Neutronica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Neutronica
Studioalbum av Donovan
Utgjeve August 1980
Innspelt 1980
Sjanger Rock, folkrock
Lengd 36:04
Selskap RCA (Vest-Tyskland)
Barclay (Frankrike)
Produsent Donovan Leitch, Peter Walsh
Donovan-kronologi
Donovan
(1977)
Neutronica Love Is Only Feeling
(1981)


Meldingar
Karakter
Kjelde Karakter
Allmusic lenkje

Neutronica er det femtande studioalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Det kom ut i Vest-Tyskland i august 1980 og i Frankrike i 1980.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter at Donovan ikkje gjekk inn på salslistene i verken Storbritannia eller USA, gjekk Donovan nok ein gong frå den langvarige produsenten sin Mickie Most. Han reiste mykje i Europa og skaffa merksemd om hungersnaud i verda og protesterte mot spreiing av atomvåpen og våpenutvikling. RCA gav han kontrakt for ein europeisk distribusjonsavtale, som starta med Neutronica i 1980. Albumet vart ikkje gjeven ut i USA eller Storbritannia.

Mange av songane Donovan skreiv for Neutronica er direkte knytte til dei politiske syna hans. På denne tida hadde han ein kampanje mot det han såg på som uforholdsmessige store militære utgifter, medan det var hungersnaud mange stader i verda. Donovan spelte òg inn «Mee Mee I Love You», ein song skriven i lag med dottera Astrella Leitch, og to antikrigssongar - den tradisjonelle songen frå krimkrigen, «Heights of Alma» og Eric Bogle sin ballade frå første verdskrigen, «No Man's Land». Arrangementa på Neutronica varierer frå synthesizerbaserte rockesongar til akustiske viser.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Donovan Leitch, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Shipwreck»     3:30
2. «Only to Be Expected»     3:27
3. «Comin' to You»     3:30
4. «No Hunger»     2:44
5. «Neutron»     2:05
6. «Mee Mee I Love You»   Donovan Leitch, Astrella Leitch 2:45
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
7. «The Heights of Alma»   trad. arr. Donovan 3:45
8. «No Man's Land»   Eric Bogle 5:23
9. «We Are One»     3:52
10. «Madrigalinda»     2:47
11. «Harmony»     2:16
Bonusspor på 2001-utgåva
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
12. «Heights of Alma»   trad. arr. Donovan 3:33
13. «Universal Soldier»   Buffy Sainte-Marie 2:38
14. «Only to Be Expected»     2:40
15. «Split Wood Not Atoms»     2:41
16. «Shipwreck»     3:45
17. «Madrigalinda»     2:44
18. «Fair Ye Well»     1:50

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]