Tropikkfuglfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Phaethontidae)
Tropikkfuglfamilien
Raudhaletropikkfugl Phaethon rubricauda
Raudhaletropikkfugl Phaethon rubricauda
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Phaethontiformes
Familie: Tropikkfuglfamilien Phaethontidae

Tropikkfuglar er ein familie, Phaethontidae, av tropisk pelagiske sjøfuglar. Familien er klassifisert i sin eigen orden Phaethontiformes‎. Det er berre tre artar av tropikkfuglar, alle samle i ei slekt Phaethon.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Småtropikkfugl, Phaethon lepturus
Foto: Richard Crossley/The Crossley ID Guide Eastern Birds

Tropikkfuglar har hovudsakleg kvit fjørdrakt med lange halefjører og korte svake bein og føter. Dei tre artane har varierande kombinasjonar av svarte flekkar i andletet, på rygg og venger. Nebba er store, kraftige og litt kurva. Hovudet er stort, medan nakken er stutt, kort og tjukk. Storleiken på desse fuglane varierer frå 76 cm til 102 cm i lengd og 94 cm til 112 cm i vengespenn. Ropet frå tropikkfuglar er vanlegvis ein høg, gjennomtrengande, skingrande lyd, men dei kan òg gje plystrande, eller sprakande lyd. Desse lydane kjem ofte i ein rask serie når dei er på flyging ved kolonien.

Tropikkfuglane fangar ofte byttet ved å observere frå lufta og så styrtdukke, vanlegvis berre rett under overflata av sjøen. Dei et hovudsakleg fisk, særleg flygefisk, og av og til blekksprut.

Vanlegvis hekkar tropikkfuglar i hòler og sprekkar på bakken. Hoa legg eit kvitt, brunflekka egg, og rugetida er 40-46 dagar. Begge foreldra kan ta del i ruginga, men oftast hoa medan hannen fangstar og bringar mat til hoa. Ungane er dundekte når dei klekker. Begge foreldra søker mat og fòrer ungane to gonger kvar tredje dag i ca 12-13 veker til dei er forlèt reiret. Ungane er først flygedyktige etter nokre dagar på havet der dei taper vekt før første flyturen.

Tropikkfuglungar har relativt langsam vekst i forhold til landfugl og dei pleier òg å samle feitt mens dei er små. Dette, saman med kull på berre eitt egg kan vere ein tilpassing til ein pelagisk livsstil kor maten ofte er konsentrert i store mengder, men kan vere vanskeleg å finne.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Tropikkfuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Orden Phaethontiformes‎, familie Phaetontidae

Heliadornis is ei førhistorisk slekt av tropikkfuglar som har vore skildra etter studium av fossil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  3. BirdLife International (2014) Species factsheet: Phaethon lepturus. Henta frå http://www.birdlife.org den 13. desember 2014
  4. BirdLife International (2014) Species factsheet: Phaethon aethereus Arkivert 2016-10-03 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 13. desember 2014
  5. BirdLife International (2014) Species factsheet: Phaethon rubricauda Arkivert 2016-01-07 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 13. desember 2014

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tropikkfuglfamilien