Peter Gabriel (1977)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Peter Gabriel (I))
Hopp til navigering Hopp til søk
Peter Gabriel (1977)
Studioalbum av Peter Gabriel
Utgjeve 25. februar 1977
Innspelt Juli 1976 til januar 1977
Studio The Soundstage i Toronto i Canada, Morgan Studios i London, Olympic Studios i London
Sjanger Progressiv rock, kunstrock
Lengd 41:42
Selskap Charisma (Storbritannia)
Atco (Nord-Amerika)
Produsent Bob Ezrin
Peter Gabriel-kronologi
Peter Gabriel (1977) Peter Gabriel
(1978)


Singlar frå Peter Gabriel
  1. «Solsbury Hill»
    Utgjeve: 1977
  2. «Modern Love»
    Utgjeve: 1977

Peter Gabriel er debutalbumet til den engelske progressiv rock-songaren Peter Gabriel som soloartist og det første av fire med den same tittelen. Det kom ut 25. februar 1977 og var produsert av Bob Ezrin. Gabriel og Ezrin sette saman musikarar, som gitaristen Robert Fripp og den framtidige King Crimson-kollegaen hans Tony Levin på bass. Då albumet kom ut byrja Gabriel å turnere med eit sjumannsband under sitt eige namn. Albumet nådde sjuandeplassen i Storbritannia og 38. plassen i USA.

Albumet vert ofte kalla anten Peter Gabriel I eller Car, som syner til plateomslaget av kunstnaren Peter Christopherson frå London. På strøymetenester vert albumet kalla Peter Gabriel 1: Car.

Den første solosuksessen til Gabriel kom med den førte singelen frå albumet, «Solsbury Hill», som Gabriel har sagt handlar om å «takle å miste det du har, for det du kanskje kan få ... Det handlar om å la det gå.»[1]

Sjølv om Gabriel stort sett var nøgd med musikken, meinte han at albumet - særskild «Here Comes the Flood» – var overprodusert. Ein enkel versjon med piano og synth av denne songen kom ut på Robert Fripp sitt Exposure og vart framført då han song på eit TV-program med Kate Bush i desember 1979 på BBC Two.[2] Ein tredje, enkel versjon av songen kom ut i 1990 på samlealbumet Shaking the Tree: Sixteen Golden Greats. Gabriel har ofte framført songen på konsertar.[3]

Direct Disk Labs gav ut ein versjon av albumet på halv snøggleik, frå dei originale lydbanda. Denne har ein lengre versjon av «Slowburn» (5:16 i staden for 4:36) der heile introduksjonen til songen er med. Alle andre versjonar av dette albumet har introduksjonen redigert bort.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Under The Lamb Lies Down on Broadway-turneen annonserte Gabriel for kollegaene i Genesis at han valde å forlate bandet,[4] og meinte han hadde fjerna seg frå dei andre medlemmane og strevde med ekteskapet sitt. Han fullførte likevel turneen. Bristepunktet kom då kona Jill hadde eit vanskeleg svangerskap og et første barnet deira, Anna, vart fødd. Då han valde å vere med den sjuke dottera og kona, i staden for å spele inn musikk og turnere, noko resten av bandet hadde lite forståing for, valde Gabriel å forlate gruppa.

I eit brev til fansen, levert gjennom musikkpressa då turneen var over, kalla Out, Angels Out, forklarte Gabriel at «køyretøyet me har bygt som eit samvirke for å tene låtskrivinga vår vart meisteren vår og hadde fanga oss inne i suksessen me ønskte. Det påverka haldninga og stemninga i heile bandet. Musikken hadde ikkje tørka opp og eg respekterer framleis dei andre musikarane, men rollene våre hadde sett inn hardt.»[5]

Gabriel avslutta så brevet: «Det er ikkje noko uvenskap mellom meg sjølv og bandet eller manageren. Avgjersla vart gjort ei tid sidan og me har snakka om den nye retninga vår. Årsaka til avgjersla om at eg dreg ikkje vart annonsert tidlegare var fordi eg bad dei om å vente til dei hadde funne ein erstattar til å dekkje over holet. Det er ikkje utenkeleg at nokre av dei kjem til å arbeide med meg på andre prosjekt.»[5]

Bandkollegaen til Gabriel i Genesis, Phil Collins, som erstatta han som solovokalist i bandet, sa seinare at dei andre i bandet «ikkje var sjokkerte over at Peter drog, fordi me hadde visst om det ei stund.» Bandet heldt fram utan Gabriel.[6]

Innspeling og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Peter Gabriel vart spelt inn i The Soundstage i Toronto med produsenten Bob Ezrin mellom juli 1976 og januar 1977, med ekstra innspelingar i Morgan Studios og Olympic Studios i London i England.

