Solsikkeslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Solsikkeslekta
A sunflower.jpg
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Asteroideae
Overstamme: Helianthodae
Stamme: Heliantheae
Slekt: Solsikkeslekta Helianthus
L., 1753

Solsikkeslekta (Helianthus) er ei planteslekt i korgplantefamilien.[1][2] Totalt er det 110 artar i slekta, og alle stammar frå Amerika. Blada er hjarteforma, og korgene er store; skivekronene er brune og randkronene gule.[1]

Ordet «solsikke» viser som oftast til solsikkearten H. annuus. I tillegg til denne arten høyrer òg jordskokk til solsikkeslekta.[1] Bortsett frå tre artar i Sør-Amerika er alle artane i solsikkeslekta opphavleg frå Nord-Amerika. Dei runde brune skivekronene og gule randkronene til blomen liknar sola.[3] Solsikke og jordskokk blir dyrka i tempererte område til mat og som prydplantar.[4]

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet «solsikke» er ei omskriving av det latinske solsequium, av sol, 'sol', og sequi, 'følgje'. Namnet speler på at solsikker vender seg etter sola.[5]

Det vitskaplege namnet Helianthus kjem av gresk ήλιος, hēlios, 'sol', og ανθός, anthos, 'blome'.[6]

Artar[endre | endre wikiteksten]

Artar som no blir rekna til slekta er:[7][8]


Tidlegare medtekne artar[endre | endre wikiteksten]

Dei følgjande artane var tidlegare rekna til slekta Helianthus.[7]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Solsikke. (31. desember 2015). I Store norske leksikon. Henta 6. januar 2017.
  2. Solvendel. (19. september 2012). I Store norske leksikon. Henta 6. januar 2017.
  3. Shorter Oxford English Dictionary (6. utg.). United Kingdom: Oxford University Press. 2007. s. 3804. ISBN 0-19-920687-2. 
  4. RHS A-Z Encyclopedia of Garden Plants. United Kingdom: Dorling Kindersley. 2008. s. 1136. ISBN 1-4053-3296-4. 
  5. de Caprona, Yann: Norsk etymologisk ordbok. 5. opplag, Kagge Forlag (2014). s. 309
  6. Helianthus. (2015, 31. desember). I Store norske leksikon. Henta 18. januar 2017.
  7. 7,0 7,1 «Helianthus». The Plant List. Missouri Botanical Garden. Royal Botanic Gardens, Kew. 
  8. «Helianthus». County-level distribution maps from the North American Plant Atlas (NAPA) (Biota of North America Program (BONAP)). 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Solsikkeslekta