Albumet For Your Love
| For Your Love Studioalbum av The Yardbirds | ||
| Språk | engelsk | |
| Utgjeve | 13. juni 1965 (USA) | |
| Innspelt | Mars 1964 – april 1965 | |
| Studio | Olympic, IBC, & Advision i London | |
| Sjanger | Rock, bluesrock[1] | |
| Lengd | 31:04 | |
| Selskap | Epic | |
| Produsent | Giorgio Gomelsky | |
| Amerikansk The Yardbirds-kronologi | ||
|---|---|---|
| For Your Love | Having a Rave Up (1965)
| |
For Your Love er det første amerikanske albumet til det engelske rockebandet The Yardbirds. Det kom ut i juni 1965[2] og er ei blanding av tidlegare singlar og songar berre gjevne ut i USA, sett saman av produsenten Giorgio Gomelsky. Albumet kom ut medan Yardbirds var klar for den første USA-amerikanske turneen sin, og nådde 96. plassen på Billboard si Top LPs-liste. Albumet kom ikkje ut i Storbritannia. På same vis vart ikkje debutalbumet til Yardbirds i Storbritannia, Five Live Yardbirds, gjeve ut i USA.
Innspeling og komposisjon
[endre | endre wikiteksten]For Your Love inneheld tre songar frå dei første innspelingane til Jeff Beck med The Yardbirds: «I'm Not Talking», «I Ain't Done Wrong» og «My Girl Sloopy» (desse songane kom ut seinare i Storbritannia på EP-en Five Yardbirds).[3] Eric Clapton spelte gitar på resten av songane, som inkluderte tre singlar (med B-sider) som kom ut på den tida og to demoinnspelinga som ikkje kom ut i Storbritannia før i 1980-åra.[4] Clapton, som hadde slutta i bandet fire månader før, er ikkje med på plateomslaget og heller ikkje nemnt på omslaget.[3]
Sallister og mottaking
[endre | endre wikiteksten]| Meldingar | |
|---|---|
| Karakter | |
| Kjelde | Karakter |
| AllMusic | |
Albumet nådde 96. plassen på Top LPs-lista til Billboard.[5] Det var det første Yardbirds-albumet som gjekk inn på lista. Den britiske debuten deira, Five Live Yardbirds, gjekk ikkje inn på UK Albums Chart og vart ikkje gjeven ut i USA.
I ei seinare melding for AllMusic skreiv Bruce Eder at «For Your Love ikkje er eit 'verkeleg' album ... I staden var det eit svar frå det amerikanske selskapet deira, Epic, til at bandet fekk tittelsporet på sjetteplassen, der manageren Giorgio Gomelsky valde ut songane.»[1]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Info frå originalalbumet til Epic.[6]
| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Sologitar | Lengd |
|---|---|---|---|---|
| 1. | «For Your Love» | Graham Gouldman | Eric Clapton | 2:28 |
| 2. | «I'm Not Talking» | Mose Allison | Jeff Beck | 2:31 |
| 3. | «Putty (In Your Hands)» | Kay Rogers, John Patton | Clapton | 2:11 |
| 4. | «I Ain't Got You» | Calvin Carter | Clapton | 1:59 |
| 5. | «Got to Hurry» (take 3) | Oscar Rasputin (Giorgio Gomelsky) | Clapton | 2:34 |
| 6. | «I Ain't Done Wrong» | Keith Relf | Beck | 3:37 |
| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Sologitar | Lengd |
|---|---|---|---|---|
| 1. | «I Wish You Would» | Billy Boy Arnold | Clapton | 2:18 |
| 2. | «A Certain Girl» | Naomi Neville (Allen Toussaint) | Clapton | 2:16 |
| 3. | «Sweet Music» (stereo, opptak 3) | Major Lance, Otis Leavill Cobb, Walter Bowie | Uvisst | 2:29 |
| 4. | «Good Morning Little Schoolgirl» | H.G. Demarais | Clapton | 2:52 |
| 5. | «My Girl Sloopy» | Bert Russell, Wes Farrell | Beck | 5:36 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]The Yardbirds[7]
[endre | endre wikiteksten]- Keith Relf – solovokal, munnspel, akustisk gitar på «Heart Full of Soul»
- Eric Clapton – sologitar på alle spor, utanom dei med Beck
- Jeff Beck – sologitar på «I'm Not Talking», «I Ain't Done Wrong», «My Girl Sloopy».
- Chris Dreja – rytmegitar
- Paul Samwell-Smith – bassgitar, korvokal, musikalsk leiar
- Jim McCarty – trommer, korvokal
Andre medverkande[7]
[endre | endre wikiteksten]- Giorgio Gomelsky – korvokal på «A Certain Girl»
- Manfred Mann – klaverinstrument og korvokal på «Sweet Music»
- Paul Jones – korvokal på «Sweet Music»
- Mike Hugg – vibrafon på «Sweet Music»
- Tom McGuinness – gitar på «Sweet Music»
- Mike Vickers – gitar på «Sweet Music»
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Albumet For Your Love» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Clapton, Eric (2007). Clapton: The Autobiography. New York City: Broadway Books. ISBN 978-0-7679-2536-5.
{{cite book}}: Invalid|ref=harv(hjelp) - Clayson, Alan (2002). The Yardbirds. San Francisco: Backbeat Books. ISBN 0-87930-724-2.
{{cite book}}: Invalid|ref=harv(hjelp) - Gomelsky, Giorgio; Cohen, Phil (2002). The Yardbirds Story (Boxed set booklet). The Yardbirds. Storbritannia: Charly Records. OCLC 62367983. SNAD 905 CD.
{{cite AV media notes}}: Invalid|ref=harv(hjelp) - Koda, Cub; Russo, Gregg (2001). Ultimate! (Boxed set booklet). The Yardbirds. Los Angeles: Rhino Records. OCLC 781357622. R2 79825.
{{cite AV media notes}}: Invalid|ref=harv(hjelp) - Roberty, Mark (1993). Slowhand: The Complete Life and Times of Eric Clapton. New York City: Crown Trade Paperbacks. ISBN 0-517-88118-7.
{{cite book}}: Invalid|ref=harv(hjelp) - Russo, Greg (1998). Yardbirds: The Ultimate Rave-Up. Floral Park, New York: Crossfire Publications. ISBN 0-9648157-3-7.
{{cite book}}: Invalid|ref=harv(hjelp)
- 1 2 3 Eder, Bruce. «The Yardbirds: For Your Love – Album Review». AllMusic. Henta 31. mars 2018.
- ↑ Koda & Russo 2001, s. 44–45.
- 1 2 Russo 1998, s. 24.
- ↑ Russo 1998, s. 24, 91.
- ↑ Koda & Russo 2001, s. 50.
- ↑
For Your Love (Album notes). The Yardbirds. LP label: Epic Records. 1965. OCLC 29310757. BN 26167.
{{cite AV media notes}}: Invalid|ref=harv(hjelp)CS1 maint: others in cite AV media (notes) (link) - 1 2 Koda & Russo 2001, s. 48.