Stitch og Indiana Jones and the Kingdom of the Crystal Skull.

Big Mama Thornton[endre | endre wikiteksten]

Bluessongaren Big Mama Thornton fekk sin største hit med «Hound Dog», som ho spelte inn i 1952. Songen vart gjeve ut i mars 1953 og gjekk til topps på Billboard si rhythm and blues-lista.[5]

Elvis Presley[endre | endre wikiteksten]

Elvis Presley og bandet hans plukka opp songen etter å ha høyrt han spelt av Freddie Ball and the Bellboys i Las Vegas. Presley spelte songen på nasjonalt fjernsyn på The Milton Berle Show 5. juni 1956, ei utgåve der Elvis vrikkar og vrir på seg til stor entusiasme frå publikum. Over 40 millionar såg sendinga og dagen etter vart reaksjonaen store. Berle sin TV-kanal fekk mange protestbrev og såkalla moralske vaktarar gjekk til åtak på Elvis i pressa. [6]

Studioutgåva av songen vart spelt inn 2. juli 1956 i RCA Records sitt studio i New York City. Elvis sitt vanlege band med Scotty Moore på sologitar, Bill Black på bass, D.J. Fontana på trommer og korvokal frå the Jordanaires spelte på songane, og dei to andre songane, «Don't Be Cruel» og «Any Way You Want Me», som vart spelt inn same dag. Steve Sholes frå RCA vart ført opp som produsent, sjølv om studioopptak frå denne dagen viser at Elvis produserte songane sjølv. Presley ønskte å få songen nøyaktig slik han hadde tenkt og det vart spelt inn 30 versjonar før nummer 28 til slutt vart vald ut.

«Don't Be Cruel» vart A-sida på singelen, medan «Hound Dog» vart B-sida,[7] og singelen kom ut 13. juli 1956. Begge sidene av singelen gjekk til topps på singelen, noko som er sjeldan. Singel var òg den første som toppa alle tre listene til Billboard samstundes: popcountry & western og rhythm & blues.

9. september, med songen på toppen av den amerikanske lista, spelte Presley og bandet songen på Ed Sullivan Show, der han berre vart filma frå hofta og opp. Han introduserte songen med «Friends, as a great philosopher once said...». 28. oktober spelte han songen på same programmet ein gong til, denen gong vist i heilfigur.[8]

Singelen selde over 4 millionar eksemplar berre i USA og låg elleve veker på toppen av lista. Songen låg på toppen til han vart erstatta av «Love Me Tender», òg av Elvis.

Musikkmagasinet Q plasserte songen på 55. plass på lista deira over dei 100 beste gitarsongane gjennom tidene. Rolling Stone plasserte songen på 19. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.

Lister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekesslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1956–1957) Plassering
Australia (Kent Music Report)[9] 17
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[10] 13
UK Singles (Official Charts Company)[11] 2
US Billboard The Hot 100[12] 2
US Billboard Best Sellers in Stores[13] 1
US Billboard Most Played by Jockeys[13] 4
US Billboard Most Played in Jukeboxes[13] 1
US Billboard Most Played Country & Western Singles[13] 6
US Billboard Most Played Country & Western in Jukeboxes[13] 1
US Billboard Most Played Rhythm and Blues Singles[13] 2
US Billboard Most Played Rhythm and Blues in Jukeboxes[13] 1
US Billboard Top Selling Country & Western Singles[12] 1
US Billboard Top Selling Rhythm and Blues Singles[12] 1
US Cash Box Magazine Top Country & Western Singles[13] 1
Liste (1971) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[14] 41
Liste (1974) Plassering
Nederland (Mega Single Top 100)[15] 21
Liste (2007) Plassering
Ireland (IRMA)[17] 25
Nederland (Mega Single Top 100)[15] 83
UK Singles (Official Charts Company)[18] 14

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1956) Plassering
US Billboard (Best Sellers in Stores)[19] 8
US Singles (Cash Box)[20] 15

Sal og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[21] 4× Platina 5,000,000<

