Rising Again

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rising Again
Konsertalbum av Donovan
Utgjeve 22. mai 2001
Innspelt 1971–1981
Sjanger folk
Lengd 95:41
Selskap Pilot Records
Produsent Ukjend
Kritikk
Donovan-kronologi 
Sutras
(1996)
Rising Again Greatest Hits Live: Vancouver 1986
(2001)


Rising Again er ei utvida utgåve av konsertalbumet Rising frå 1990 av den skotske visesongaren Donovan. Det vart gjeve ut i Storbritannia den 22. mai 2001.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gjennom 1990-åra dukka det opp mange utgåver og forkorta versjonar av konsertalbumet Rising frå 1990. Ingen av desse versjonane inneheldt original tittel eller layout, og mange hadde ikkje heller den originale rekkefølgja på songane. Etter over ti år med desse utgjevingane, fekk Pilot Records rettane til songane frå Rising i Storbritannia.

I staden for å berre gje ut Rising på ny, la Pilot Records merke til at rettane til Mellow Records-songane òg gav dei fleire konsertopptak som tidlegare ikkje var gjevne ut av Donovan i 1980-åra. Dei gav den nye utgjevinga namnet Rising Again og la til elleve songar frå dei same konsertane.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Donovan Leitch, bortsett frå der andre er nemnde.

Disk ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Jennifer Juniper» 2:00
2.«Catch the Wind» 3:41
3.«Josie» 3:24
4.«Hurdy Gurdy Man» 6:04
5.«Sunshine Superman» 3:53
6.«Colours» 2:51
7.«There Is a Mountain» 3:06
8.«Mellow Yellow» 3:24
9.«Sadness» 2:49
10.«Universal Soldier»Buffy Sainte-Marie2:44
11.«Cosmic Wheels» 3:42
12.«Isle of Islay» 2:27
13.«Trucking Your Blues Away»Blind Boy Fuller2:22
14.«Wear Your Love Like Heaven» 2:17
15.«Love Will Find a Way» 2:44
16.«The Pee Song» 1:43
Disk to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Sailing Homeward» 3:27
2.«Mr. Flute Man» 2:11
3.«Lalena» 3:13
4.«Young Girl Blues» 5:05
5.«Young But Growing»trad. arr. Donovan3:42
6.«Stealing»trad. arr. Donovan4:17
7.«Season of the Witch» 3:39
8.«Atlantis» 3:05
9.«Colours» 2:21
10.«To Susan On The West Coast Waiting» 1:39
11.«Catch the Wind» 2:40
12.«Make Up Your Mind to Be Happy» 5:27
13.«Happiness Runs» 5:33

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]