Givat Shemesh
Givat Shemesh | |||
גבעת שמש | |||
landsby | |||
Namneopphav: Solhødga | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Jerusalem distrikt | ||
Kommune | Mateh Yehuda | ||
Koordinatar | |||
Folketal | 59 (2011) | ||
Grunnlagd | 1954 | ||
![]() Givat Shemesh | |||
Wikimedia Commons: Givat Shemesh | |||
Nettstad: www.retorno.org | |||
Givat Shemesh (hebraisk גִּבְעַת שֶׁמֶשׁ) er ein landsby og rusbehandlingssenter sentralt i Israel. Han ligg nær Beit Shemesh oppom Tzora kibbutz og vert driven av organisasjonen Retorno. Han høyrer til Mateh Yehuda regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 59.[1]
Landsbyen vart grunnlagd i 1954 på landområde som tidlegare høyrte til den arabiske landsbyen Dayr Rafat,[2] like vest for landsbyen. Dette området vart fråflytta som ein krigssone i 1948 under den arabisk-israelske krigen i 1948 og seinare bygd opp av israelarar.
Behandingssenteret vart opna i 1989 i Mexico av rabbi Eitan Eckstein, og seinare opna i Israel. Retorno er eit jødisk senter med element av jødedom i og rundt terapiprogrammet.[3]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Givat Shemesh» frå Wikipedia på engelsk, den 12. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Population by settlement Statistisk sentralbyrå
- ↑ Khalidi, Walid (1992), All That Remains: The Palestinian Villages Occupied and Depopulated by Israel in 1948, Washington D.C.: Institute for Palestine Studies, s. 287, ISBN 0-88728-224-5
- ↑ Facilities Retorno