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Willie Mae «Big Mama» Thornton[endre | endre wikiteksten]

  • med Kansas City Bill and Orchestra «Hound Dog» / «Night Mare» (US: februar 1953; Peacock 1612) (UK: 1954; Vogue V 2284) (Sverige, 1954; Karusell K 66) (Frankrike, 1954: Vogue V 3328) Songen er tilskriven Leiber-[sic]-Otis.[22]
  • med Kansas City Bill and Orchestra «Hound Dog» / «Rock-a-Bye Baby» (US: August 1956; Peacock 5-1612)
  • med Kansas City Bill and Orchestra «Hound Dog» / «Rock-a-Bye Baby» (Aust & NZ: 1956; Prestige PSP-1004) Song is credited to Robey-Thornton-Leiber-Stoller.
  • The Big Ones From Duke and Peacock Records (US: 1967; Peacock Records PLP-2000) Various Artists
  • «Hound Dog» / «Let's Go Get Started» (1969: Mercury Records 72981)
  • She's Back (1970: Back Beat Records BLP-68) Reissued: (1974: ABC/Back Beat BBLX-68).
  • Hound Dog: The Peacock Recordings (1992: Peacock MCAD-10668)

Freddie Bell and the Bellboys[endre | endre wikiteksten]

  • «Hound Dog» (Leibler-Stoller) (2:45) / «Move Me Baby»(1955: Teen 101). This version is slower and includes «arf arf» sounds. * (2:20) (Leiber-Stoller-* «Hound Dog» (Leiber-Stoller-Otis) (2:20) Rock'n'Roll Vol. 1 (UK: 1956: Barclay 14159 EP) (Frankrike: Mercury 14159)
  • «Hound Dog» (Leiber-Stoller-Otis) (2:20) / «Big Bad Wolf» (1957: Mercury Records 45152) (Australia: July 1957; Mercury 45152)
  • «Hound Dog»Rock 'N' Roll Vol. 2 (Sverige: 1957; Mercury EP-1-3502) (Norway: 1957; Mercury EP MN5)
  • «Hound Dog»(Leiber-Stoller)Rock´n Roll All Flavors (1957: Mercury MG 20289)

Elvis Presley[endre | endre wikiteksten]

  • Elvis: The First Live Recordings - Innspelingar frå Louisiana Hayride frå 1955 og 1956. (1982: Music Works PB 3601)
  • «Hound Dog» / «Don't Be Cruel» (Innspelt: 2. juli 1956; Utgjeve: 13. juli 1956: RCA Victor 47-6604) (Canada: 13. juli 1956; RCA Victor 20-6604) (Tyskland: 4. august 1956; RCA 20-6604; 47-6604) (UK: September 1956; HMV POP 249) (Belgia: September 1956; 47-6604) (Australia: 1956; RCA 10186) (Italy, 1956: RCA Italiana 45N 0515) «Perro De Caza (Hound Dog)» (Spania: 1957; RCA 3-10052) (Japan: August 1962; Victor SS-1297)

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Thornton-versjonen[endre | endre wikiteksten]

  • Little Esther (Innspelt: 11. mars 1953; Utgjeve: April 1953: Federal 12126)
  • Jack Turner and His Granger County Gang (Innspelt: 20. mars 1953; Utgjeve: 4. april 1953: RCA Victor 47-5267), som i røynda var Henry D. Haynes på vokal, med Homer and Jethro-partneren Kenneth C. Burns på mandolin, med Chet Atkins på sologitar, Charles Green på bass og Jerry Byrd på steelgitar.
  • Billy Starr (Innspelt: November 1952; utgjeve: 4. april 1953: 78pm: IF-452; Imperial 45-8186)
  • Betsy Gay (Innspelt: 18. mars 1953; Utgjeve: 11. april 1953: Intro Records 45-6070) (w/ Joe Maphis og Merle Travis).
  • Eddie Hazlewood (11. april 1953: Intro Records 45-6069)
  • Tommy Duncan and the Miller Bros. (18. april 1953: Intro Records 45-6071)
  • Cleve Jackson [Jackson Cleveland Toombs] and His Hound Dogs (1953: Herald H-1015) på forskjellige artistar, Chicago Rock (Nederland: 1974; Redita [1st series] 108) Boppin' Hillbilly, Vol. 5 (Nederland: 1989; White Label WLP2805)
  • The Cozy Cole All Stars (William Randolph Cole) «Hound Dog Special» (Innspelt: 24. februar 1954: MGM 11794) (instrumental)
  • The Dirty Blues Band Dirty Blues Band (1967: Bluesway 6010) (1968: Bluesway 45-61016) Endra Thornton-versjon
  • Etta James Matriarch of the Blues (2000: Private Music)
  • Robert Palmer Drive (2003)
  • Macy Gray Various Artists Lightning In a Bottle: A One Night History of the Blues (Innspelt live at Radio City Music Hall in New York City; 2004 DVD directed by Antoine Fuqua)

