Ritual Groove

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ritual Groove
Studioalbum av Donovan
Utgjeve 18. oktober 2010
Sjanger Folkrock
Selskap Donovan Discs
Produsent Donovan med Dana Clarke, David Lynch, Dee Robb, Dennis Bovel, Dennis Herlihy, Jerry Wexler, John Chelew, Josep Umbria og Rod Callan
Donovan-kronologi
Beat Cafe
(2004)
Ritual Groove Shadows of Blue
(2013)


Ritual Groove er det 24. studioalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Det kom ut som eit dobbeltalbum den 18. oktober 2010 og var berre tilgjengeleg via heimesida til Donovan.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter albumet Sutras kom ut i 1996 vart det rapportert at Donovan hadde gjort ferdig ein oppfølgjar, kalla The Promise. Denne skulle ut på det same selskapet som Sutras, Rick Rubin sitt American Recordings, men sidan Sutras selde dårlegare enn venta, vart ikkje kontrakten til Donovan fornya og The Promise kom aldri ut. Mange av songane som var meint for The Promise enda omsider opp på Ritual Groove i dei originale utgåvene frå kring 1996.

I 2006, etter at Beat Café hadde kome ut i 2004, annonserte Donovan eit nytt album på heimesida si, det doble Ritual Groove. Utgjevinga var planlagt på våren 2007 i samband med ein turné i Storbritannia i april det året. Det vart sagt at heile plata var finansiert av David Lynch og rykte om at albumet var filmmusikken til ein ny Lynch-film kalla The Square Root of 1%. Donovan hevda at albumet var «musikk til ein film som ikkje er laga enno. Faktisk er det eit filmmusikkalbum og minst fem regissørar har sagt seg interesserte i å lage scenar. Så det er på mange måtar eit nytt mediaplattform-prosjekt. Eg håpar at David Lynch skal plukke ein av scenane.»

Kort tid etter vart turneen avlyst på grunn av dårleg bilettsal. Albumet var ferdig innspelt og klart for utgjeving, men kom ikkje som først annonsert. I 2008 gav Donovan ut singelen «Cherchez l'erreur», en duett med den franske songaren Zouzou, for digital nedlasting på iTunes. Denne songen kom ut på Ritual Groove.

Ein høyrde ikkje noko meir til albumet på to år før i 2009, då ein Ritual Groove-turné igjen vart annonsert på nettsida til Donovan. Berre ei konsert i Monterey i mai 2009 vart planlagt, som ein «demokonsert» eller prøve for ideen til turneen. Parfymar skulle sprøytast ut over publikum under konserten som ein del av den musikalske opplevinga. Somme i publikum klaga på hoste og tørr hals.

I april 2010 gav Donovan ut ein ny singel kalla «I am the Shaman» på sitt eige Donovan Discs. Songen vart spelt inn i mars i studioet til David Lynch i Hollywood og Lynch sjølv var produsent. Songen var berre tilgjengeleg på iTunes og kom òg ut på Ritual Groove.

Fram til oktober 2010 spelte Donovan fleire konsertar og festivalar, og inkludert stundom songar frå Ritual Groove, som «Refugee of Love» og «The Promise». «The Illusion» var tidlegare framført i januar 2007 i Los Angeles.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Den 5. oktober vart Ritual Groove presentert på den offisielle nettsida til Donovan som eit dobbelt album med 27 songar. 5000 kopiar av ei luksusutgåve med eit hefte på 36 sider var mogeleg å førehandsbestille, men berre gjennom nettsida. Albumet har sidan den gong berre vore i sal på nettsida hans, der det òg har vore mogeleg å betale litt ekstra for signerte utgåver, eller i samband med konsertane hans.

Den 8. desember vart ein ny singel frå Ritual Groove gjeven ut, «Save the World» vart presentert som ein hyllest til John Lennon og kom ut i høve 30-årsjubileet til dødsfallet hans. Alle inntektene frå singelen gjekk til David Lynch Foundation.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Donovan. 

Plate ein
# Tittel Lengd
1. «Univerz»   2:37
2. «E-Motion»   4:01
3. «Waves»    
4. «Diggin' the Future Now»   2:31
5. «I'm an American»    
6. «Mistaken Eternity»   3:11
7. «Cherchez L'Erreur»   3:32
8. «Shaman»   1:41
9. «The Mountain»   3:42
10. «Devil Weed»   4:51
11. «The Olive Tree»   4:22
12. «Linda»   3:13
13. «Local Boy Chops Wood»   3:35
14. «The Breath»   4:32
Plate to
# Tittel Lengd
1. «The Illusion»    
2. «Flame»    
3. «Refugee of Love»   5:22
4. «Still Waters»   3:41
5. «Big Pop Star»    
6. «Love Seed»   3:51
7. «Ja Healer»   3:39
8. «Gentle Heart»   3:54
9. «Dreams of Love»   3:20
10. «A Woman's Work»    
11. «Save the World»   3:17
12. «The Breath (Reprise)»   2:40
13. «I am the Shaman» (bonus) 4:29

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]