Tzova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tzova
צובה
kibbutz
Land  Israel
Distrikt Jerusalem distrikt
Kommune Mateh Yehuda
Koordinatar 31°47′3.48″N 35°7′10.55″E
Folketal 578  (2007)
Grunnlagd 19. oktober 1948
 - Grunnlagd av Palmach-soldatar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Tzova
31°47′4″ N 35°7′11″ E
Wikimedia Commons: Tzova
Nettstad: www.tzuba.org.il

Tzova (hebraisk צוֹבָה), òg kalla Palmach Tzova (hebraisk פלמ"ח צובה) eller Tsuba, er ein kibbutz i Judeafjella, i utkanten av Jerusalem i Israel. Han er ein del av Mateh Yehuda regionale kommune. I 2007 hadde kubbutzen eit folketal på 578.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Belmont krossfararborg.

I tida kring kong David låg det ein jødisk busetnad der Tel Tzova ligg i dag, i følgje Andre Samuelsbok 23:36. I følgje somme forskarar, kan han daterast enno lengre attende til tida kring Josva Bin-Nun, i følgje Josva 15:59 i Septuagint.

I 1170 vart krossfararborga Belmont bygd her for å vakte over vegen til Jerusalem. Belmont vart erobra av Saladin i 1191.

Den nærliggande arabiske landsbyen Suba var åstad for harde kampar under den arabisk-israelske krigen i 1948 på grunn av den strategiske plasseringa med utsyn over vegen til Jerusalem. Sint i 1947 og tidleg i 1948 var irregulære styrkar frå det egyptiske Muslimsk brorskap stasjonert i Suba og gjekk til åtak på jødisk trafikk på hovudvegen mellom Tel Aviv og Jerusalem. Landsbyen vart erobra av Palmach natt til 13. juli, som ein del av Operasjon Danny. Dei fleste innbyggjarane flykta under kampane, og resten vart så utvist.[1] I oktober 1948 oppretta Ameilim-gruppa av Palmach-veteranar Misgav Palmach kibbutz 1 km sør for Suba, som seinare fekk namnet Tzova.[2]

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

I 1999 vart det funne ei grotte som ein trur kan ha vore grotta til Johannes døyparen under arkeologiske utgravingar i området i frukthagane til kibbutzen, ikkje langt frå Ein Karem, den tradisjonelle fødestaden til Johannes.[3] På 300- og 400-talet evt, vart grotta heilaga og nytta av bysantinske munar som ein kristen, heilag stad. På veggane er nokre av dei tidlegaste teikningane som er kjend i lokal, kristen kunst.[4] Strukturane utafor grotta er daterte til den hellenistiske perioden (100-talet fvt.) og indikerer at grotta vart nytta både som eit vassreservoar og ein badeplass. Vatn vart samla frå dalen og kanalisert inn i grotta, via eit vassfiltreringssystem. Ei sluse let noko av vatnet bli kanalisert frå det filtrerte bassenget og ut på beitemarkene.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Morris, Benny (2004). The Birth of the palestinsk Refugee Problem Revisited. Cambridge University Press. s. 436. ISBN 978-0-521-00967-6. 
  2. Khalidi, Walid (1992), All That Remains: The Palestinian Villages Occupied and Depopulated by Israel in 1948, Washington D.C.: Institute for Palestine Studies, ISBN 0887282245 
  3. Ulpan, arkivert frå originalen 20. februar 2012, henta 10. oktober 2014 
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 19. april 2014, henta 10. oktober 2014 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]