Kfar Uria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°47′36.96″N 34°56′54.23″E
Kfar Uria
moshav
Kfar Uria.JPG
Kfar Uria, 2006
Namneopphav: Urialandsbyen
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Shephelah
Distrikt Jerusalem distrikt
Kommune Mateh Yehuda
Koordinatar 31°47′36.96″N 34°56′54.23″E
Folketal 855 (2012)
Grunnlagd 1912 (original landsby), 1944 (første nybygging), 1949 (andre nybygging)
Tilhøyrsle Moshavimrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Kfar Uria

Kfar Uria (hebraisk כְּפַר אוּרִיָּה) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Beit Shemesh i Shephelah. Han høyrer til Mateh Yehuda regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 855.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen vart først grunnlagd i 1912 på landområde kjøpt frå Białystok-jødar, og tente som ein jordbruksskule. Blant innbyggjarane var A.D. Gordon. Under Palestinaopprøra i 1929 gjekk arabarar frå Jerusalem til åtak på Kfar Uria, med noko lokal hjelp, og plyndra og brende ned landsbyen. Innbyggjarane i dei nærliggande arabiske landsbyane hadde stort sett eit godt forhold til innbyggjarane i landsbyen, og mange såg på leiaren av moshaven, Baruch Yakimovsky, som sin mukhtar (landsbyhøvding).

Seks jødiske familiar som hadde vore att, vart seinare smugla ut av mukhtaren i Beit Far via ein av dei gamle naturlege grottene som ligg i området. Yakimovsky klarte, med hjelp av somme lokale mukhtarar, å arbeidde opp att landområdet i Kfar Uria, og i 1944 var landsbyen bygd opp att, berre for å bli øydelagd i den arabisk-israelske krigen i 1948.[treng kjelde] Kfar Uria vart angripen 11. januar, 1948, men klarte ved hjelp av ein Palmach-styrke og ein væpna britisk styrke å slå åtaket attende.[2][3] Haganah-vaktar drap utan provokasjon eit arabisk bondepar nær landsbyen kort tid etter, i februar det året.[4] I 1949 prøvde ein for tredje gongen å busetje område, då ein moshav vart grunnlagd på staden.

I sentrum av landsbyen ligg ein gammal khan, som ein gong husa jordbrukselevane, inkludert A.D. Gordon.

I 2009 - 2011 vart det bygd eit nytt nabolag med 69 nye hus og familiar.[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 7. oktober 2014. 
  2. Benvenisti, 2001, s. 107
  3. Morris, 200, s. 102
  4. Morris, s. 80.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kfar Uria