Palau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Palau (fleirtyding).
[endre]
Beluu er a Belau

(norsk: Palau, palauisk)

Det palauiske flagget Det palauiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Belau loba klisiich er a kelulul»
Motto Rainbow's end
('Ved enden av regnbogen')
Geografisk plassering av Palau
Offisielle språk Engelsk og palauisk (japansk i Angaur)
Hovudstad Melekeok
Styresett
Republikk
Surangel Whipps Jr.
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
459 km² (182.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
21 431 (195.)
46,7 /km² (134.)
Sjølvstende
Frå USA
1. oktober 1994
Nasjonaldag 9. juli
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
263 mill. USD (191.)
15 100 USD (85.)
Valuta Amerikansk dollar
Tidssone UTC +9
Telefonkode +680
Toppnivådomene .pw


Palau (òg skrive Belau), offisielt Republikken Palau, er ein øynasjon i Stillehavet, rundt 500 km aust for Filippinane. Han fekk sjølvstende frå USA i 1994, og er med det ein av verdas yngste og minst folkesette nasjonar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Palau vart fyrst busett for rundt 4000 år sidan, truleg av sjøfarande frå det som i dag er Indonesia. Britiske handelsmenn byrja å kome til øya på 1700-talet, fylgd av utvidande spansk påverknad på 1800-talet. Etter å ha vorte overvunne i den spansk-amerikanske krigen, selde Spania Palau og resten av Karolinane til Tyskland i 1899. Kontrollen gjekk til Japan i 1914, og så til USA under oppsyn av SN i 1947, som del av mandatoriet av Stillehavsøyane.

Fire av mandatdistrikta forma ein mikronesisk stat i 1979, men Palau og Marshalløyane nekta å delta. Palau, dei vestlegaste av Caroline-øyane, gjekk heller inn for sjølvstende i 1978. I 1981 fekk dei ei grunnlov, og vart til Republikken Palau, og i 1982 signerte dei ei avtale med USA som gjorde at dei vart ein sjølvstendig nasjon frå 1. oktober 1994.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Palau er ein demokratisk republikk med direkte valde utøvande og lovgjevande greiner. Presidentval er det kvart fjerde år, og president og visepresident vert valde uavhengig av kvarandre. Nasjonalkongressen i Palau har to kammer – Senatet og Delegathuset. Senatet har 13 medlemer, valde på nasjonalt nivå. Delegathuset har 16 medlemer, ein frå kvar av Palau sine statar.[1] Kvar stat vel òg sin eigen guvernør og ei lovgjevande forsamling.

Det juridiske systemet består av Supreme Court, National Court, Court of Common Pleas og Land Court. Supreme Court har rettssaker og appellative divisjonar, og vert overvaka av Chief Justice.

Det har vore roleg i fleire år no, men på 1980-talet var det mykje politisk vald i Palau. Republikken sin fyrste president, Haruo I. Remeliik, vart myrda i 1985, og statsministeren vart funnen skuldig i drapet. Landet sin tredje president, Lazurus Salii, tok livet av seg i 1988 på grunn av mutingstiltaler. Den personlege assistenten til Salii hadde då vore fengsla i fleire månader allereie, etter å ha vorte dømd for å avfyre skot i heimen til leiaren av Delegathuset.

Presidenten er i tillegg til å vere regjeringssjef, òg statsoverhovud. Det finst ingen politiske parti i Palau.

Delstatar[endre | endre wikiteksten]

Palau er inndelt i seksten administrative område, kalla delstatar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Palau

Dei viktigaste øyane i Palau er Angaur, Babeldaob, Koror og Peleliu, som ligg nær kvarandre ved det same revet. Rundt to tredelar av folkesetnaden lever på Koror. Nord for desse øyane ligg korallatollet Kayangel, medan dei ubebudde Steinøyane ligg vest for hovudgruppa av øyar. Ei avsidesliggjande gruppe på seks øyar, kjende som Sørvestøyane, rundt 600 km frå hovudøyane, er òg ein del av landet.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Palau har eit tropisk klima året rundt, med ein gjennomsnittstemparatur på 27 °C. Det kan regne når som helst på året; den årlege gjennomsnittsnedbøren er på 3800 mm. Det er i gjennomsnitt 82 % luftfukt, og sjølv om det regnar mest mellom juli og oktober, er det likevel mykje solskin. Tyfonar er sjeldne, sidan Palau ligg utanfor tyfonsonen.

Palau opplever stadig konsekvensane av klimaendringane. I 2021 heldt president Surangel Whipps Jr. ein tale under SNs klimakonferanse, COP26, der han meinte at "det varme havet" invaderer landet. Det var under denne konferansen Palaus president kom med utsagnet om at det var betre å bomba Palau enn å lata landet lida ein sakte død.[2]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Økonomien til landet består for det meste av turisme, etterfylgd av jordbruk og fiske. Regjeringa er den største arbeidsgjevaren, men landet avheng veldig av finansiell støtte frå USA.[1] I finansåret 2000/2001 kom det 50 000 turistar og forretningsfolk til landet. Folkesetnaden har ei nettoinntekt som er dobbelt så høg som Filippinane og det meste av Mikronesia. Dei langsiktige utsiktene for turistsektoren har vorte betra av aukande luftfart i Stillehavet, den aukande rikdomen til austasiatiske land og viljen utlendingar har til å finansiere infrastrukturutviklinga.

I juli 2004 vart Paulu Micronesia Air lansert, med ruter frå Palau til Yap, Guam, Mikronesia, Saipan, Australia og Filippinane.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Det bur om lag 21 641 menneske på Palau. Den største etniske folkegruppa er innfødde palauanarar (73 %), av melanesisk etnisitet. Mikronesarar, polynesarar, indo-europearar, asiatar (for det meste frå Filippinane) og europearar utgjer minoritetsgruppene. Omtrent 80 % av folkesetnaden er kristne, både protestantisk- og katolsk kristne, men modekngei (ein kombinasjon av kristendom, tradisjonell palauisk religion og eventyr) og palauisk urreligion er òg veldig vanleg.[1]

Dei offisielle språka er engelsk og palauisk, utanom tre statar (Sonsorol, Hatohobei og Angaur), der det lokale språket er offisielt i staden for palauisk. I Angaur er òg japansk offisielt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Palau». The World Factbook (på engelsk) (Central Intelligence Agency). 24. juni 2022. 
  2. «'You Might as Well Bomb Our Islands': Palau President Admonishes Big Emitters at COP26», Common Dreams (på engelsk), henta 6. juli 2022