Phillip Wilson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Phillip Wilson
Fødd8. september 1941(1941-09-08)
FødestadSt. Louis, Missouri, U.S.
DødMal:Death date
DødsstadNew York City
FødenamnPhillip Sanford Wilson
OpphavUSA
Aktiv1960–1992
SjangerJazz, frijazz, blues, funk, R&B
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarArt Ensemble of Chicago, Paul Butterfield Blues Band
Verka somMusikar

Phillip Wilson (8. september 194125. mars 1992) var ein USA-amerikansk jazztrommeslagar. Han var med å starte opp Art Ensemble of Chicago og var medlem av Paul Butterfield Blues Band, som han kom med i 1967. Han spelte inn tre album med gruppa.

Seinare skipa Wilson, i lag med Gene Dinwiddie og Buzz Feiten, som òg hadde vore medlem av Butterfield Blues Band, jazzrockbandet Full Moon tidleg i 1970-åra. Han spelte òg inn musikk med The Last Poets, Olu Dara, David Murray, Anthony Braxton og Lester Bowie.[1]

Wilson var framleis aktiv musikar då han vart myrda i New York City den 25. mars 1992 av Marvin Slater. Slater vart dømd i 1997 til 33 år i fengsel.[2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som leiar[endre | endre wikiteksten]

  • 1978: Fruits - Live at the Northsea-Festival in Den Haag, 14. juli 1978, med Leo Smith og Johnny Dyani.
  • 1978: Duet (Improvising Artists, med Bowie)
  • 1978: Live at Moers Festival
  • 1979: Esoteric (Hat Hut)

Som gruppemedlem[endre | endre wikiteksten]

Som gjestemusikar[endre | endre wikiteksten]

Med Lester Bowie

Med Anthony Braxton

Med Paul Butterfield

Med Julius Hemphill

Med Sam Lazar

Med Roscoe Mitchell

Med David Murray

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]