Space Man
«Space Man» Song av Sam Ryder | ||
Land | Storbritannia | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 22. februar 2022 | |
Sjanger | Pop[1] | |
Lengd | 03:37 (originalversjon) 03:04 (ESC-versjon) | |
Selskap | Parlophone | |
Tekstforfattar | Sam Ryder | |
Låtskrivar(ar) | Sam Ryder, Amy Wadge, Max Wolfgang |
---|
«Space Man» er ein britisk popsong frå 2022 med Sam Ryder. Låten vart gjeven ut 10. mars 2022 og var det britiske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia. I Eurovision Song Contest vann «Space Man» juryavrøystinga og enda samanlagt på andreplass med 466 poeng. Songen passerte «Love Shine a Light» som det britiske bidraget med flest poeng i tevlinga. Det var også den beste Eurovision-plasseringa til Storbritannia på 24 år, sidan Imaani kom på andreplass med «Where Are You?» i 1998, og den fyrste pallplasseringa til Storbritannia sidan 2002, då Jessica Garlick kom på tredjeplass med «Come Back».[2][3] Etter finalen klatra «Space Man» til ein andreplass på den britiske singellista, den beste plasseringa til eit britisk Eurovision-bidrag sidan Gina G toppa lista i 1996 med «Ooh Aah… Just a Little Bit».[4]
Om songen
[endre | endre wikiteksten]Under koronapandemien gjorde Ryder suksess med coverversjonar av kjende popsongar på TikTok. I slutten av 2021 hadde han over 12 millionar følgjarar på TikTok, og var blant dei mest populære av britiske artistar på plattformen.[5]
Hausten 2021 sette kringkastaren BBC i gong arbeidet med å finne ein artist og song til å representere Storbritannia i Eurovision Song Contest 2022.[6] BBC inngjekk eit samarbeid med TaP Music, managementselskapet til Ryder. Saman fann dei fram til «Space Man», som Ryder hadde skrive saman med Max Wolfgang og den Grammy-vinnande låtskrivaren Amy Wadge.[7]
«Space Man» vart fyrste gong spela under frukostsendinga til BBC Radio 1 torsdag 10. mars 2022. Same dag vart songen sloppen for strøyming og digital nedlasting. Songen var det britiske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino. Som eit av dei fem store landa i Eurovision Song Contest, var Storbritannia direktekvalifisert til finalen laurdag 14. mai 2022.[8] Songen vann juryavrøystinga. Då poenga frå sjåaravrøystinga vart lagde til, enda Ryder og «Space Man» på andreplass med 466 poeng. Dette var den beste plasseringa til Storbritannia på 24 år, sidan Imaani vart nummer to med songen «Where Are You?» i 1998.[9][10][11]
Det gode resultatet skapa også stor glede i Storbritannia, som hadde gjort det svært svakt i Eurovision Song Contest dei siste 20 åra.[12][13] Ryder vart erklært som folkehelt, og han vart plukka ut til å opptre under platinajubiléet til dronning Elizabeth.[14][15][16][17] Songen nådde også ein andreplass på den britiske singellista, den beste noteringa for eit britisk Eurovision-bidrag på 27 år.[4]
Listeplasseringar
[endre | endre wikiteksten]Liste (2022) | Høgaste plassering |
---|---|
Australia (ARIA Digital Tracks)[18] | 30 |
Belgia (Ultratop Flandern)[19] | 22 |
Global 200 (Billboard) | 93 |
Hellas (IFPI Greece)[20] | 51 |
Irland (IRMA)[21] | 22 |
Island (Tónlistinn)[22] | 5 |
Litauen (AGATA)[23] | 13 |
Nederland (Nederlandse Top 40)[24] | 27 |
Nederland (Single Top 100)[25] | 71 |
Slovakia (Rádio Top 100)[26] | 46 |
Storbritannia (UK Singles)[27] | 2 |
Storbritannia (OCC UK Download)[28] | 1 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[29] | 45 |
Sverige (Sverigetopplistan)[30] | 15 |
Tyrkia (Radiomonitor Top 100)[31] | 42 |
Tyskland (Nedlastning – Deutsche offizielle Charts)[32] | 12 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «UK Eurovision 2022 song: The sweet meaning behind Sam Ryder's Spaceman». Express UK. 9. mai 2022. Arkivert frå originalen 9. mai 2022. Henta 9. mai 2022.
- ↑ Savage, Mark (14. mai 2022). «Eurovision 2022: Ukraine wins, while the UK's Sam Ryder comes second». BBC News (på engelsk). Henta 19. mai 2022.
- ↑ Savage, Mark (15. mai 2022). «Eurovision 2022: How Sam Ryder turned things around for the UK». BBC News (på engelsk). Henta 19. mai 2022.
