Aminadav
Aminadav | |||
עַמִּינָדָב, Amminadav | |||
landsby | |||
Aminadavskogen
| |||
Namneopphav: Kalla opp etter Aminadab | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Jerusalem distrikt | ||
Kommune | Mateh Yehuda | ||
Koordinatar | |||
Folketal | 981 (2011) [1] | ||
Grunnlagd | 1950 | ||
- Grunnlagd av | jemenittiske jødar | ||
Tilhøyrsle | Moshavrørsla | ||
![]() Aminadav | |||
Wikimedia Commons: Aminadav | |||
Aminadav (hebraisk עַמִּינָדָב) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg sørvest for Jerusalem nær Yad Kennedy i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 981.[1]
Etymologi[endre | endre wikiteksten]
Namnet «Aminadav» er ein kombinasjon av to hebraiske ord: «Ami»- nasjonen min, og «Nadav»- generøs, givande eller frivillig. Aminadav tyder derfor «eit generøst folk» og opphavet er frå Det gamle testamentet Andre Mosebok (6:23 et al.); «Nachshon ben Aminadav» var den første mannen som gjekk ut i «Raudehavet» då jødane flykta frå slaveriet i Egypt.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Landsbyen vart grunnlagd i 1950 av emigrantar frå Jemen. Mellom 1952 og 1953 tok han i mot fleire emigrantar frå Nord-Afrika og nokre innfødde israelarar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Aminadav» frå Wikipedia på engelsk, den 12. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Locality File». Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Arkivert frå originalen (XLS) 2013-09-23. Henta 9. oktober 2014.