Flugesnapparfamilien
Flugesnapparfamilien | |
Brilleflugesnappar, Melaenorni fischeri | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Parvorden: | Passerida |
Overfamilie: | Muscicapoidea |
Familie: | Flugesnapparfamilien Muscicapidae Vigors, 1825 |
Flugesnapparfamilien, Muscicapidae, er ein biologisk familie av over 350 artar i ordenen sporvefuglar. Artane er utbreidde i Afrika, Asia og Europa. Familien har stort mangfald på fleire vis, han samlar 52 slekter, ofte med særpreg i utsjånad og levevis. Mange artar deler fellesnamn på tvers av taksonomisk inndeling, døme er flugesnappar, raudstjert, steinskvett, nattergal, flugesvett, trastskvett og andre, alle spenner over fleire slekter. Dette er små insektetarar, og mange artar fangar gjerne byttet i flukt.
Kjente artar i Noreg frå denne familien er raudstrupe og svartkvit flugesnappar.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Fuglar i flugesnapparfamilien er små til mellomstore fuglar, med kroppslengd mest vanleg frå 10 til 22 centimeter. Blåplystretrast (Myophonus caeruleus) er eit unnatak, han kan bli 35 cm og vege 231 gram. Mange av desse fuglane står med oppreist kroppsstilling på ei grein eller eit oppstikkande objekt på bakken. Einskilde bakkelevande artar, slik som viftenattergal (Luscinia phaenicuroides), har ei meir horisontal kroppsstilling. Elles er utsjånaden til desse fuglane mykje varierte utan gjennomgåande fellestrekk. Mange arter er matt brune med innslag av raudbrunt og nokre med gult. Andre er i svartkvitt eller i variantar av blått, kombinasjonar av sterk blå overside og oransje underside som i slekta Niltava. Vengene er middels store, halen middels lang, men medlemane i Enicurus har lange halar. Dei fleste har små nebb som andre insektetarar, nokre har breie, flate nebb, eigna til å fange insekt i flukt, jamvel om dei som finn føde på bakken vanlegvis har finare nebb. Tarsiger-artane, til dømes blåstjert, har spinkle nebb.
Dei iaugefallande fjørdraktene finn ein stort sett berre hos hannar, og desse artane syner sterkt kjønnsdimorfisme.
Ein finn medlemar av familien i nesten alle typar miljø der det finst passande åtkomst av tre, frå tett skog til opne kratt, og til og med i høgtliggande skog i Himalaya. Dei mest nordlege artane trekkjer langt sørover om vinteren, noko som sikrar ein kontinuerleg diett av insekt. Det er gjerne «flugesnapparar» som føretrekker skogdekke. Fleire steinskvettar finst i tørre område med lite vegetasjon, ravinesteinskvett, sørgjesteinskvetts og basaltsteinskvett med leveområde frå Nord-Afrika, over Den arabiske halvøya og Levanten til Iran er døme på slike artar.[1]
Fuglane i denne familien lever av insekt og andre virvellause dyr. Nokre få artar har òg bær og frø på menyen. Dei fleste artane beitar lågt i vegetasjonen eller nede på bakken.[2]
Avhengig av art er reiret anten godt konstruert og koppforma plassert i eit tre eller på bakken, eller inne i eit eksisterande hòl i eit tre. Det vanlege er kull på to til åtte egg, nordlege artar har ein tendens til å leggje dei største kulla. Det vanlege er at para er monogame og at foreldra samarbeider i omsut for ungane, men hos somme artar er hoa aleine om både reirbygging og ruging. Hos nokre artar finn ein polygyni med ein hann som parar opptil tre hoer.[2]
Læte
[endre | endre wikiteksten]Raudstrupe og nærskylde «skvettar», shamaer i Copsychus og nattergalar er dei mest framståande songarar i familien. Generelt har artane i flugesnapparfamilien melodiøse vokaliseringane, nokre kan immitere andre artar og nokre par syng duett. Artar i Muscicapa med gråflugesnappar og andre i stammen Muscicapini er meir lågmælte i song, men har skarpe rop.[3]
Utbreiing[a]
[endre | endre wikiteksten]Den største diversiteten og flest hekkefuglar av flugesnapparar finst i Den orientalske regionen, som omfattar Sør- og Søraust-Asia. Her hekkar ca. 130 artar eller ca. 37 % av artane. Afrika har ca. 120 artar eller 34 % og Den palearktiske regionen med Eurasia 65 artar, 19 %. Andre artar finst på austlege øyar i Indonesia aust til Ny-Guinea. Ein art, den eurasiatiske blåstrupe (Luscinia svecica) har spreidd seg over Beringsundet og hekkar også i Alaska. Ein annan art som er vidt utbreidd i Eurasia, steinskvett (Oenanthe oenanthe), er også spreidd over austover Beringssundet til Alaska og vestlege Yukon i Canada og mot vest over Atlanteren til Island, Grønland og nordaustre Canada. Steinskvettar på nordvestlege Grønland kan være dei i familien som hekkar lengst mot nord. Alle populasjonane av steinskvett overvintrar i Afrika sør for Sahara, ei lang trekkrute innanfor ordenen sporvefuglar.
