Beit Nekofa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°48′9.95″N 35°7′31.07″E
Beit Nekofa
בֵּית נְקוֹפָה
moshav
Set 003.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Jerusalem distrikt
Kommune Mateh Yehuda regionale kommune
Koordinatar 31°48′9.95″N 35°7′31.07″E
Grunnlagd August 1949
 - Grunnlagd av Immigrantar frå Jugoslavia
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Beit Nekofa

Beit Nekofa (hebraisk בֵּית נְקוֹפָה) er ein moshav i Jerusalem distrikt i Israel i Mateh Yehuda regionale kommune. Beit Nekofa ligg i Jerusalemkorridoren, kring 10 km vest for sentrum av Jerusalem, like ved hovudveg 1 mellom Mevaseret Zion og Kiryat Ye'arim, sør for Kiryat Anavim.[1]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Bronsestøyperi ved Beit Nekofa.

Namnet på Beit Nekofa kan vere basert på ein gammal by, Nukveta (hebraisk נוּקְבְתָא) av Benjamin, nemnt i Talmud, der ætta til rabbi Judah haNasi skal ha kome frå. Nukveta kjem frå det hebraiske ordet נִקְבָּה, Nikba, eller tunnel.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Beit Nekofa vart grunnlagd i august 1949 av sju familiar som immigrerte til Israel frå Jugoslavia. Neveh Ilan-Beit Nekofa-området vart råka av ein brann sommaren 1996.[3]To tusen dekar med skog og fleire bygningar i Kiryat Anavim kibbutz og Beit Nekofa moshav gjekk tapt i brannen.[4]

Beit Nekofa driv eit bronsestøyperi som til seg mange arbarar frå dei kringliggande landsbyane.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mapa. Gold Atlas [kart], 2009-utgåve, 1:100 000. ISBN 965-521-082-0. s. 32, seksjon Het18. (he)
  2. HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel. Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 126. ISBN 965-448-413-7.  (he)
  3. MKs salute the trees
  4. Report exonerates Fire Dep't
  5. Give and Take, Jerusalem Post