Rock 'n' Roll with Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rock 'n' Roll With Me
Singel av David Bowie
frå albumet David Live
B-side

«Panic in Detroit»

Utgjeve September 1974 (US)
Innspelt Philadelphia, 14. juli 1974
Sjanger Rock
Lengd 4:15
Selskap RCA Records
PB 10105 (US)
Låtskrivar(ar) David Bowie, Warren Peace
Produsent Tony Visconti
David Bowie-kronologi 
«Knock on Wood»
(1974 - UK)
Rock 'n' Roll With Me «Young Americans»
(1975)


«Rock 'n' Roll With Me» er ein song skriven av David Bowie og Warren Peace, spelt inn i januar 1974 og først gjeve ut på Bowie-albumet Diamond Dogs i april 1974. Ein versjon innspelt under Diamond Dogs-turneen same året kom ut på albumet David Live.

Medan songen «Knock on Wood» frå David Live vart gjeven ut som singel i Storbritannia, vart konsertversjonen av «Rock 'n' Roll With Me» vald ut som singel i USA som svar på den nylege coverversjonen til Donovan.[1] B-sida på begge singlane var eit konsertopptak frå Diamond Dogs-turneen av «Panic in Detroit», opphavleg frå Aladdin Sane (1973).

Som «Rebel Rebel», den første singelen frå Diamond Dogs, vart «Rock 'n' Roll With Me» opphavleg skriven som ein del av den planlagde Ziggy Stardust-musikalen i 1973.[2] Han har vorte skildra som «ein av Bowie sine minst sjølvmedvitne kjærleikssongar» og ein forsmak på R&B-balladane på Young Americans (1975).[3]

Songen vart spelt inn 15. januar 1974.

Låtskriving[endre | endre wikiteksten]

Songen vart skriven heime hos Bowie i Oakley Street i London, etter Warren Peace (Geoff MacCormack) byrja å spele akkordar på pianoet hans. Bowie og Peace var inspirerte av Fats Domino og Little Richard, to rhythm and blues-musikarar dei lytta til i barndommen.[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rock 'n' Roll With Me» (tekst av David Bowie; musikk av Bowie, Warren Peace) – 4:15
  2. «Panic in Detroit» (Bowie) – 5:41

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Den same versjonen som på singelen og på David Live finst òg på den nederlandske utgjevinga Rock Concert. Eit anna konsertopptak frå 1974-turneen vart gjeven ut på det halvoffisielle albumet A Portrait in Flesh.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.175-175
  2. David Buckley (1999) Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.140
  3. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.62
  4. John Robinson (2014). "The Story of Diamond Dogs: Ziggy's last stand and the Dame's crazy year of 1974", Uncut.