Svenske maktområde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det svenske imperiet etter Roskilde-traktaten av 1658.

Svenske maktområde (svensk Svenska besittningar) var område som den svenske krona historisk fekk kontroll over, men som aldri vart ein fullt integrert del av Sverige. Dette tydde generelt at dei vart styrt av generalguvernørar under den svenske kongen, men dei fekk halde på visse eigne politiske system, som riksdagen deira. Finland var ikkje eit maktområde, men ein integrert del av Sverige. Maktområda vart ikkje representerte i den svenske Riksdagen, som det vart sagt i regjeringsforma frå 1635, artikkel 46: «Ingen, som ikkje lever innanfor dei gamle grensene til Sverige og Finland, har noko å seie ved Riksdagen eller andre møte...»

Baltiske maktområde[endre | endre wikiteksten]

Mellom 1561 og 1629 erobra Sverige fleire område Aust i Baltikum. Alle vart tapt etter freden i Nystad i 1721, som enda den store nordiske krigen.

Estland[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Svensk Estland.

Estland sette seg sjølv under svensk styre i 1561 for at dei skulle verne dei mot Russland og Polen sidan Den liviske ordenen mista fotfeste i Baltikum. Områda er i dag dei nordlege områda av Estland.

Kexholm[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå grevskapet Kexholm.

Kexholm var ein tynt folkesett del av Karelen på vest- og nordbreidda av Ladogasjøen, som vart annektert av Sverige i 1605. På denne tida var dei fleste innbyggjarane finsktalande ortodokse kristne. I løpet av 1600-talet forfølgde lutheranarane dei ortodokse og lutheranske finnar frå naboprovinsen Savolax konverterte det meste av området til lutheransk tru. Svensk rett og struktur for lokal administrasjon vart nytta i området, som tidlegare truleg ikkje hadde eigne skriftlege lover. I dag er det tidlegare grevskapet delt mellom dei finske regionane Nord-Karelen og Sør-Karelen og den russiske republikken Karelia.

Ingermanland[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Ingermanland.

Russland avstod Ingermanland og det sørlege Karelen til Sverige med Stolbova-traktaten i 1617, etter Ingermanlandskrigen. Eit hundreår seinare erobra Russland området på ny, og dette gav Peter den store høvet til å grunnleggje den nye hovudstaden sin, St. Petersburg i 1703. Området vart formelt avstått til russarane i 1721 med freden i Nystad.

Riga[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Riga.

Hansabyen Riga kom under svensk kontroll seint i 1620-åra. I løpet av hundreåret han var på svenske hender, var han den nest største byen i Sverige etter Stockholm.

Livland[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Svensk Livland.

Livland vart erobra frå Det polsk-litauiske samveldet i 1629 i den polsk-svenske krigen. Med Oliva-traktaten mellom Samveldet og Sverige i 1660 etter Karl Gustav-krigane sa den polsk-litauiske kongen frå seg alle krav til den svenske trona og Livland vart formelt avstått til Sverige. Svensk Livland utgjorde den sørlege delen av Estland og den nordlege delen av Latvia (regionen Vidzeme).

Ösel[endre | endre wikiteksten]

Med Brömsebro-traktaten (1645) etter Hannibalsfeiden, avstod Danmark-Noreg Jämtland, Härjedalen, Idre & Särna, Gotland, Halland og Ösel til Sverige. Ösel og Dagö, øyar utanfor kysten av Estland, vart avstått til Russland i 1721 med freden i Nystad. Dei andre områda vart verande ein del av Sverige.

Skandinaviske maktområde[endre | endre wikiteksten]

Med fredsavtalane i Brömsebro (1645) og Roskilde (1658) vart Det svenske imperiet utvida sørover. Blekinge, Bohuslän, Halland og Skåne, vart avstått av Danmark i den første avtalen og så forsvart i Gyldenløvefeiden (1674-1679). I følgje fredsavtalane skulle provinsane få halde dei gamle lovene og privilegia sine og vart i starten administrert som eit maktområde. Områda vart gradvis innlemma som ein del av Sverige fram til 1721.

Kontinentale maktområde[endre | endre wikiteksten]

Gjennom dei mindre tyske fyrstedøma tok dei svenske kongane i roller som fyrstar og hertugar, eller Reichsfürsten, i Det tysk-romerske riket del i den tyske Reichstag frå 1648 og fram til riket vart oppløyst i 1806.

Bremen og Verden[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Bremen-Verden.

I 1648 fekk Sverige dei to bispedøma Bremen-Verden med freden i Westfalen, etter trettiårskrigen. Byen Wildeshausen, som låg som ein eksklave, vart òg gjeven til svenskane. Alle vart avstått til Hannover med fredsavtalen i 1719.

Pommern[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Svensk Pommern.

Med freden i Westfalen i 1648 fekk Sverige Svensk Pommern, som låg langs den tyske kysten av Austersjøen. Heile hertugdømet Pommern var under svensk kontroll alt sidan Stettin-traktaten i 1630 og med Stettin-traktaten i 1653 vart Sverige og Brandenburg samde om dei endelege vilkåra i delinga av hertugdømet, der Sverige fekk den vestlege delen (Vest-Pommern, Vorpommern) inkludert Stettin. I 1720 vart dei sørlege delane av Svensk Pommern med byen Stettin og øyane Usedom og Wollin avstått til Kongedømet Preussen, etter den store nordiske krigen. Hovudstaden vart flytta til Greifswald. I 1814 vart resten, med byen Stralsund og øya Rügen avstått til Danmark, som i byte avstod Noreg til Sverige under Kiel-traktaten, som følgde den andre napoleonskrigen. Kiel-traktaten tredde derimot aldri i kraft, og i staden gjekk Vest-Pommern til Kongedømet Preussen, som alt hadde dei austlege områda og slo dei i saman til provinsen Pommern. Noreg erklærte sjølvstende, men vart etter ein kort krig tvungen inn i ein personalunion med Sverige.

Wismar[endre | endre wikiteksten]

Sverige fekk den tyske byen Wismar og den omliggande landsbygda med freden i Westfalen i 1648. I 1803 vart Wismar pantsett, i byte for eit lån og kontrollen vart gjeven til Mecklenburg. I 1903 var ikkje lånet tilbakebetalt, men Sverige opphevde retten til å ta tilbake kontrollen over den tyske eksklaven og fekk dermed slik dei noverande grensene sine.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]