Solsikke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Solsikke
Solsikke
Solsikke
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Asteroideae
Overstamme: Helianthodae
Stamme: Heliantheae
Slekt: Solsikkeslekta Helianthus
Art: Solsikke H. annuus
Vitskapleg namn
Helianthus annuus

Solsikke (Helianthus annuus) er ein plante i solsikkeslekta som kan bli over fire meter høg. Stengelen er kraftig og ruhåra, og har opprett vekst. Blomane er store, og kan bestå av inntil 40 cm breie blomekorger med gule, brune eller raudaktige kronblad. Solsikke er relativt lettdyrka, men krev at visse vekstvilkår er oppfylt for å kunna veksa maksimalt. Plante trivst best med full sol og varm temperatur (helst over 20°C). Planten krev også mykje vatn og næring.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Solsikkeblomster[endre | endre wikiteksten]

Solsikker er populære som hagevekstar. I tillegg til å vera dekorative, er dei lette å dyrka og hardføre mot sjukdommar og skadedyrangrep. Det er utvikla fleire sortar med ulike eigenskapar med omsyn til mellom anna høgd og farge.

Solsikker er også etterspurte som snittblomar, og blir selde i mange blomehandlar.

Solsikkefrø[endre | endre wikiteksten]

Fruktene av solsikke, solsikkefrø, blir ofte brukt som fuglemat, til dømes på fuglebrett. Dei kan også brukast i bakverk og salatar, og som snacks. Fruktene er botanisk sett nøtter (eller smånøtter) fordi dei har eit hardt skal som blir spreidd saman med det eigentlege frøet. Når frukta blir brukt i mat er det frøet (uten skal) ein bruker, men som fuglemat er det gjerne heile frukta.

Solsikkeolje[endre | endre wikiteksten]

Solsikka blir også dyrka for oljeproduksjon. Frå fruktene kan ein pressa solsikkeolje, ei bleikgul, tyntflytande, mild og feit olje som tørkar inn om ho er i kontakt med luft. Olja har behageleg smak og er løyseleg i eter og alkohol. Kjemisk sett inneheld ho olein, palmitin, stearin og linolein. Oljen blir burkt som matolje (kaldpressa) og til lakk og såpe (varmpressa).

Det som er att når olja er pressa ut av fruktene blir gjerne brukt som dyrefôr.

Som symbol[endre | endre wikiteksten]

Solsikke er brukt som symbol i fleire samanhenger. Solsikka var eit mykje brukt heilag symbol i Inkariket, som rekna blomen som eit symbol på sola. Frå 1860-åra blei solsikka eit mykje brukt symbol på kvinnesak og stemmerettskampen. I denne samanhengen stamma symbolet opphavleg frå delstatssymbolet til Kansas og kampanjen for stemmerett for kvinner starta av Elizabeth Cady Stanton og Susan B. Anthony i 1867. Her symboliserte solsikka også opplysing.[1]

Solsikke er også brukt som symbol på grøn ideologi og grøne politiske parti, og i fleire andre samanhengar.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cheris Kramarae & Paula A. Treichler (red.), Amazons, Bluestockings and Crones: A Feminist Dictionary, Pandora Press, 1992