Peter Gabriel sa «Nokon føreslo Bob Ezrin. For min del kjende eg ikkje at eg kunne vere ein Alice Cooper, men eg fekk han til å lytte til utdrag av det eg hadde gjort og han likte det - eller han likte det eg likte. Me forstod kvarandre. Me snakka. Det vart snart ein glimrande rapport - ein menneskeleg rapport - og det var det eg mest av alt såg etter ... eg prøvde å oppnå ein kombinasjon av Bob og meg som produsentar. Han kontrollerte den amerikanske rytmeseksjonen og eg tok meg av meir europeiske saker. Og på albumet dominerte Bo dei særs rocka passasjane som eg ikkje var vant med å produsere, og eg leia dei rolege partia - ting som eg hadde gjort i Genesis[7]

Gabriel og Ezrin sette saman musikarar for innspelinga som bestod av gitaristen Robert Fripp frå King Crimson, bassisten Tony Levin (seinare i King Crimson), trommeslagaren Allan Schwartzberg, perkusjonisten Jimmy Maelen, gitaristen Steve Hunter, klaverspelarane Jozef Chirowski og Larry Fast på synthesizer og programmering.

Peter Gabriel sa: «Eg var uviss på kva eg kunne og ikkje kunne så eg gjekk med på nokre av forslaga til Bob Ezrin i valet av musikarane (mellom andre Tony Levin) og inviterte Robert Fripp og Larry Fast til å dekkje dei meir lydlandskap-orienterte / europeiske ambisjonane mine. Sjølv om et hovudsakleg vart spelt inn i løpet av nokre snøfulle veker i Toronto, hugsar eg innspelinga som kjapp, spanande og heit. Mange av grunnspora vart lagt ned på direkten, og avgrensa av 16-sporsopptakaren. Det var morosamt, intenst og skremmande, med eit flott band - som seinare kom ut òg turnerte med meg.»[8]

Albumet kom ut 25. februar 1977 på Atco (USA & Canada) og Charisma, og nådde sjuandeplassen i Storbritannia og 38. plassen i USA.

Den første singelen frå albumet, «Solsbury Hill», vart ein hit i Storbritannia og nådde topp 20 der, medan han nådde 68. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100.[9] Den andre singelen, «Modern Love», vart ikkje ein suksess.

Etter Peter Gabriel kom ut, sette Gabriel saman eit turnéband som bestod av Fripp (stundom under pseudonymet «Dusty Rhodes», og stundom spelande bak scenen) and Hunter on gitar, Levin på bass, Fast på synthesiser, Schwartzberg på trommer, Phil Aaberg på klaverinstrument og Jimmy Maelen på perkusjon. Den første delen av den første soloturneen hans vart kalla «Expect the Unexpected», og byrja 5. mars 1977 i USA og heldt fram til april. Den britiske delen av turneen var over 30. april. Denne andre delen bestod av eit anna band med Sid McGinnis på gitar, Levin på bass, Jerry Marotta på trommer og Bayette på klaverinstrument. «Sightings in the Test Area During Autumn»-delen av turneen byrja 30. august der bandet spelte gjennom England og Europa med siste konserten 1. november 1977.

Albumet fekk den franske prisen Académie Charles Cros.[10]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Fotografiset på plateomslaget syner Peter Gabriel som sit i passasjersetet i ein (britisk) bil, ein Lancia Flavia, eigd av Storm Thorgerson i Hipgnosis som designa omslaget. Fotografiet vart teken i Wandsworth og bilen vart spraya med vatn frå ein slange. Svartkvittbiletet vart så handfarga og refleksjonane vart modifiseert med ein skalpell av kunstnaren Richard Manning.[11][12]

Eit alternativt forslag var eit bilete av Peter Gabriel med kontaktlenser som gjorde at augo hans såg ut som metallkuler. Dette vart nytta på innsida av omslaget i staden.[12]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[13]
Chicago Sun-Times3/4 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[14]
Entertainment WeeklyA[15]
The Rolling Stone Album Guide3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[16]
The Village VoiceB+[17]

