Symfoni nr. 37 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den såkalla Symfoni nr. 37 i G-dur, K. 444/425a, er ein introduksjon av Wolfgang Amadeus Mozart til ein symfoni i G av Michael Haydn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein trudde lenge at heile den komplette symfonien var skriven av Mozart, men ein veit i dag at han i hovudsak vart skriven av by Michael Haydn, som han Symfoni nr. 25 i G-dur, Perger 16, Sherman 25, MH 334. Dette vart først oppdaga av Lothar Perger i 1907. Moderne musikkforskarar finn det vanskeleg å forstå korleis redaktørane i Breitkopf-utgåva av Mozart kunne rekne dei tre satsane i G-dur-symfonien som ein etterfølgjer til 'Linz'-symfonien. Han har ein langt enklare stil og høyrest eldre ut enn det han elles produserte på denne tida, om Mozart hadde skrive den.[1]

Introduksjonen vart truleg komponert seint i 1783 for å framførast på same konsert i Linz som Symfoni nr. 36 av Mozart hadde premiere.[2]

Mozart kopierte truleg ut heile partituret for å lære frå det, men han skreiv ein ny Adagio maestoso-introduksjon. Mozart gjorde òg andre små endringar til verket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Saint-Foix, Georges de. The Symphonies of Mozart, transl. Leslie Orrey. London: Dennis Dobson Ltd. (1949): 94
  2. Leopold, Silke (ed.): Mozart-Handbuch. Kassel: Bärenreiter 2005, ISBN 3-7618-2021-6, s. 307

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]