Even Sapir
Even Sapir | |||
landsby | |||
Namneopphav: Safir | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Jerusalemkorridoren | ||
Distrikt | Jerusalem distrikt | ||
Kommune | Mateh Yehuda | ||
Koordinatar | |||
Folketal | 679 (2012) [1] | ||
Grunnlagd | 1950 | ||
- Grunnlagd av | Kurdish emigrantar | ||
Tilhøyrsle | Moshavrørsla | ||
![]() Even Sapir | |||
Wikimedia Commons: Even Sapir | |||
Even Sapir (hebraisk skrift אֶבֶן סַפִּיר) er ein moshav i utkanten av Jerusalem i Israel. Han høyrer til Mateh Yehuda regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 679.[1]
Moshaven vart grunnlagd i 1950 av emigrantar frå Kurdistan. Han vart kalla opp etter Even Sapir, ei bok skriven i 1864 av Yaakov Halevi Sapir, ein rabbi og sendebod frå Jerusalem.[2] Boka skildrar reisa hans til Jemen på 1800-talet.[3]
I følgje ei anna kjelde er moshaven kalla opp etter Pinchas Sapir, ein finansminister i Israel, som oppfordra jødiske forretningsmenn frå diasporaen til å investere i Palestina og den gryande staten.[4]
Nord for moshaven ligg Johannes i villmarka-klosteret og ei grotte som er knytt til Johannes døyparen.[5]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Even Sapir» frå Wikipedia på engelsk, den 12. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 9. oktober 2014.
- ↑ HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel (på hebraisk). Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 19. ISBN 965-448-413-7.
- ↑ A Journey to Teman
- ↑ Judean mountains
- ↑ Go with the flow, Jerusalem Post]