Peter Prevc

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peter Prevc
20161001 FIS Sommer Grand Prix Hinzenbach 5483.jpg
Fødd 20. september 1992
Kranj
Peter Prevc på Commons

Peter Prevc (fødd 20. september 1992) er ein slovensk skihoppar som representerer SK Triglav Kranj. Under ski-VM 2013 i Val di Fiemme tok Prevc sølvmedaljen storbakken[1] og bronsemedaljen normalbakken.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Peter Prevc i 2014

Prevc debuterte i desember 2009 i verdscupen med ein 22. plass på Lillehammer. Han var med i Slovenias tropp til vinter-OL i Vancouver, der han vart nummer sju i normalbakken. I VM på ski i Oslo i 2011 vart han som best nummer 17 i normalbakken, før han så var med å hoppe Slovenia til ein bronsemedalje i lagtevlinga i storbakken.

Prevc fekk sitt gjennombrot i januar 2012, då han vart nummer fire og seks i dei to verdscuprenna i Zakopane. Seinare i sesongen fekk han ein fjerdeplass i Willingen.

I 2013-sesongen var han med på Slovenias lag som tok to sigrar i verdscupen for lag. Før verdsmeisterskapen på ski hadde han enno ikkje nådd ei individuell pallplassering i verdscupen. Under ski-VM 2013 i Val di Fiemme imponerte Prevc stort med ein tredjeplass i normalbakken, og deretter med å ta sølvmedaljen i storbakken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Peter Prevc – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
  • Peter Prevc ved FIS