Aderet i Israel
Utsjånad
| Aderet | |||
| אַדֶּרֶת, Adderet | |||
| landsby | |||
| Namneopphav: Framifrå (vinstokk) | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Distrikt | Jerusalem distrikt | ||
| Kommune | Mateh Yehuda | ||
| Koordinatar | 31°39′36.71″N 34°59′42.36″E / 31.6601972°N 34.9951000°E | ||
| Folketal | 797 (2012)[1] | ||
| Grunnlagd | 1961 | ||
| • Grunnlagd av | Marokkanske emigrantar | ||
| Borgarmeister | Motti Gabbai | ||
| Tilhøyrsle | Moshavrørsla | ||
![]() Aderet i Israel 31°39′37″N 34°59′42″E / 31.660197222222°N 34.9951°E | |||
| Wikimedia Commons: Aderet (moshav) | |||
Aderet (hebraisk אַדֶּרֶת) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg ved foten av Judeafjellet i Adullam-området, sør for Beit Shemesh, vest for Gush Etzion og oppom Elahdalen i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 797.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Moshaven vart grunnlagd tidleg på 1960-åra av emigrantar frå Atlasfjella i Marokko. Namnet var teken frå Esekiel 17:8,[2] som tyder «framifrå» i uttrykket «framifrå vinstokk», eit symbol på det gjenfødde Israel. Namnet syner til vindyrkinga i området.
Grunnleggjarane dreiv med fjørfedrift og anna jordbruk fram til seint på 1980-talet, då landsbyen vart ein pendlarby for Jerusalem (40 km) og Tel Aviv (65 km). I 1997 vart det bygd eit nytt nabolag og folkesetnaden steig til over 110 familiar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Aderet, Israel» frå Wikipedia på engelsk, den 10. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- 1 2 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 9. oktober 2014.
- ↑ Bitan, Hanna: 1948-1998: Fifty Years of 'Hityashvut': Atlas of Names of Settlements in Israel, Jerusalem 1999, Carta, s.2, ISBN 965-220-423-4 (hebraisk)