Det finst 11 artar i denne familien som er regelmessige hekkefuglar i Noreg, og dette er blåstrupe, buskskvett, dvergflugesnappar, gråflugesnappar, nattergal, raudstjert, raudstrupe, steinskvett, svartkvit flugesnappar, svartraudstjert og svartstrupe.[5]
Trugsmål, status og vernetiltak
[endre | endre wikiteksten]Det mest framheva trugsmålet mot flugesnapparar i «den gamle verda» er habitatstap, og da særleg det som avskoging fører med seg.[2]
Andelen av raudlista artar i flugesnapparfamilien er som for alle fuglefamiliar samla sett, ca. 20 %, men det er marginalt færre sterkt truga eller kritisk truga artar av flugesnapparar.[4]
Slekta Cyornis samlar 32 artar i Den orientalske regionen, mange på øyane i Søraust-Asia. 14 av 29 kategoriserte medlemar i slekta er raudlista, det inkluderer begge dei kritisk truga artane i familien, og Cyornis samlar òg 9 av 10 sterkt truga artar i familien. Ravineflugesnappar (Cyornis banyumas) på Java og mavineflugesnappar, (Cyornis ruckii) på nordre Sumatra er dei kritisk truga artane. Sistnemnde art er sist sett i år 1918. Steinskvettar, Oenanthe, har 33 artar som hekkar i Eurasia og Afrika. Ingen av dei er raudlista. Den største slekta av flugesnapparar er Ficedula med 35 artar der 10 er raudlista og av dei ein art er sterkt truga: lompobattangflugesnappar (Ficedula bonthaina) med eit lite leveområde høgtliggande (over 1100 moh.) på sørvestre Sulawesi. Akalatar i Sheppardia hekkar i Afrika. Av dei 11 artane er 3 sterkt truga i svært avgrensa habitat.[4]
Blant dei andre 50 slektene er 18 artar anten kategoriserte som sterkt truga eller sårbare.[4] Fire av dei er øyartar som møter introduserte predatorar, dei 14 andre er pressa av menneske som treng inn i habitata.[2]
Slekter
[endre | endre wikiteksten]Familien samlar 351 artar og 54 biogiske slekter. Slekter av flugesnapparar etter IOC World Bird List V14.1. 2024,[4] Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler.[6] Underfamiliar er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist:[7]
Underfamilie Muscicapinae, 69 artar. Utbreiing i stor grad i Den afrotropiske regionen, nær ein av fire i Den orientalske regionen. Fire artar inkludert gråflugesnappar i Den palearktiske regionen.