- ↑ 4,0 4,1 «Sam Ryder’s SPACE MAN becomes highest-charting UK Eurovision entry in 26 years after passionate campaign». www.officialcharts.com (på engelsk). Henta 23. mai 2022.
- ↑ «Sam Ryder: TikTok star to sing Space Man for UK at Eurovision 2022». BBC News (på engelsk). 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022.
- ↑ «To the moon! Sam Ryder confirmed as the UK's representative for Eurovision 2022 with "SPACE MAN"». wiwibloggs (på engelsk). 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022.
- ↑ «Sam Ryder - United Kingdom - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 10. mars 2022.
- ↑ «Grand Final of Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 26. februar 2022.
- ↑ «‘Cool is the enemy!’ Eurovision hero Sam Ryder on how he ditched his ego and found his joy». the Guardian (på engelsk). 19. mai 2022. Henta 19. mai 2022.
- ↑ «'It was all about the music'». BBC News (på engelsk). Henta 19. mai 2022.
- ↑ Fitzpatrick, Katie (15. mai 2022). «Graham Norton shares backstage celebrations meeting Sam Ryder after Eurovision». Manchester Evening News (på engelsk). Henta 19. mai 2022.
- ↑ «‘A thrill to watch’: how Sam Ryder turned UK’s Eurovision fortunes around». the Guardian (på engelsk). 15. mai 2022. Henta 23. mai 2022.
- ↑ Fitzpatrick, Katie (14. mai 2022). «UK 'so proud' of Sam Ryder as he earns best Eurovision result in 20 years». Manchester Evening News (på engelsk). Henta 23. mai 2022.
- ↑ «Sam Ryder restored UK pride to the song contest after a public vote finished second only to Ukraine | PiPa News» (på engelsk). Henta 23. mai 2022.
- ↑ 161385360554578 (16. mai 2022). «National hero Sam Ryder praises 'glorious Ukraine' for Eurovision success». The Sun (på engelsk). Henta 23. mai 2022.
- ↑ Catherine Gonsholt Ighanian (19. mai 2022). «Sam Ryder skal synge for dronningen». www.vg.no (på norsk bokmål). VG Nett. Henta 23. mai 2022.
- ↑ Miller, Adam (19. mai 2022). «Sam Ryder performing at Queen's Platinum Jubilee after making Eurovision history». Metro (på engelsk). Henta 23. mai 2022.
- ↑ «The ARIA Report: Week Commencing 23 May 2022». The ARIA Report (Australian Recording Industry Association) (1681): side 9. 23. mai 2022.
- ↑ «Sam Ryder – Space Man – ultratop.be». www.ultratop.be. Henta 22. mai 2022.
- ↑ «Official IFPI Charts Digital Singles Chart (International) Week: 20/2022». www.ifpi.gr. IFPI Greece. Arkivert frå originalen 20. mai 2022. Henta 22. mai 2022.
- ↑ «IRMA – Irish Recorded Music Association». www.irma.ie. Henta 23. mai 2022.
- ↑ «TÓNLISTINN – LÖG vika 20–2022» (på islandsk). Tónlistinn Plötutíðindi. Arkivert frå originalen 21. mai 2022. Henta 22. mai 2022.
- ↑ «2022 20-os savaitės klausomiausi (TOP 100)». Agata (på litauisk). Henta 22. mai 2022.
- ↑ Top 40, Stichting Nederlandse. «Sam Ryder - Space Man | Top 40». Top40.nl (på nederlandsk). Henta 10. juni 2022.
- ↑ Hung, Steffen. «Sam Ryder - Space Man». hitparade.ch. Henta 23. mai 2022.
- ↑ «SK - RADIO - TOP 100 SAM RYDER SPACE MAN WARNER MUSIC». hitparada.ifpicr.cz. ČNS IFPI. Henta 20. august 2022.
- ↑ «Space Man | full Official Chart History». www.officialcharts.com (på engelsk). Official Charts Company. Henta 23. mai 2022.
- ↑ «Official Singles Downloads Chart Top 100 | Official Charts Company». www.officialcharts.com (på engelsk). 20. mai 2022. Henta 23. mai 2022.
- ↑ «Sam Ryder - Space Man». Henta 23. mai 2022.
- ↑ «Veckolista Singlar, vecka 20». Sverigetopplistan (på svensk). Henta 22. mai 2022.
- ↑ «SPACE MAN». www.top-charts.com (på engelsk). Henta 20. august 2022.
- ↑ «Offizielle Download Charts Single - Musik Charts». MTV Germany (på tysk). Arkivert frå originalen 24. mai 2022. Henta 10. juni 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Space Man» frå Wikipedia på bokmål, den 6. desember 2022.