Stephen Demorest i Rolling Stone skildra Peter Gabriel som «ei gullgruve av songar som har liten likskap til kvarandre», og hylla det som «ein imponerande rik debut».[18] Robert Christgau i The Village Voice kalla det «langt smartare» enn det tidlegare arbeidet til Gabriel i Genesis, og trass i at han skreiv at «kvar gong eg dykkjer djupare inn i de utfordrande teksturen for å tyde ei linje eller to, kjem eg til kort», meinte han at albumet var «verdt å vurdere».[17] Nick Kent i NME skreiv at Peter Gabriel var «ei bra plate me minst ein 24-karats klassikar i 'Solsbury Hill' og andre sterke songar.»[19]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er skrivne av Peter Gabriel, utanom der andre er nemnde.

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Moribund the Burgermeister»    4:20
2. «Solsbury Hill»    4:21
3. «Modern Love»    3:38
4. «Excuse Me»  Peter Gabriel, Martin Hall 3:20
5. «Humdrum»    3:25
Side to
# Tittel Lengd
6. «Slowburn»   4:36
7. «Waiting for the Big One»   7:15
8. «Down the Dolce Vita»   5:05
9. «Here Comes the Flood»   5:38

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album
År Liste Plassering
1977 Billboard Pop Albums 38
1977 UK Albums Chart[20] 7

Singlar
År Singel Liste Plassering
1977 «Solsbury Hill» Billboard Pop Singles 68
1983 «Solsbury Hill» Billboard Pop Singles 84
1983 «Solsbury Hill» UK Singles Chart[21] 13

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Organisasjon Level Date
BPI – UK Gull 13. juni 1979

Salstrofé og salstal[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[22] Gull 219,100[23]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Daryl Easlea (2013).«Without Frontiers: The Life & Music of Peter Gabriel». Music Sales Group
  2. Smith, Mic (1990). «Peak Time Viewing: Peter Gabriel on British TV 1975-90». White Shadow (Gabriel fanzine ) (3): 8. 
  3. youtube.com
  4. Mankowitz, Gered. «Help!». Mojo, April 2007.
  5. 5,0 5,1 «Gabriel, Peter. »Out, Angels Out – an investigation" Arkivert 18. juni 2007 ved Wayback Machine. genesis-path.net, August 1975. Henta den 14. mars 2020.
  6. Welch, Chris. «Peter Gabriel Quits Genesis». Melody Maker, 23. august 1975.
  7. Best magazine (France), circa 1977. februar omsett av Fred Tomsett i Gabriel fanzine White Shadow #2, kring 1989
  8. email to petergabriel.com Mailingliste i høvet 40-årsjubileet til albumet i 2017
  9. http://www.billboard.com/artist/329043/peter+gabriel/chart
  10. http://mrprog.free.fr/pg1.htm
  11. Manning, Richard. «Hipgnosis Album Cover Art». Richard Manning. Richard Manning. Henta 1. april 2015. 
  12. 12,0 12,1 «Peter Gabriel 1 - Car». Real World Galleries. Real World Galleries. Henta 1. april 2015. 
  13. Erlewine, Stephen Thomas. «Peter Gabriel – Peter Gabriel». AllMusic. Henta 23. februar 2020. 
  14. DeRogatis, Jim (4. juli 1993). «A Solo Diskografi». Chicago Sun-Times. Arkivert frå originalen 19. november 2018. Henta 14. mars 2020. 
  15. Brunner, Rob (12. juli 2002). «Peter Gabriel: Peter Gabriel 1». Entertainment Weekly: 84–85. 
  16. Considine, J. D. (2004). «Peter Gabriel». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 319–20. ISBN 0-7432-0169-8. 
  17. 17,0 17,1 Christgau, Robert (25. april 1977). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice. Henta 23. februar 2020. 
  18. Demorest, Stephen (5. mai 1977). «Peter Gabriel (1)». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 24. januar 2008. Henta 23. februar 2020. 
  19. Nick Kent: «Gabriel: The Image Gets a Tweak». NME, 10. juni 1978
  20. «Peter Gabriel 1» Official Charts Company
  21. «Solsbury Hill» Official Charts Company
  22. «French album salstrofé – Peter Gabriel – Peter Gabriel» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  23. «Les Albums Or». infodisc.fr. SNEP. Arkivert frå originalen 18 Oktober 2011. Henta 31. august 2011.