- Stamme Copsychini, 25 artar
- Slekt Alethe, 2 artar aletear
- Slekt Cercotrichas, 10 artar krattskvettar
- Slekt Copsychus, 13 artar shamaer og skjorskvettar
- Stamme Muscicapini, 44 artar
- Slekt Agricola, 2 artar
- Slekt Fraseria, 8 artar
- Slekt Melaenornis, 7 artar
- Slekt Namibornis, hereroskvett
- Slekt Empidornis, sølvflugesnappar
- Slekt Sigelus, fiskalflugesnappar
- Slekt Bradornis, 6 artar
- Slekt Humblotia, karthalaflugesnappar
- Slekt Muscicapa, 17 artar
Underfamilie Niltavinae, 55 artar. To artar hekkar i austlege Asia, alle andre i Den orientalske regionen og på øyar i austlege Søraust-Asia.
- Slekt Leucoptilon, kvithaleflugesnappar
- Slekt Niltava, 7 artar niltavaer
- Slekt Cyanoptila, 2 artar
- Slekt Eumyias, 11 artar
- Slekt Anthipes, 2 artar
- Slekt Cyornis, 32 artar
Underfamilie Cossyphinae, 37 artar. Utbreiing i Den afrotropiske regionen, med unnatak av raudstrupe som lever i Den palearktiske regionen.
- Slekt Erithacus, raudstrupe
- Slekt Swynnertonia, halvmåneskvett
- Slekt Pogonocichla, stjerneskvett
- Slekt Stiphrornis, skogskvett
- Slekt Cossyphicula, 2 artar trastskvettar
- Slekt Chamaetylas, 4 artar aletear
- Slekt Cossypha, 8 artar
- Slekt Cichladusa, 3 artar palmeskvettar
- Slekt Xenocopsychus, grotteskvett
- Slekt Dessonornis, 4 artar trastskvettar
- Slekt Sheppardia, 11 artar akalatar
Underfamilie Saxicolinae, 190 artar. Underfamilien samlar brorparten av artane som hekkar i Den palearktiske regionen, inkludert svartkvit flugesnappar.
- Slekt Sholicola, 2 artar
- Slekt Irania, kvitstrupenattergal
- Slekt Luscinia, 4 artar nattergalar
- Slekt Myiomela, 3 artar
- Slekt Calliope, 5 artar
- Slekt Enicurus, 8 artar kløftstjertar
- Slekt Cinclidium, blåpanneskvett
- Slekt Myophonus, 9 artar plystretrastar
- Slekt Heinrichia, storkortveng
- Slekt Vauriella, 4 artar
- Slekt Leonardina, bagoboskvett
- Slekt Brachypteryx, 10 artar kortvengar
- Slekt Larvivora, 8 artar
- Slekt Ficedula, 35 artar
- Slekt Tarsiger, 6 artar
- Slekt Heteroxenicus, stjernekortveng
- Slekt Phoenicurus, 14 artar raudstjertar
- Slekt Monticola, 14 artar
- Slekt Saxicola, 15 artar
- Slekt Campicoloides, okerskvett
- Slekt Emarginata, 3 artar
- Slekt Pinarochroa, bergskvett
- Slekt Thamnolaea, 2 artar klippeskvettar
- Slekt Myrmecocichla, 8 artar
- Slekt Oenanthe, 33 artar steinskvettar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Old World flycatcher» frå Wikipedia på engelsk, den 30. august 2010
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Collar, N. (2020). Mourning Wheatear (Oenanthe lugens), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, og T. S. Schulenberg, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.mouwhe2.01
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Winkler, D. W., S. M. Billerman, og I. J. Lovette (2020). Old World Flycatchers (Muscicapidae), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, og T. S. Schulenberg, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.muscic3.01
- ↑ Fjeldså, Jon; Christidis, Les; Ericson, Per G. P. (oktober, 2020). The Largest Avian Radiation - The Evolution of Perching Birds, or the Order Passeriformes. Lynx Edicions. s. 251-257. ISBN 978-84-16728-33-6.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2024). «Chats, Old World flycatchers». IOC World Bird List Version 14.1. International Ornithologists' Union. Henta 11. februar 2024.
- ↑ «Norgeslisten». Birdlife Norge.
- ↑ Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 8. desember 2023.
- ↑ «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 6. juli 2023.