Sovjetisk kultur
Sovjetisk kultur gjekk gjennom ulike stadium i løpet av dei 69 åra Sovjetunionen eksisterte. Han hadde bidrag frå folk av ulike nasjonalitetar frå kvar av dei femten sovjetrepublikkane, med ein liten majoritet russarar. Dei sovjetiske styresmaktene støtta kulturelle institusjonar, men dreiv også med streng sensur.
Utvikling
[endre | endre wikiteksten]Under Lenin
[endre | endre wikiteksten]Den viktigaste kommunistiske haldninga til kunst og kunstnarar i åra 1918-1929 var prega av relativ fridom, med ein stor grad av eksperimentering i mange ulike stilar som eit forsøk på å finna ein særskilde sovjetisk kunststil. Under ein såkalla ny økonomisk politikk (NEP) hadde relativt fridom til å eksperimentera både i det sosiale og det kulturelle livet i Sovjetunionen. Styresmaktene tolererte mange ulike trendar innan desse områda, så lenge dei ikkje var direkte fiendtleg stilt mot regimet. Innan kunst og litteratur blomstra ei rekkje ulike skular, både tradisjonelle og radikale. Kommunistiske forfattarar som Maksim Gorkij og Vladimir Majakovskij var aktive på denne tida, men mange forfattarar gav også ut litteratur utan politisk sosialistisk innhald - og mange av dei fekk seinare verka sine sensurerte. Film var sett på som eit medium til å påverka eit folk som i stor grad ikkje var lesekunnig, og fekk statleg støtte. Mykje av det beste arbeidet til filmskaparen Sergej Eisenstein stammar frå denne tida.
Utdanning, under kommissær Anatolij Lunatsjarskij, gjekk inn i ein eksperimentell fase basert på progressive teoriar om læring. Samstundes utvida staten grunnskulen og vidare utdanning, og introduserte kveldsskular for arbeidande vaksne. Tidleg sovjetisk språkpolitikk la vekt på nasjonale språk, og det blei lagt ned arbeid i å skriftfesta dei som mangla skrifspråk.
Under den nye økonomiske politikken letta staten på den aktive forfølginga av religion som hadde byrja under krigskommunismen, sjølv om han framleis fremja ateisme. Kommunistpartiet støtta fornyinga eller «renoveringa» av den russiske ortodokse kyrkja, men denne rørsla døydde ut på slutten av 1920-talet.
Lovverket endra familieliv. Abort blei legalisert, og skilsmisse blei gradvis lettare å oppnå. Offentlege kafeteriaer blei utbreidde i staden for private heimekjøkken.
Under Stalin
[endre | endre wikiteksten]Under Josef Stalin sitt styre var kulturlivet prega av veksten og dominansen til den statleg sanskjonerte stilen sosialistisk realisme. Alle andre trendar blei strengt undertrykte, med sjeldne unntak. Mange forfattarar blei fengsla og drepne, eller døydde av svolt, som Daniil Kharms, Osip Mandelstam, Isaak Babel og Boris Pilnjak. Andrej Platonov arbeidde som gravferdsarbeidar og fekk ikkje lov til å gje ut noko. Verka til Anna Akhmatova blei også fordømde av regimet, sjølv om ho nekta å rømma til Vesten.
Medan partiet prøvde å gjera det sovjetiske styret meir akseptabelt for ukrainarar blei ein stor grad av nasjonal kulturell utviklinga tolerert.[1] Etter denne korte perioden då ukrainsk litteratur fekk ein renessanse enda over 250 ukrainske forfattarar opp døde under den store utreinskinga. Tekstar av fengsla forfattarar blei konfiskerte av NKVD; nokre av dei blei gjevne ut seinare. Bøker blei tekne ut frå bibliotek og øydelagde.
Stalin og sovjetregimet undertrykte folklore, som dei meinte støtta opp om det gamle tsar-styre og ein kapitalistisk økonomi. For å hindra at gamle «upassande» idear spreier seg blant massane, oppretta styresmaktene den russiske foreininga for proletariske forfattarar. Foreininga fokuserte spesifikt på å sensurera eventyr og barnelitteratur. Eventyr blei tekne vekk frå bokhyller og ungar blei oppmuntra til å lesa bøker om natur og vitskap.[2] Den russiske foreininga for proletariske forfattarar blei til Den sovjetiske forfattarforeininga i 1934.
Forfattarar kunne formidla regjeringsgodkjente eventyr og bylinaer som allereie eksisterte, eller skriva nye kommunistiske eventyr. Desse moderne eventyra kombinerte strukturane og motiva til den gamle bylinaen med det moderne livet i Sovjetunionen. Dei nye historiene blei kalla noviny, og blei haldne fram som ein renessanse av det russiske eposet.[3]
I tillegg til litteratur blei musikalske uttrykk også undertrykte under Stalin, og til tider var musikken til mange sovjetiske komponistar heilt forboden. Dmitrij Sjostakovitsj hadde eit særleg komplisert tilhøve til Stalin sitt styre, der det meste av musikken hans blei fordømd og forboden to gonger, i 1936 og 1948. Sergej Prokofjev og Aram Khatsjaturian hadde liknande opplevingar. Sjølv om Igor Stravinskij ikkje budde i Sovjetunionen, blei musikken hans offisielt rekna som formalistisk og anti-sovjetisk.
Sein sovjetisk tid
[endre | endre wikiteksten]Under Brezjnev på 1960-, 1970- og 1980-talet hadde sovjetisk kultur ein særskild periode med eit konformt offentleg liv og eit intenst fokus på personlege livet. Populærkulturen synte ein stor fascinasjon for amerikansk populærkultur, til dømes gjennom ei dille for dongeribukser.
Frå tida under Khrusjtsjov fann det stad ei viss liberalisering for alle delar av livet. Innan kunsten kunne ein utvikla ikkje-formell, undergrunns- og dissentarkunst som framleis var forboden, men ikkje lenger førte til trugsmål om å sendast til arbeidsleirane i Gulag. Aleksandr Solzjenitsyn, som skreiv den kritiske En dag i Ivan Denisovitsj' liv, vann Nobelprisen i litteratur, men måtte seinare dra i eksil.
På 1970-talet blei det mogleg å eksperimentera meir med kunstformene enn det som var tillate innan dei strenge rammene for sosialistisk realisme, og det blei laga fleire sofistikerte og subtilt kritiske verk. Dermed kunne til dømes Jurij Trifonov skriva verk som tok for seg problem i dagleglivet heller enn berre å byggja opp sosialisme. Innan musikk fortsette staten å mislika vestlege fenomen som jazz og rock, men byrja likevel å tillata vestlege musikkensemble å opptre i landet. Den innfødde visesongaren Vladimir Vysotskij var svært populær, men blei ikkje offisielt anerkjend på grunn av dei ikonoklastiske tekstane sine.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Culture of the Soviet Union» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Culture of the Soviet Union, wikinfo.org
- This article incorporates public domain text from the Library of Congress Country Studies. - Soviet Union
- ↑ «Ukrainization». www.encyclopediaofukraine.com. Henta 30. juni 2019.
- ↑ William B. Husband, "’Correcting Nature's Mistakes’: Transforming the Environment and Soviet Children's Literature, 1828–1941," Environmental History 11 (2006): 304.
- ↑ Oinas, "Political Uses and Themes," 169.