Presley-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «bigmama». Home.earthlink.net. http://home.earthlink.net/~jaymar41/bigmama.html. Henta 2011-06-05. 
  2. «The Blues Archive: University of Mississippi Libraries». http://www.olemiss.edu/depts/general_library/archives/blues/lb78t.html. Henta 2015-12-19. 
  3. The RS 500 Greatest Songs of All Time. Vitja 2007-06-02.
  4. Ho (RCS Song Tittels Index)
  5. billboard.com
  6. «Key Terms in Popular Music and Culture» av Bruce Horner, Thomas Swiss s. 195 ISBN 0-631-21264-7
  7. Elvis Presley: RCA Victor 6604
  8. The Ed Sullivan Shows DVD SOFA ENTERTAINMENT, INC.
  9. Kent, David (2005). Australian Chart Book: 1940-1969: the Hit Songs and Records from Thirty Years of Specially Compiled Charts. Australian Chart Book Limited.. Arkivert frå originalen.. https://books.google.com/books?id=F7KlYgEACAAJ. Henta 2013-03-04. 
  10. "Ultratop.be – Elvis Presley – Hound Dog!" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 4. mars 2013.
  11. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 4. mars 2013.
  12. 12,0 12,1 12,2 «Elvis Presley - Awards». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/elvis-presley-mn0000180228/awards. Henta 4. mars 2013. 
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 13,5 13,6 13,7 Joel Whitburn's top pop singles 1955-2006. Record Research. 2008-01-08. Arkivert frå originalen.. https://books.google.com/books?id=99fXAAAAMAAJ. Henta 4. mars 2013. 
  14. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 4. mars 2013.
  15. 15,0 15,1 "Dutchcharts.nl – Elvis Presley – Hound Dog" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 4. mars 2013. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «sc_Dutch100_Elvis_Presley» er definert flere gonger med ulikt innhald
  16. «The Irish Charts – Search charts». Irish Innspelt Music Association. 2008. To use, type «Hound Dog» in the «Search by Song Title» search var and click search. http://www.irishcharts.ie/search/placement. Henta 2013-03-04. 
  17. "Chart Track". Den irske singellista. Irish Recorded Music Association. Henta 4. mars 2013.
  18. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 3. april 2014.
  19. «Billboard Top 50 - 1956». Billboard. Longbored Surfer. 1956. http://longboredsurfer.com/charts/1956.php. Henta 2013-03-04. 
  20. «The CASH BOX Year-End Charts: 1956». Cash Box Magazine. 1957. Arkivert frå originalen den 2012-10-09. https://web.archive.org/web/20121009064915/http://cashboxmagazine.com/archives/50s_files/1956YESP.html. Henta 2013-03-04. 
  21. «American single salstrofé – Elvis Presley – Hound Dog_Don_t Be Cruel». Recording Industry Association of America. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?artist=%22Hound+Dog_Don_t+Be+Cruel%22.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
  22. «78 RPM - Willie Mae «Big Mama» Thornton - Hound Dog / Night Mare - Peacock - USA - 1612». http://www.45worlds.com/78rpm/record/1612. Henta 2015-12-19. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]