Ora i Israel
Ora | |
אוֹרָה | |
landsby | |
Ora i 2007.
| |
Namneopphav: Utstråling | |
Land | ![]() |
---|---|
Region | Jerusalemkorridoren |
Distrikt | Jerusalem distrikt |
Kommune | Mateh Yehuda |
Koordinatar | |
Folketal | 1 229 (2012) [1] |
Grunnlagd | 1950 |
- Grunnlagd av | jemenittiske jødar |
Tilhøyrsle | Moshavimrørsla |
Wikimedia Commons: Ora | |
Ora (hebraisk אוֹרָה) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg sørvest for Jerusalem i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2012 hadde Ora 1 229 innbyggjarar.[1]
Historie[endre | endre wikiteksten]
I 1953 donerte Percy Newman, ein britisk industrimann, pengar for å kjøpe 3 000 dekar med land i utkanten av Jerusalem.[2] Jødiske emigrantar frå Jemen slo seg ned der og fekk landområde som var meint for fjørkredrift. Innbyggjarane budde i telt, utan innlagd vatn eller elektrisitet, før 1957. Før grunnlegginga av Kiryat HaYovel, var den næraste naboen Bayit Vegan, som ein kunne nå til fots eller med esel.[3] Tilhøva var så vanskeleg at i 1954 var det berre 13 familiar att. Emigrantar frå Nord-Afrika slutta seg seinare til.[2]
I 1990-åra, etter ei bølgje av russiske emigrantar til Israel, auka eggproduksjonen i moshaven frå 300 millionar til 500 millionar egg i året.[3]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Ora, Israel» frå Wikipedia på engelsk, den 12. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 9. oktober 2014.
- ↑ 2,0 2,1 Remembering Percy Newman
- ↑ 3,0 3,1 Art galleries in chicken coops? No more